Foodtech har levert doseringsmaskin til Coop Mega på Kleppe.
Foodtech har levert doseringsmaskin til Coop Mega på Kleppe. Foto: Snorre Standish Norheim

– Kundane er forvitne og stoppar opp, og lurer på kva dette er for noko. Gjerne litt på avstand, seier Annette Horpestad.

Ho har fått hjelp frå ein kollega til å hella 20 liter røre ned i ei stor trakt. Ho har skrudd på maskinen i rustfritt stål, spraya formfeitt og doserer nå tretten–fjorten lappar på to takker.

Klokka viser at det nærmar seg lunsjtid. Tidspunktet er eit taktisk val, forklarer butikksjef Espen Østigård lurt, som berre har gode erfaringar sidan lappesteikinga starta i vinter.

– Salet går berre oppover. Me sel meir for kvar veke.

– Kundane synest det er nokre merkelege greier.
– Kundane synest det er nokre merkelege greier.

Doseringsmaskin

Maskinen ser ut til å vera bygd på verkstaden til Reodor Felgen, med stor trakt, ein svakt støyande kompressor eller motor, og ein slange med pistol til å skyta ut like dosar røre.

Passande nok er det leverandøren Foodtech, som leverer alt av utstyr til bakeriavdelinga, som har hjelpt butikksjefen med å finna fram til maskinen som får kundane til å stoppa opp.

Østigård sikra seg ein demoversjon av produktet, som skal ha ein nypris på heile 130.000 kroner.

Han forklarer at doseringsmaskinen først og fremst er ei investering i helsa til dei tilsette.

Korrekt ergonomi skal redusera belastninga for dei tilsette, og slik redusera sjukefråværet. Bordet takkene står på, er spesielt tilpassa i høgda.

Maskinen reduserer belastninga på jobb. Annette Horpestad forklarer at han dessutan sparer henne for tid og gjer at alle lappane blir like store.
Maskinen reduserer belastninga på jobb. Annette Horpestad forklarer at han dessutan sparer henne for tid og gjer at alle lappane blir like store. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Sel ut kvar dag

I løpet av ein vanleg dag steiker dei tilsette på bakeriavdelinga minst to hundre lappar. Fredag og laurdag blir røra dobla. Det summerer til mellom 1500 og 2000 lappar i veka.

Etter å ha blitt steikte to minutt på kvar side, blir dei lagde i posar med éin eller fem stykk i.

– Me sel ut stort sett kvar dag, fortel Horpestad og Østigård.

Supermarknaden på Kleppe er ikkje først ut i distriktet med å steika lappar i butikken, men har løfta lappesteikinga til eit nytt nivå.

– Me går all in, og gjer det skikkeleg. Me er nok dei einaste som har denne maskinen. Eg veit ikkje om andre som har han, seier Østigård.

Tar ikkje med lappar til Nærbø

Egil Sundsbø tok inspirasjon frå Coop Mega på Brueland, som skal vera «gigantiske» på lappesteiking, då han i 2020 vart butikksjef på den nystarta supermarknaden på Bryne.

Også Coop Mega på Madla steiker lappar i butikken.

Sundsbø fortel om aukande etterspurnad i dei fem åra Coop Mega heldt til i Morenefaret. Kvar fredag og laurdag, utanom i fellesferien, vart det steikt lappar ved ferskvaredisken.

– Det vart berre meir og meir populært. Det er noko eige med å steika lappar i butikken. Du får ei vanvitig god lukt, som skaper ein god atmosfære, fortel Sundsbø.

Espen Østigård trivest på jobb. Han forklarer med eit glis at han fekk stillinga som butikksjef etter at Kjetil Maudal tok eitt steg ned etter kommunevalet i fjor haust, då Frp-politikaren vart ordførar i Klepp.
Espen Østigård trivest på jobb. Han forklarer med eit glis at han fekk stillinga som butikksjef etter at Kjetil Maudal tok eitt steg ned etter kommunevalet i fjor haust, då Frp-politikaren vart ordførar i Klepp. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

I desse dagar blir butikken omprofilert til lågpriskonseptet Coop Extra, og har fått ny butikksjef.

Sundsbø er gått vidare ein Coop Mega med større areal og omsetting, og blitt butikksjef på Nærbø. Han har førebels ikkje planar om å steika lappar i Hå.

Ikkje berre helgemat

– Me skal levera det litle ekstra. Det er rett og slett det dette handlar om. Når du kjem til Mega, skal du finna noko du ikkje får andre stader, seier Østigård på Kleppe.

Med aukande sal, ser han at lappepotensialet er større enn det som vart tatt ut på Bryne. I butikken på Jærhagen blir det steikt lappar seks dagar i veka, i staden for to.

Men det høyrer med til historia at besøket er større på Nærbø enn på Bryne. Og butikken på Kleppe er dobbelt så stor som Nærbø igjen, med ei omsetting på cirka 200 millionar kroner.

Østigård trur doseringsmaskinen vil bidra til ytterlegare vekst.

– Me går all in og steiker alle dagane. Fordi me ser at folk unner seg inn ein lapp i kvardagen.