Vegane ligg klare med svart asfalt. Under bakken ligg det røyr til vatn og avløp, infrastruktur som er ført over til kommunen.
Kvartalsleikeplassen der to vaksne menn – Geir Inge Fuglestad og Asle Ingebrethsen – poserer for kameraet, er også overlevert.
Fuglestad seier det er ein milepæl for bustadfeltet Lyetoppen, som Rogalandshus og SI Bygg har vore saman om frå starten.
Innanfor kantsteinane skal dei bygga førti nye leilegheiter, rekkjehus og einebustader, omtrent så høgt på Lye det går an å koma.
– Nå er infrastrukturen ferdig og delfelta ligg klare for å byggast på, seier Fuglestad.
Konkurrentane samarbeider
Området var ferdig regulert i 2014, då verdsøkonomien vart råka av oljekrisa. Oljefylket Rogaland brukte tid på å henta seg inn.
Etter ein trong start har salet gått jamt og trutt hjå begge dei lokale bustadbyggarane, som har kontor på Bryne og Varhaug.
– Feltet har krope oppover. Me sel ikkje éin til dagen, men når me gjer opp årsslutt, ser me at det har vore eit jamt sal heile vegen.
Bustadfeltet med over hundre bustader til saman, er i ein storleik som gjer at dei ofte må vera fleire enn to på utbyggarsida.
SI Bygg og Rogalandshus er nøgde med at det var dei som fann saman.
Bedriftene er jamstore og har delt på kostnadene til regulering og opparbeiding – til og med teikningar på somme av hustypane.
– Me er to konkurrentar som har eit veldig godt samspel. Det trur eg heilt avgjerande å få det til, seier Fuglestad.
Droppa leilegheitsblokk
Før siste etappe var utbyggarane samde om det var nødvendig om å ta ein ekstra runde for å få endra reguleringsplanen.
Dei kan ikkje få fullrost utsikta og nærleiken til friområda nok, men éin plass går grensa: Det er ikkje hit folk flyttar for å bu i blokk.
– Me vart alle samde om at det var ein dårleg idé. Nå får me ein mykje betre miks.
Positiv trend
Resultatet av reguleringsendringa legg opp til like mange bustader som tidlegare, men nå kjem alle i segmentet tett og lågt.
Utbyggarane meiner bustadtypane er betre tilpassa etterspurnaden, også fordi dei er rimelegare å bygga enn leilegheitsblokk.
Dei første fleirmannsbustadene og rekkjehusa på del to er ute for sal. Erfaringa frå første del er at alle bustadtypane blir selde ut.
– Det positive med det siste me bygde her, er at me berre sette i gang med bygginga uansett. Ingen bustader er blitt ståande uselde, og det er ein trend som har betra seg, seier Ingebrethsen.
Kjøparane er gjerne folk som voks opp på Lye og ønsker seg tilbake, men også andre jærbuar, og folk utan tilknyting til Jæren
.