– Han sette Vigrest på kartet i beste sendetid! seier Paul Vigrestad fornøgd.
Han har inntatt kvileposisjon på bakrommet i Vigrestad konditori.
Bakaren er van med nattarbeid og med å sova i «hytt og vêr», som han seier. Natt til akkurat denne tysdagen var nok dessutan sendetida 2-4 uvanleg god.
Paul Vigrestad var av dei som ikkje berre fekk med seg sjølve kampen, der han og kona sat i kvar sin Stressless med eit glas juice. Han høyrde også kva Jærens for tida største son sa på pressekonferansen etterpå:
«Som eg he sagt lenge, si' eg starta på landslaget, at eg vil oppnå ting med Norge og at eg vil kvalifisera meg til VM, EM og egentle alt så æ. Igjen komma tilbage te å visa at det æ muligt, uansett kor du kjæme frå, om du kjæme frå Bryne, om du kjæme frå Vigrest, kor du enn kjæme frå, at det æ muligt å spela på landslaget og spela på den styste scenen sånn så me gjer nå, siden VM uden tvil æ den styste scenen. De æ stort, og de æ heilt fantastisk.»
– Erling har jo slekt i Vigrestad, på morssida, seier Paul Vigrestad.
– Det er jo gildt at han nemner Vigrest. Marknadsføring har enorm makt, på godt og på vondt.
– Treng folk på Vigrestad å bli bekrefta?
– Det veit eg ikkje. Men det er koseleg at Erling Braut Haaland ikkje er heilt vekke sjølv om han bur i England. Han er jærbu som bruker «dryla», «grævligt» og andre lokale uttrykk. Det set Jæren på kartet, meiner bakaren.
Hans eiga oppleving med jærdialekta er seljarar frå Austlandet som «forstår alt når dei skal selja, men som ikkje forstår» viss det gjeld reklamasjon.
– Og Farmen-Frank blei teksta på tv for at folk skulle forstå kva han sa, hugsar han.
Det er dessutan viktig å visa at Norge ikkje er «berre Oslo-gryta», og det er dette landslaget gode til, synest Vigrestad.
Tysdag i 10-tida, etter 3-2-sigeren over Senegal i USA, er torget på Vigrestad sett på kartet. Men det er ein stille plass i verda.
Ein og annan kunde kjem ut frå Extra med fylte bæreposer. Bevar bruktbutikk er stengt. Det er også Kafe Ståvå, men skiltet står ute og reklamerer for komle og blodkomle på torsdag.
På Vigrestad konditori er dagen derimot for lengst i gang. Disken er full av ferske bakevarer etter at førstemann kom på jobb klokka 03:30.
Det er ikkje berre innehavaren som har vore oppe om natta for å sjå kamp. Det har òg kundane Helen Vold, som kjem for å handla lunsj til dei tilsette på Norsk Olje, og Gabriel Håland i Jærentreprenør, som skal skaffa lunsjmat til seg sjølv.
– Nemnde han Vigrest? Så gøy! Det er supert for oss her at folk veit om Vigrest, seier Helen Vold.
Sjølv vaks ho opp på Undheim, men har budd på Vigrest og drive Jæren Olje saman med mannen i mange år.
– Eg føler at Vigrestad er ein samansveisa plass, seier Vold.
Ho vedgår at ei vaken natt i landslagsdrakt kjennest nå, men ser ikkje ut til å angra på investeringa.
I dag skal det feirast, slår ho fast: Dagens lunsj for 15 tilsette på jobben skal ha rundstykke rett frå konditoriet.
Gabriel Håland ville ikkje ha sett kampen viss det ikkje var for sonen, fortel han.
– Men han ville, så då blei det sånn. Det blir eit godt minne med han.
At Braut Haaland sa det han sa, var svært, synest også Gabriel Håland.
– Han viser at ein kan få til mykje, uansett om ein kjem frå ei lita bygd eller ein stor by. Det treng ungane å høyra, seier småbarnsfaren, som sto opp klokka 06:30 som vanleg.
– Fotball-VM kan ikkje gå ut over jobben, seier han.
Natt-tv er enklare når ein har ferie, slik brørne Tobias og Tomas Steine har. Dei to, 14 og 11 år, hadde rigga seg til i hytta i Spangereid i Agder for å få med seg kampen. Det var varmt, så Tomas brukte drakta han hadde med, til å vifta med, fortel mor, Terese Håland.
Gutane speler fotball i Vigrestad. Det har dei tenkt å fortsetja med, slår dei fast i kor.
Dei snakkar på mobilen til mormor Trine Håland i det Jærbladet kjem. Ho driv Trines klippotek og får rapport frå dei, for sjølv sat ho ikkje oppe for å sjå verken tusenvis av nordmenn som «rodde» på Times Square i New York, eller Erling Braut Haaland i kjend aksjon.
Men både mormor, gutane og mor synest det er kult at heimplassen kom opp på pressekonferansen.
– Det er gildt for bygda, meiner Terese Håland.
– Kjempekult, synest også Trine Håland.
– Først at Norge får det til. Så at Erling set Vigrest på kartet. Og så er det grævla kult når dei ror. Eg har vore på Times Square. Eg trur heile verda syntest at det var kult at det var fullt av nordmenn, og at alle rodde. Det viser samhald og at heile Norge kan vera i lag, meiner frisøren.
– Er ikkje Vigrestad «på kartet» frå før?
– Litla Vigrestad. Spør inni Stavanger, og ikkje eingong dei veit kor det er, seier Trine Håland.