Tor Arne Rasmussen hadde eit bra innlegg om datasenter med tittel «NVE og folk flest har grunn til å være bekymret», publisert på jbl.no 26.6.d.å.
Eg er einig i det aller meste han skriv der. Det er likevel grunn til å gi enkelte kommentarar når han på slutten av innlegget gir eit stikk til kommunepolitikarane i Time.
Då arealdelen av kommuneplanen vart vedteken i desember 2019, var det eit samrøystes kommunestyre som sa ja til omdisponering frå landbruk til kraftkrevjande industri av området der datasenteret nå vert bygt, inkludert SV og MDG.
Då reguleringsplanen vart vedteken i 2021, er det rett at SV røysta mot. Men eg vågar å påstå at ingen av dei som røysta for (sjølv var eg inhabil og deltok ikkje i handsaminga, men hadde nok stemt for) hadde den fjernaste aning om kva inngrep i naturen og kva konsekvensar denne reguleringa ville få.
Då reguleringsplanen vart vedteken, var datasenter ikkje nemnt med eit ord, det var batterifabrikk som skulle byggast der. Det vart skapt eit inntrykk av at det bare var nokre lass matjord som skulle flyttast.
Høyringsuttalelsane frå statsforvaltar og fylkesdirektør, samt konsekvensutgreiinga, til reguleringsplanen viser også tydeleg at det var små inngrep i naturen ein såg føre seg. Det er derfor forunderleg at verken kommuneadministrasjon, statsforvaltar eller fylkesdirektør slo alarm då det var klart at det var datasenter som skulle byggast med dei konsekvensar det ville få.
Statsforvaltaren i Agder sette tidlegare i år foten ned for Datasenteret på Tonstad, der grunnarbeidet var i full gang, på grunn av manglande konsekvensutgreiing. «Slik Statsforvaltaren vurderer kommunens behandling, er det ikke gjort vurderinger av de konkrete konsekvenser et datasenter fører med seg», skreiv Statsforvaltaren i Agder til Sirdal kommune. Han etterlyste vurderingar for spillvarme, støy, risiko, sikkerhet og natur. (Jfr. artikkel i NRK)
Statsforvaltar i Rogaland og Time kommune har sete musestille etter at det var klart at det ikkje var batterifabrikk, men datasenter som skulle byggjast på Undheim. Ikkje noko av det Statsforvaltaren i Agder ettelyser er vurdert. Her har det vore fritt fram, og parolen gje gass!
Kor lettvint dette er behandla av kommunen, kan illustrerast ved svaret eg fekk då eg viste til eit lesarinnlegg i Jærbladet for ei tid sidan der det vart spurt kor vatnet til avkjøling skulle takast frå. Det skulle vera luftavkjøling på Undheim, fekk eg til svar. Då eg bad om dokumentasjon til det, var svaret: Det var det dei (administrasjonen) hadde høyrt.
Og medan det brenn eit blått lys for datasenter på Kalberg fordi dei ikkje blir av med overskotsvarmen, er bruken av overskotsvarme ikkje ein gong tema på Undheim. I sanning: I Time blir alle behandla likt, men enkelte blir behandla litt meir likt enn andre.