2. februar var Job Arkitekter i møte med administrasjonen i Time om ei passande plassering for brakkehotell til arbeidarane på Undheim, eit spørsmål dei jobbar «intenst» med.
Mange personar skal innkvarterast, fortel kommunikasjonssjef Stein Inge Jærnes i Backe-konsernet, som har fått entreprenøroppdraget frå Green Mountain.
– Våre estimat nå tilseier at det periodevis vil dreia seg om fleire hundre menneske på bustadriggen.
Bemanninga i prosjektet vil auka gradvis etter kvart som prosjektet skrid fram. Det totale behovet for innkvartering i brakkehotellet vil avhenga av kor mykje lokal arbeidskraft utbyggaren får engasjert i prosjektet.
Har ikkje plass
Arkitekten har oppdaga at det innregulerte riggområdet bak det komande datasenteret, bort frå Undheimsvegen i aust, ikkje er stort nok til å romma både bustad- og kantinerigg.
Derfor leiter dei involverte nå etter ei alternativ plassering – utanfor datasentertomta. Ho er for kort tid sidan regulert om frå landbruksformål (LNFR), noko omgjevnadene ikkje er.
Ønsket er ei plassering så nært opp til byggeplassen som mogleg. I ein e-post etter møtet skreiv sivilarkitekt Tor Tvedten:
«Det er et mål at område for boligrigg, med kommunale godkjenninger må være på plass 1. mars. Håper derfor på en raskt avklaring.»
Umogleg tidsfrist
Svaret frå byggesaksbehandlar Kirsti Selle Ulvang er ikkje til å misforstå:
«Når det gjelder tidsrammen, må vi være tydelige på at det er helt urealistisk å få nødvendige godkjenninger på plass før 1. mars dersom tiltaket ikke kan behandles direkte innenfor gjeldende plan.»
Bustad- og velferdsriggen er eit byggetiltak som – avhengig av plassering – kan utløysa behov for dispensasjon eller planavklaring.
Det inneber ordinær saksbehandling, offentleg høyring med minimum fire vekers frist, og må til slutt behandlast politisk.
Då kommunen sende den førebelse vurderinga til arkitekten, var det mykje dei ikkje hadde svar på.
Det gjeld elementære ting som arealbehov, kor lenge brakkeriggen skal bli ståande og kva som må gjerast for å setta han opp, til dømes terrengendringar og vatn og avløp.
Stram framdriftsplan
I starten av februar skreiv Jærbladet om at eit race mellom bønder for å sikra seg overskotsmassar frå datasenterprosjektet, som ifølge Job Arkitekter har ein «meget stram fremdriftsplan».
20. januar fekk entreprenøren Backe løyve til å setta i gang med graving og legging av infrastruktur – røyr, straumkablar og andre tekniske installasjonar.
Avisartikkelen viste at massehandteringsplanen må oppdaterast fordi mengdene var større enn venta, og at mykje av massane ikkje blir spreidde i nærmiljøet.
Planen slår fast at det er «ønskelig at massene i størst mulig grad kan forflyttes lokalt i og rundt tiltaksområdet for å redusere behovet for transport».
Etter fleire utslepp til Stormyråna opna kommunen i fjor tilsynssak med tiltakshavar Vuu1 AS. Jærbladet har tidlegare skrive at overvannshandteringa ikkje vart utført i samsvar med løysinga som låg til grunn for byggesøknaden.
Konfliktfylt å bruka landbruksareal
Alle partane ser at det vil vera vanskeleg å plassera brakkehotellet i eit LNFR-område. Ifølge arkitekten vil det komplisera saksbehandlinga og utløysa eit stort offentleg engasjement.
Kommunen ser at det ut frå eit beredskaps- og politiperspektiv kan vera attraktivt å ha brakkehotellet nær byggeplassen. Tilbakemeldinga er like fullt at det vil vera vanskeleg å kunna innfri ein søknad om dispensasjon.
Endå vanskelegare blir det dersom brakkeriggen skal settast på dyrka eller dyrkbar jord.
Partane er derfor samde i at det er fornuftig å vurdera alternative plasseringar innanfor område med mindre planmessig konflikt.
Bu under vindturbinane
Arkitekten har føreslått ei plassering innanfor planområdet til Høg-Jæren Energipark. Føresegnene der opnar for mellombelse anlegg, inkludert riggområde, i tilknyting til vindturbinane.
Kommunen har kommentert at føresegna gjeld andre typar tiltak enn ein brakkerigg til å bu i. Bruk til bustad og døgnkontinuerleg opphald stiller vesentleg strengare krav til støyforhold, bukvalitet og ytre miljø.
Vidare er området prega av torvmyr og sårbare grunnforhold, som gjer at kommunen meiner intensjonen i planen blir utfordra.
Å gå vidare med dette alternativet vil derfor krevja ytterlegare planavklaringar, som kan utløysa høyring og nye utgreiingar.
Kommunen på tilbodssida
I møtet med arkitekten skal kommunen ha føreslått å koma med forslag til alternative plasseringar.
«Det kommer nå spørsmål fra prosjektet rundt dette, så send gjerne over noen forslag som dere måtte ha», skreiv arkitekten i ein e-post etter møtet.
I den førebelse tilbakemeldinga føreslår kommunen nokre tomter som er sette av til utbygging i og nær Bryne sentrum. Kommunen har ikkje kontakta grunneigarane for å høyra om dei er interesserte.
Alternativa ved Brynegarden, Bavaria-tomta, Re/Svertingstad og Håland ligg cirka éi mil frå byggeplassen, men tett på folk. Det kan leia til offentleg og politisk merksemd, som kan forlenga saksbehandlingstida og auka risikoen for klagar.
«Samlet sett vurderer kommunen derfor at sentrumsområder også gir begrenset forutsigbarhet i søknadsprosessen», skriv kommunen.
Ikkje landa
– Det einaste eg kan seia, er at fleire tomter blir vurderte. Ein del har me fått som forslag frå Time kommune, og det blir også undersøkt andre alternativ. Ingenting er landa, seier Tor Tvedten i Job Arkitekter torsdag.
Han fortel at det skal haldast fleire møte neste veke som forhåpentleg gjer at dei kjem nærmare eit svar.
Kommunikasjonssjef Stein Inge Jærnes skriv fredag at dei er inne i ein fase der alle detaljar i prosjektet blir planlagde og avklarte,
– Me ønsker å avklara lokasjon for bustadrigg så tidleg som mogleg, sidan dette også er noko kommunen er opptatt av. Alternativt må me gå for mellombelse løysingar. Per nå er ikkje dette ei problemstilling som vil forseinka prosjektplanen og førebels bruker me lokal innkvartering, som f.eks. Hotell Jæren og liknande.
Reiseveg for arbeidarane
Jærnes er trygge på at dei vil finna ei god løysing, og vil informera offentligheita så snart ein konklusjon om lokasjon er landa.
Som antyda tidlegare, er dei vanskelegaste alternativa nå lagde til sides. Dermed blir det truleg litt reiseveg på arbeidarane.
– Det nærmaste alternativet som me vurderte til bustadrigg viste seg å ikkje vera optimalt blant anna pga. reguleringsomsyn. Me vil ikkje gå videre med tomter som krev dispensasjon eller planavklaring, svarer Jærnes.
– Me vurderer derfor vidare alternative plasseringar både med tanke på prosjektgjennomføring, transport, avstandar og andre praktiske omsyn. Me har også fokus på livskvaliteten til dei som skal bu der og omsynet til eventuelle naboar. Me har fleire alternativ som verkar aktuelle, og har god dialog med kommunen om denne prosessen.