Rektorstillinga ved Jæren Folkehøgskule er lyst ledig. Noverande rektor Dag Folkvord går over i ei ny stilling der han får ansvar for økonomi og drift. Folkehøgskulen vil frå hausten av organisera seg på ein ny måte. Håpet er at det skal gjera det enklare å få tak i ny rektor.

Vil gjera rektorjobben meir ettertrakta

– I dag ligg både det pedagogiske- og det økonomiske ansvaret under rektor, og me ser at det ofte er dårleg søkning til rektorstillingane. Me ser også at mange av søkjarane ikkje kjem frå folkehøgskulen. Me fjernar no det økonomiske og driftsmessige frå stillinga som rektor ved Jæren Folkehøgskule, og ser om det kan vera med og gjera stillinga meir ettertrakta, seier Dag Folkvord til Jærbladet.

Johny Fosse, noverande inspektør/assisterande rektor, går av med pensjon til sommaren. Stillinga hans skal gjerast om til ei reindyrka økonomi- og driftsstilling, og det er denne stillinga som Dag Folkvord no vil gå inn i.

– Heile merksemda på skuleutvikling

– Dette gir oss moglegheit til å prøva ut ei ny organisering der rektor kan konsentrera seg fullt og heilt om det pedagogiske ansvaret for både elevar og lærarar. På denne måten får rektoren moglegheit til bruka heile merksemda si på skuleutvikling og på å laga eit fantastisk år for elevane våre, forklarer 61-åringen, som starta ved folkehøgskulen som lærar før han gjekk vidare som inspektør og rektor.

Folkehøgskule-rektoren i Klepp trur mange som kan tenkja seg å vera rektor, kvir seg for å gå inn i ei stilling med ansvar for økonomi og eigedomsforvalting.

– Ikkje alle er like interesserte i dei meir "harde" oppgåvene. Me skiller økonomi og drift og får ei rein pedagogisk rektorstilling, seier Folkvord.

95 elevar

Jæren Folkehøgskule har arbeidd med den nye organiseringa gjennom i to-tre år. Folkvord trur det er fleire som tykkjer det blir spanande sjå korleis den nye leiingsmodellen fungerer.

Håpet er at ny rektor skal vera tilsett 1. juni.

Jæren Folkehøgskule har halde til på same staden sidan 1899. Skulen tek imot cirka 95 ungdommar kvart skuleår.