(Dalane Tidende) I dag er det ingen som har akkurat den jobben som Eric Adolfsen skal begynna i i Bjerkreim kommune 1. desember. Stillinga som leiar for IT og digitalisering er ny og vekte stor interesse då ho blei utlyst i sommar. Heile 32 søkarar melde seg. 53 år gamle Eric var den beste kandidaten, konkluderte tilsettingsutvalet.
Eric er oppvaksen på Hundvåg i Stavanger, men flytte til Vikeså for 20 år sidan. Kona er bjerkreimbu. Ungeflokken tel ikkje mindre enn fem, inkludert eit tvillingpar.
Sjukepleiar med hang til teknologi
Då unge Eric i si tid skulle velja yrke, landa han på sjukepleiar. I fleire år arbeidde han som heimesjukepleiar i Stavanger kommune.
Bjerkreim kommune tilsette altså ein sjukepleiar i jobben som IT- og digitaliseringssjef. Her trengst det ei forklaring.
– Eg har alltid hatt interesse for data og tekniske ting og har derfor hatt ein tendens til å bli trekt mot det som har med teknologi å gjera, også i sjukepleiaryrket. Eg jobba ein del med velferdsteknologi mens eg var sjukepleiar i Stavanger, forklarer Eric, som har vidareutdanning i velferdsteknologi.
Har digitalisert i Klepp
For ti år sidan forlet han helsesektoren og begynte som IKT-rådgivar i digitaliseringsavdelinga i Klepp kommune.
– Eg har ikkje arbeidd som sjukepleiar sidan 2016. I Klepp har eg jobba med digitaliseringsprosessar og automasjon, fortel han.
Dét skal han forsetja med i tre månader til, før han tiltrer stillinga på kommunehuset på Vikeså og blir ansvarleg for Bjerkreim kommune si satsing på og arbeid med digitalisering i heile organisasjonen.
– Det blir nye oppgåver og utfordringar for min del, men samtidig kan eg bygga vidare på og dra nytte av erfaringa frå jobben i Klepp kommune, seier 53-åringen, som blir sjef for to andre i IT- og digitaliseringsavdelinga i Bjerkreim.
Forstår folk med teknofrykt
Som tidlegare sjukepleiar veit han ein del om korleis det er for personar som verken har særleg interesse for eller kunnskap om teknologi, å måtta forhalda seg til og læra seg å beherska moderne hjelpemiddel for å kunna utføra jobben sin.
– Velferds- og annan moderne teknologi kan framstå som eit heilt ukjent språk for enkelte. Det er viktig for oss som skal jobba med digitalisering, å forstå dei som skal læra seg å bruka noko som i utgangpunktet er ganske framandt for dei, seier den nytilsette IT- og digitaliseringssjefen.
Fem minutts sykkeltur til jobb
Jobbskiftet seinare i haust vil frigjera mykje tid som fembarnsfaren dagleg bruker på kjøring til og frå jobben på Klepp.
– Eg bruker litt under 45 minutt til jobb og litt meir heim igjen på ettermiddagen. Frå huset vårt i Risbakken til kommunehuset i Vikeså sentrum bør eg klara å sykla på mindre enn fem minutt. Eg ser fram til å få halvannan time ekstra tid kvar dag, seier han.
Surdeigsbake-app
Å fylla den frigjorte tida med meiningsfylt innhald trur han ikkje blir noko problem. I tillegg til at han har fire aktive ungar i alderen 13 til 20 som ennå bur heime, har han òg sine eigne greier som han liker å halda på med.
– Eg er veldig glad i både pizzabaking og brødbaking. Det er nærmast krise i heimen viss det ikkje blir servert pizza i løpet av helga. Særleg Lars (15) blir skuffa då.
Når det gjeld brød, er det eigentleg bare surdeigsbrød som gjeld for Eric. I bakeprosessen får han utløp for to vidt forskjellige interesser.
– Eg leikar meg litt med og lagar appar for både det eine og det andre. Blant anna har eg laga ein app som kan hjelpa deg med surdeigsbaking.
– Ja vel?
– Ved hjelp av appen kan du tilpassa oppskrifta ut frå kor stor deig du ønsker. Du kan ta bilde undervegs i heveprosessen og få innspel på om deigen er ferdig heva eller ikkje. Og du kan ta bilde av det ferdige brødet og få tilbakemelding om kva du eventuelt bør endra på.
– Vil dei nye kollegaene dine på kommunehuset få nyta godt av bakeinteressa di? Den var kanskje ei medverkande årsak til at du fekk jobben?
– Eg nemnde ikkje bakinga i jobbintervjuet, men eg får kanskje overraska dei med litt bakst etter kvart, ler han.