Eg var aldri god i talknusing då eg skulle danast i skulesystem.
G vart karakteren.
Eg fekk M ellers.
Klokkargarden på Time, som me no renoverer har over dei siste 103 år øvd seg på å behalda varme i hus i lag med eigarane som stort sett var Time kommune.
No gjer eg det same: Isolerer huset for mindre «fyring for kråker.»
Eg har lyst på ein gamal vedkomfyr på kjøkkenet. Det kan verta eit problem. Komfyren er neppe tilleten om verknadsgraden er under 50%.
Det vil sei at berre 50% av energien i brukt ved, gir varme i rommet. Dei andre 50% går i pipa og opp til himmels.
Mi berekning av verknadsgrad for datafabrikkar gir eit resultat som burde vore svært dramatisk for oppfinnar av desse.
Det seies at 80% av tilført energi til fabrikk, fører til overskotsvarme.
Då går berre 20% av tilført energi til datahandsaming.
Om 50-80% av data som vert handsama er tulle og tøysedata, tenkjer eg at me endar opp med at 5-10% av tilført energi driv godt arbeid.
Eg trur eg er grei om eg gir datafabrikkar ein verknadsgrad på 7%
Eg trur realistisk verknadsgrad er 3,5%.
Omsett til hus tilseier dette at av 100 kg brukt ved, gir 3,5 kg ved varme i huset. Resten av varmen går i pipa.
Den gamle vedkomfyren står seg, med 50kg ved omsett til husvarme og 50kg i pipa.
Datafabrikkar «bør helst» få brukt restvarmen til noko, meiner svevande styringsmakter.
Eg flyg hangglidar.
Kva med å etablera luftsportsenter tett inntil fabrikkane.
Restvarmen vil gi ei termisk søyle av stigande luft som me kan leika oss i, kvar dag heile året. Kan hende vil ein oppleva ei ståande sky, over slike fabrikkar.
Det er godt nytt for oss som svever.
Av leik er du komen,
til leik skal du bli?