Naboane Per Ståle Larsen og Ole Gabriel Fotland klaga på fortettingsforslaget frå Fredrik Stensland.
Naboane Per Ståle Larsen og Ole Gabriel Fotland klaga på fortettingsforslaget frå Fredrik Stensland. Foto: Snorre Standish Norheim

Torsdag, før møtet i utval for lokal utvikling, var det synfaring i Ola Barkveds veg, på ein kort vegstubb rett ved Bryne skule.

Til stades var to skeptiske naboar, representantar frå administrasjonen, det politiske utvalet og utbyggaren sjølv, Fredrik Stensland.

I og med at det var Stensland som hadde søkt om å få bygga tre rekkjehus, var det ikkje unaturleg at han møtte på synfaringa.

Men han gjorde ikkje det sist gong, då politikarane kikka på massefyllinga han har etablert på eigedommen sin, sør i kommunen.

«Det er ønskelig at klagerne og tiltakshaver kan stille til synfaringen, for å besvare evt. spørsmål», stod det i innkallinga i desember.

Berre naboane møtte opp – og fekk overtydd utvalet til å gjera om eit vedtak meint å bringa massefyllinga over i lovlege former.

Under torsdagens utvalsmøte var begge sakene på dagsordenen: Fortettinga ved skulen og massefyllinga på Steinslandsmyrane.

Meiner vedtak er ugyldig

Småbarnsfedrane åtvara mot meir trafikk på ein vegstubb med dårleg sikt, ut i ein veg som er mykje brukt til å henta og levera ungar.

Dei to frammøtte viste til eit ganske nytt fortettingsprosjekt i nabogata, i vest, som allereie skal ha gjeve dei dårlegare solforhold.

Fleire argument, for og imot, har dei og utbyggaren utveksla skriftleg, i samband med ein søknad om dispensasjon frå Stensland.

Kommunedirektøren har avslått søknaden og vist til at kommuneplanen krev at han utarbeider ein detaljplan, som er eit større arbeid.

Avslaget er heilt i tråd med tidlege signal frå byggesak, som Stensland i sum meiner gjer at kommunen har gjort eit ugyldig vedtak.

Fredrik Stensland leier an under synfaringa med utval for lokal utvikling. Administrasjonen, her ved Martin Tengesdal Torstenbø og Svein Harald Dyngen, har avslått søknaden, i tråd med fråsegner frå Statsforvaltaren og fylkeskommunen. Håpet er at politikarane vil gjera om vedtaket.
Fredrik Stensland leier an under synfaringa med utval for lokal utvikling. Administrasjonen, her ved Martin Tengesdal Torstenbø og Svein Harald Dyngen, har avslått søknaden, i tråd med fråsegner frå Statsforvaltaren og fylkeskommunen. Håpet er at politikarane vil gjera om vedtaket. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

I klagen skriv han:

«Vedtaket er beheftet med alvorlige saksbehandlingsfeil, uriktig rettsanvendelse, brudd på veilednings- og utredningsplikten, mangelfull begrunnelse, ulovlig forhåndsbinding, usaklig forskjellsbehandling, feil faktagrunnlag og manglende vurdering av innsendt dokumentasjon.»

Kommunedirektøren bruker rettleiingsplikta som grunngjeving på kvifor Stensland har fått signal om eit sannsynleg utfall.

Kommunedirektøren avviser at kommunen var nøydd til å gå grundig inn i sol, utnytting og terreng nå, sidan dette er forhold som nettopp er meint å avklarast gjennom ein reguleringsplan – med brei medverknad og heilskaplege vurderingar.

Kommunedirektøren meiner fortetting med tre nye familiebustader bør skje gjennom ein reguleringsplan. I saksframlegget skriv han at prosjektet truleg heller ikkje ville blitt godkjent etter ein planprosess.
Kommunedirektøren meiner fortetting med tre nye familiebustader bør skje gjennom ein reguleringsplan. I saksframlegget skriv han at prosjektet truleg heller ikkje ville blitt godkjent etter ein planprosess. Foto: Foto: Montasje / Sjo Fasting

Komplisert sak

Klagen ved barneskulen var den andre klagen frå Fredrik Stensland som var oppe i møtet.

Først ut var saka om massefyllinga, som kom i retur etter at utvalet i desember instruerte kommunedirektøren til å setta i gang ulovhegheitoppfølging.

Den gongen meinte fleire at saksframlegget var mangelfullt og vanskeleg å forstå. Sidan har både Stensland og naboen sendt inn fleire dokument som gjer det endå vanskelegare å få oversikt i saka.

Endre Vollsund (V) tenkte høgt. Han ikkje ta klagen frå Stensland til følge, men kanskje var det behov for å ta ein fot i bakken.

– Eg lurer på om dette er noko me skulle sendt tilbake, og fått ei full oversikt: Kva er det som har skjedd, kva er blitt gjort, og kva er det som må gjerast for at me får rydda skikkeleg opp i saka?

