Det er ti år sidan den dåverande hamnesjefen i Sirevåg, Jarle Bø, fortalde Jærbladet om draumen om småbåthamn med tilhøyrande servicebygg inst i Vågen.

Småbåthamna opna for tre år sidan, men framleis manglar eit skikkeleg tilbod for tilreisande, anten dei er båtgjester eller bubilturistar, som ønsker seg dusj og do, og kanskje høve til ein klesvask.

Det er venta at eit slikt servicebygg kan føra til meir turisme og aktivitet i bygda.

Fem millionar kroner

Politikarane har for lengst sett av pengar til prosjektet. Undervegs har planane endra seg fleire gonger, både med omsyn til utforming og plassering.

Den nåverande budsjettramma for prosjektet er fem millionar kroner.

I september fekk formannskapet sjå nye skisser av korleis eit servicebygg på baksida av dei sørlegaste sjøhusa i Vågen, rett ved bubilparkeringa, kan sjå ut.

Skissene, utarbeida av Asplan Viak på oppdrag frå kommunen, viser eit 38 kvadratmeter stort raudmåla bygg, inspirert av vestnorsk sjøhustradisjon. I bygget var det teikna inn toalett, handikapptoalett, dusj, teknisk rom og ei opphaldssone med vaskemaskin, utslagsvask og store vindaugsflater med ein benk under.

Slik ser konsulentane føre seg interiøret i servicebygget. Merk at utsikten som er teikna inn ikkje er representativ for nokon av plasseringsalternativa.
Slik ser konsulentane føre seg interiøret i servicebygget. Merk at utsikten som er teikna inn ikkje er representativ for nokon av plasseringsalternativa. Foto: Foto: Illustrasjon: Hå kommune/Asplan Viak

Golvet skal vera i polert betong, medan veggane skal kles med trepanel. I våtromma er det planar om vinylgolv og våtromsplater på veggane.

Bygget er teikna på ein måte som opna for at i periodar med mindre aktivitet, går det an å berre halda det eine toalettet ope og stenga dei andre funksjonane.

Materialvalet er styrt ut frå eit ønske om at bygget skal vera slitesterkt og lett å halda ved like.

Mellom servicebygget og bubilparkeringa er det teikna inn eit lite parkområde.

Det er ei løysing som tar vare på funksjonelle behov og tilpassar seg det maritime miljøet i hamna skal ein tru sakspapira frå kommunedirektøren, som bad politikarane om lov til å henta inn tilbod på grunnarbeid og bygging.

Tilbake til teiknebrettet

Det fekk kommunedirektøren ikkje. I staden kom formannskapet med ein samrøystes beskjed om å gå tilbake til teiknebrettet éin gong til.

Bakgrunnen var eit skeptisk innlegg frå Svein Høyland (Sp). Han viste til at plasseringa bak sjøhusa betyr at berget som ligg der i dag må sprengast vekk.

– Det ser grassat risikabelt ut, sa Høyland som frykta kostnadssprekk som følge av skadar på nærliggande eigedommar.

Høyland lurte òg på kvifor ikkje ei plassering heilt inst i Vågen, der kommunen i dag har eit mellombels servicebygg i ei brakke ved sida av dykkarklubben sine lokal, hadde blitt tatt med i saka.

– Og så lurer eg på om administrasjonen har snakka med Sirevåg Vel, som har grillhytte der og barnehagen, som brukar området til mykje aktivitet på dagtid. For dei vil det vera veldig greitt å vera nære toalettfasilitetar og slikt, sa Høyland.

Han bad om at saka måtte bli utsett og send på høyring til Sirevåg Vel og Måken barnehage før dei skulle treffa eit endeleg vedtak.

I tillegg ville Høyland at saka òg skulle komma med ei vurdering av fordelar og ulemper ved å plassera servicebygget der det mellombelse servicebygget står i dag.

Marianne H. Osmundsen (Frp) er opptatt av tilkomsten mellom Indre Vågen og bubilparkeringa må vera enkel.
Marianne H. Osmundsen (Frp) er opptatt av tilkomsten mellom Indre Vågen og bubilparkeringa må vera enkel. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Fryktar ikkje forseinking

Kommunalsjef Jan Gunnar Mattingsdal opplyste at når administrasjonen ikkje hadde vurdert dagens plassering, var det fordi formannskapet i vår vedtok at servicebygget skulle plasserast nær bubilparkeringa.

Det svarte Høyland at han var klar over.

– Men så er det det med at eit vedtak berre gjeld fram til eit nytt vedtak er treft, sa han.

Senterparti-politikaren gjentok at han var redd for at skadar frå sprengingsarbeid kan gjera prosjektet mykje dyrare enn planlagt.

– Eg kunne tenka meg å ta ein ekstra runde. Eg trur ikkje det forseinkar så mykje, sa Høyland.

Både Framstegspartiet og Høgre tok ordet for å støtta framlegget hans.

Marianne H. Osmundsen (Frp) sa at om servicebygget skal ligga inst i Vågen, bør det vera tydeleg korleis folk skal komma seg dit frå bubilparkeringa. I dag er framkomsten krøkkete, fordi ein må forbi dei inste sjøhusa, men området framfor sjøhusa er privat, og området på baksida

– Saka bør visa kor ein kan gå frå bubilparkeringa og bort til servicebygget, sa Osmundsen.

Gunn Dalen Håland (H) minna om at bubilparkeringa ikkje er permanent.

– Med den utviklinga som er i hamna nå, ser me at det kan skje noko der bubilparkeringa ligg i dag. Me må ikkje låsa oss til noko som i neste omgang ikkje er føremålstenleg, sa ho.

Dermed vedtok formannskapet å senda saka tilbake til administrasjonen for ein ny runde.

– Så kan det vera at me kjem i mål med servicebygg i Sirevåg ein vakker dag, oppsummerte ordførar Andreas Bjorland (KrF).