35-åringen Christer Espevik er utdanna grunnskulelærar og tek for tida vidareutdanning innan leiing – samstundes som han er hovudtillitsvald for Utdanningsforbundet i Time kommune.
Frå 1. juni skiftar han beite, og går over til arbeidsgjevarsida, som ny barne- og familiesjef i kommunen.
– Det blir ein spennande overgang, og ein overgang eg gler meg veldig til, seier Espevik til Jærbladet.
– Eg kjenner på motivasjonen til å ta meir ansvar, og til å bidra til gode tenester for barn og unge i Time, legg Espevik til.
Fram til eit ekstraordinært årsmøte i Utdanningsforbundet i slutten av mai, held han fram som hovudtillitsvald.
Som barne- og familiesjef får han det overordna ansvaret for barnevernet, ungdom og fritid, helsestasjontenestene, flyktningtenesta og PPT-tenesta i Time.
Lang erfaring frå kommunen
Christer Espevik starta i Time kommune allereie i 2009, som sivilarbeidar og lærarvikar ved Frøyland skule.
Etter at han var ferdig med lærarutdanninga i 2014, begynte han som lærar ved Bryne ungdomsskule.
Så gjekk han tilbake til Frøyland ungdomsskule i eitt år, før han i 2022 blei fagforeiningsmann på heiltid, som hovudtillitsvald i Utdanningsforbundet i Time.
– Gjennom arbeidet som hovudtillitsvald har eg fått god innsikt i korleis val og prioriteringar i kommunen påverkar kvardagen til barn og unge, og det har gjort meg motivert for å ta eit større ansvar. Eg brenn for å få til gode, samordna tenester rundt barn og familiar, og ønsker å bidra til å realisera visjonen om at alle barn og unge i Time kommune har lyst på livet, og evne til å meistra det, seier Espevik.
Han fortel at han er veldig glad i Time kommune og kulturen der, og opplever at han no skal bli leiar for eit sterkt fagmiljø med ei tydeleg retning.
– Eg ser òg fram til å samarbeida tett med dyktige og kompetente verksemdleiarar i barne- og familieområdet, og bidra til å utvikla tenestene vidare saman med dei, seier Espevik.
– Timebu i hjarta
Christer Espevik er oppvaksen på Kvernaland, og han har eit tydeleg engasjement for heimbygda si.
– Eg er timebu i hjarta, og er sterkt knytt til Kvernaland. Men eg har teke det sure steget over kommunegrensa til Klepp, så no bur eg på Orstad, seier han med eit smil.
På fritida er familielivet ein viktig prioritet. 35-åringen er gift og har ein son på snart fem år.
Christer Espevik set også pris på å trena, og så driv han ein del med musikk.
Han er vokalist i det lokale bandet Vrakfeber – og har dermed mellom anna stått på scenen under både Ranglerock og Jærnåttå. I tillegg bidreg han som bassist i soloprosjektet til bandkollega Per Haarr.
Nøgd kommunalsjef
Barne- og familiesjefen rapporterer til kommunalsjefen for oppvekst, Pamela Sudmann, og inngår i kommunalsjefen si leiargruppe saman med barnehagesjefen og skulesjefen.
Stillinga som barne- og familiesjef blei lyst ut då Siri S. Endresen tidlegare i år slutta for å bli ny skulesjef i Klepp.
Det melde seg åtte søkjarar, og kommunalsjefen er godt nøgd med tilsettinga.
– Christer Espevik har hatt fleire ulike roller i Time kommune, og har dei seinare åra arbeidd tett opp mot både administrativ og politisk leiing. Han har god kjennskap til kommunen, organisasjonen og samhandlinga på tvers av nivå, seier Sudmann i ei melding som er publisert på Time kommune si nettside.