Ho parkerte bilen på parkeringsplassen utanfor Orstad naturbarnehage, før ho og Sarah gjekk i huskyrkja.
Etter ei kjekk samling som varte i cirka tre timar, var systrene klare for å køyra heimover.
Klokka nærma seg halv elleve, men bilen – ein raud Renault Zoë – var ikkje der dei forlét han.
Har meldt han stolen
Bilen vart meldt stolen ved 22:45-tida tysdag kveld, stadfestar politioverbetjent Morten Slettevoll ved Jæren politistasjon.
Onsdag seier Leah at ho har meldt forholdet, og fått oppretta sak.
Systrene har ingen leietrådar i jakta på kven som har tatt bilen.
– Me veit eigentleg ingenting.
Besteforeldra har vore greie og har lånt dei bilen sin. Sidan den har manuell girkasse, er det berre Sarah som kan køyra han.
Eldstesøstera er heime på besøk frå medisinstudiet i Trondheim. Leah derimot, held seg i distriktet, og studerer i Stavanger.
Sjå etter skraper
Det er berre ein dryg månad sidan faren hennar kjøpte bilen, men Leah har allereie rukke å vera uheldig to gonger.
I tillegg til tysdagens forsvinningsnummer, fortel ho at ho vart påkøyrt bakfrå, mens ho køyrde i 80-sona på Rv. 444.
Resultatet er nokre synlege skraper som publikum kan vera merksame på, når dei speidar etter den forsvunne Renaulten.
Notat og bilde er vekke
Frå spegelen i frontruta hang ein kross, som Leah hadde hengt der. Oppunder taket hadde ho festa fleire stjerner.
Men det er ikkje berre bilen ho saknar.
Borte er også dei nye klatreskoa hennar, skulesakene, pensumet til årsstudiet i psykologi og den berbare pc-en.
På den har ho førelesingsnotat, førebuingar til arbeidskrav og gruppearbeid, og bilde frå sommarens språkkurs i Japan.
Ho har forsøkt å spora pc-en gjennom Microsoft-kontoen, men får berre beskjed om at batteriet er lada ut.
– Det var det ikkje då eg gjekk frå han, seier ho.
Hadde bønesirkel
Systrene var ikkje åleine om å bli forbausa. Etter å ha forsikra seg om at venene i huskyrkja ikkje tulla me dei, samla dei seg i ring.
– Fleire sa at me måtte stilla oss i ein sirkel, og be om at me skulle få bilen tilbake, hugsar Leah.
Ingen kunne forstå kvifor nokon ville stela bilen. Derfor bad dei også for den eller dei, som tok han.