Utbyggar Kjell Vidar Nygård fortel at delar av løa som tidlegare stod på tomta, skal gjenbrukast i den nye.
Utbyggar Kjell Vidar Nygård fortel at delar av løa som tidlegare stod på tomta, skal gjenbrukast i den nye. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Eit titals byggegjerde rammar inn arealet. «Orstad landsby» er i ferd med å byggast ut.

Dei første bustadane av totalt 150 kan flyttast inn i til sommaren allereie. Andre delar av området har nettopp blitt skrella for tre, og ventar framleis på meir inngripande tiltak.

Utbygginga er i gang.
Utbygginga er i gang. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

På eit foreløpig ganske tomt areal, står ei stor løebru heilt for seg sjølv – og viser veg inn i lause lufta.

– Då me kjøpte eigedommen, låg det ei gammal løe her. Taket var veldig dårleg og mykje hadde rast saman. No skal me opp med ei ny løe, der me beheld den gamle løebrua som den var, seier Kjell Vidar Nygård.

Han er styremedlem i OL Utbygging AS, som driv med utvikling av tomteområdet.

Måndag startar arbeidet med å jamne ut tomta som løa skal stå på.

Bevare historikken

Ifølgje Nygård låg det som ein føresetnad i reguleringsplanen at kjøpar skulle prøve å ta vare på løa.

Etter ei tilstandsvurdering blei bygget likevel rive, med unntak av den gamle brua. No har utbyggaren fått igangsettingstillating frå Klepp kommune til å bygge løa opp igjen.

– Me prøver å vareta mykje av preget til den opphavelege løa. Me har også tatt vare på nokon vindauge og sånn, som me tenker å bruke om igjen for å bevare historikken, seier han.

Delar av den tidlegare løa, og skisser av den nye.
Delar av den tidlegare løa, og skisser av den nye. Foto: Foto: Halvorsen & Reine AS

Men kva funksjon har ei løe, midt i eit bustadfelt?

Løysinga for utbyggaren blir å lage til eit felleshus.

– I første etasje, der dyra var før, blir det buer for nokon av bustadene. I andre etasje kjem det ein sal på 180 kvadrat, som vil framstå som ei gammal løe, seier Nygård.

– Eg veit ikkje kva dei vil bruke den til

I hovudetasjen blir det taksperrer i tre. Rommet blir laga i tradisjonell stil og i store dimensjonar.

Element frå den tidlegare løa vil også bli brukt dekorativt innvendig.

– Andre etasje blir til disposisjon for dei som bur der, og som dei kan innreie sånn som dei ønskjer. Eg veit ikkje kva dei vil bruke den til, men det blir moglegheiter for litt av kvart, seier Nygård.

Det skal også lagast eit overbygd uteområde på nedsida, som ein samlingsstad. I rommet innanfor plassen blir det fellesutstyr, og ein grill som kan brukast under taket ute.