Kommunalsjefen for samfunn og kultur, Reid Ivar Bjorland Dahl, beklaga at administrasjonen hadde sendte ut nye dokument lenge etter at saksframlegget var skrive ferdig.

Ettersom dokumenta var sende rett til kommunen, ikkje berre til politikarane, kom administrasjonen til at det hadde vore «mest feil» å ikkje ettersenda dei.

– Vår klare vurdering er at det er ingenting av det som er sendt ut til dykk som forandrar noko på innstillinga frå kommunedirektøren eller dei vurderingane som er gjort i saka, sa Bjorland Dahl.

– Vår klare vurdering er at det er ingenting av det som er sendt ut til dykk som forandrar noko på innstillinga frå kommunedirektøren eller dei vurderingane som er gjort i saka, sa Reid Ivar Bjorland Dahl. Til høgre er Øystein Nereng (SV).
– Vår klare vurdering er at det er ingenting av det som er sendt ut til dykk som forandrar noko på innstillinga frå kommunedirektøren eller dei vurderingane som er gjort i saka, sa Reid Ivar Bjorland Dahl. Til høgre er Øystein Nereng (SV). Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Direkte tale

– Viss eg kan få lov til å vera litt direkte, trur eg nok at eg me seia det sånn: Å utsetta saka med bakgrunn i det, vil kanskje senda eit uheldig signal om at det er berre å pøsa på med nye opplysingar etter at saka er sendt ut, og så får det den konsekvensen, sa kommunalsjefen.

Øystein Nereng (SV) sa i ein replikk at utvalet kunne rydda i saka gjennom å stå ved vedtaket dei gjorde sist.

Kjell Olav Stangeland (Ap) var på same linje – han hadde «stikk motsett syn» av tankane Vollsund hadde lufta.

– Nå har me fått 53 vedlegg, og eg meiner at saka til dei grader er opplyst gjennom dei. Eg er 100 prosent samd i at det ikkje er kome fram noko som endrar på standpunktet me tok sist. Nå må me ikkje tulla meir, nå må me stå på det me gjorde sist.

Då hadde administrasjonen bede om eit klart mandat frå politikarane, minte Thor Inge Kalberg (Frp) dei andre om.

Han leidde desembermøtet då han kikka ned på byggesakssjefen og fekk stadfesta at mandatet var forstått, før saka vart klubba.

Varsel om mulkt

Jone Fosse (Sp) har vore opptatt av at det blir gjort strakstiltak mot overvatn på naboeigedommane, før dyrkingssesongen startar.

Nå som det er tørt og hardt i bakken er det perfekte forhold for å grava, oppmoda han. Imens heldt byggesakssjefen fingeren i vêret.

Svein Harald Dyngen fortalde at kommunen 22. januar har sendt brev med pålegg om retting og ilegging av tvangsmulkt.

Der blir det kravd avbøtande tiltak som hindrar avrenning til naboeigedommane innan 1. mars.

Byggesakssjef Svein Harald Dyngen har ei viktig opplysing å koma med.
Byggesakssjef Svein Harald Dyngen har ei viktig opplysing å koma med. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Stensland blir ilagt ei eingongsmulkt på 40.000 kroner og ei løpande dagmulkt på 1.000 kroner, med effekt frå og med 1. september.

Mulkta gjeld til kommunen har mottatt skriftleg melding om at det ulovlege forholdet er retta

Dyngen opplyste at Stensland har klaga på pålegget og mulkta, og at klagen kjem til politikarane i neste utvalsmøte.

– Det er nokre som held oss travle, konstaterte utvalsleiar Rein Harald Salte (H).

Ingen diskusjon

Etter saka om massefyllinga var det tid for å behandla fortettinga i Ola Barkveds veg.

Då skjedde det uvanlege – ingen tok ordet.

Politikarane hadde nok med inntrykka frå synfaringa og saksframlegget, som kom med 19 vedlegg.

Behandlinga var gjort unna på under 1,5 minutt. På den tida rakk utvalsleiaren å lesa innstillinga frå kommunedirektøren:

Utval for lokal utvikling tar ikke klage fra Jærbygg Prosjekt AS til følge og opprettholder vedtak i delegert sak 520/25 av 10.12.2025.

Saken blir oversendt Statsforvalteren for endelig avgjørelse, jf. fvl. § 33.

– Er det nokre synspunkt frå dei som var på synfaringa? Det ser eg ikkje. Viss ikkje, går me rett til røysting. Då er innstillinga samrøystes, sa utvalsleiar Salte og klubba saka.

Fredrik Stensland framfor huset han vil riva og erstatta med tre rekkjehus. Bak ligg eit fortettingsprosjekt som allereie har fått dispensasjon, av same type han ber om.
Fredrik Stensland framfor huset han vil riva og erstatta med tre rekkjehus. Bak ligg eit fortettingsprosjekt som allereie har fått dispensasjon, av same type han ber om. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim