Laurdag 4. mai 1974 sat ein åtte år gammal Olav Madland benka føre fjernsynet. Det var finale i FA-cupen. Liverpool spelte mot Newcastle. På Wembley stadion var det 100.000 tilskodarar. I den kampen skåra Kevin Keegan to mål for Liverpool.
Olav Madland gjenforteljer augeblinken som om det var i går. Kevin Keegan var den store helten for alle som vart Liverpool-fans på 1970-talet. Saman med store walisaren John Toshack utgjorde den vesle engelskmannen på 1,71 eit frykta spisspar.
– På den tida haldt dei fleste med Liverpool eller Leeds. Det var ein større gut i nabolaget, som eg såg opp til, som sa eg måtte halde med Liverpool.
Ein varhaugbu vert Keegan
Den engelske stjerna var på dei fleste sine tunger gjennom store deler av 1970-talet. På Varhaug var den unge Madland liten av vekst, men han sprang og jobba hardt på fotballbana for dei grønkledde frå Varhaug.
– Det var dei andre som sette namnet Keegan på meg. Dei synst vel eg likna litt, humrar Madland i dag.
Jamvel om fotballkarrieren til «Keegan» Madland tok ei litt anna vending enn dei største arenaer, så har namnet halde seg gjennom åra. Folk kjenner han enno som Keegan.
Vendepunktet i Stavanger
Sommaren 1977 gjekk Kevin Keegan til Hamburger Sportsverein (HSV) i Vest-Tyskland. Det tyske laget betalte 500.000 pund for han – den gongen overgangsrekord. Det vesttyske laget var eit av dei beste i Europa på seint 70-tal og tidleg 80-tal.
18. mai 1978 kom dei til Stavanger for å spele treningskamp. Det hadde Madland fått med seg.
– Eg reiste inn 3 timar før kampen. Eg fekk autografen hans då han gjekk av bussen. Me var ein gjeng på ein 15-20 mann som stod der då.
Kampen enda 3-3, og Keegan skåra eit av måla.
– Etter kampen storma folk bana og skulle ha autografen hans. Eg har aldri sett slik eit oppstyr nokon gong. Han måtte stikka i garderoben for å kome unna, minnest Madland.
Trass i kallenamnet og eit visst talent, vart det andre stadar at «Keegan» Madland vart kjend, som med Silo & Saft.Foto: Åge Bjørnevik
Kjekt gjensyn i Sandnes
I oktober 2019 kom Kevin Keegan til eit arrangement i Sandnes. Det var den ihuga Newcastle-supporteren Frode Grøtteland som hadde ordna med det. Keegan sette spor etter seg i fleire klubbar, både som spelar og manager.
Olav Madland var sjølvsagt på plass.
– Han tok seg god tid, og gjekk rundt på alle borda og signerte autografar på ting folk hadde med seg.
Då kan kom til bordet kor Madland sa, spurte han:
– Do you remember me from 1978?
Keegan nikka, og Madland var i himmelen. Han er framleis usikker på om det var genuint eller ikkje.
Det var andre gongen at Madland fekk autografen.
– Ein dag då eg sykla heim frå skulen, såg eg det kom røyk frå eit hus på Odland. Fyrst tenkte eg at dette var spanande. Så såg eg at det var vårt hus som brann. Då sa eg: «No går nok alle fotballkorta opp i røyk».
Alt han hadde av bilete og fotballkort med Keegan forsvann då. Det gjorde og autografen han hadde sikra seg den gongen i Stavanger.
Begge Keeganar like høge
Innehavaren av Stasjoen pub hadde lenge syssla med planar om å få Keegan til Varahaug:
– No er det for seint. Keegans erstattar, Kenny Dalglish, vart enno større i Liverpool, men for dei som hugsar 1970-talet var Keegan enorm.
Og så var han jo veldig populær blant damer, humrar Olav Madland.
– Du veit både han og eg er 1,71, så det passar jo at me har det same namnet, seier han.
Olav Madland er for tida på ferie i Spania. Då Keegan døydde på måndag, hagla det inn med meldingar kor det stod: «Kondolerer».
– Eg vart fyrst redd for at det var nokre i familien, men så viste det seg at det var Keegan.
Ei fotballegende er død, men på Varhaug vandrar den jærske Keegan vidare med minna om dei to gongene han trefte sin «namnebror» frå England.