Franchisetakar Frank Hauge har slått tilbake mot tvilarane, som meinte at han heller burde sjå mot Stavanger sentrum, då han skulle opna ein satellitt av Kvik-forretninga han driv på Forus.
I staden opna han, i mars 2025, ein filial på Håland utanfor Bryne.
Dei neste ti månadene skulle butikksjef Maria Bjorland og teamet hennar selja ikkje mindre enn 120 kjøkken – i tillegg til bad, vaskerom og garderobar.
– Suksessen på Bryne og Jæren er bevist, meiner Hauge.
Suksess på ulovleg stad
Likevel har det vore tvil om Kvik-kjøkkena skal vera å få tak i på Jæren. Det skuldast at lokalet på Håland ikkje kan brukast til butikkverksemd.
Hauge søkte kommunen om å gjera fasadeendringar, men vart møtt med krav om dispensasjon og bruksendring.
For å gjera ei lang historie kort: Det fekk han ikkje.
Har tidsfrist
Kvik-avdelinga i Breimyra 4 på Håland er per definisjon ulovleg, men kommunen har late dei driva på adressa fram til 1. oktober.
Fordi franchisetakaren meiner etableringa er ei suksesshistorie, trass i dei byråkratiske vanskane, har håpet heile tida vore å finna ein annan stad på Jæren.
– Men me var òg tydelege på at me ikkje kunne gjera ei ny investering her ute, viss ikkje lokalet og plasseringa var rett.
Hauge synest framleis at Kvik høyrer heime på Håland, saman med bedriftene som har lov til å vera der.
Han har vore skeptisk til å flytta til sentrum, heilt til opninga kom i Reevegen.
Såg ei opning
– Det er heilt utruleg at det ser ut til å gå. Ja, det finst lokale i sentrum, men det har ikkje vore nokre som har vore aktuelle for oss, fram til nå. Me skal vera ærlege på det.
Joker Brustadbua selde godt på sundagane, men gjekk med tap elles i veka. Slik blir det konkurs av, den brutale fasiten kom 16. mars i år.
For butikksjefen på Håland var det godt nytt. Maria Bjorland ringde sjefen sin på Forus, som gjekk inn på proff.no, og straks såg at huseigaren var ein han kunne gjera forretningar med.
Både Hauge og Bjorland kom til Kvik frå Megaflis på Forus, og har hatt Svein Kåre Edland som huseigar tidlegare.
Edland er éin av eigarane i Time Eiendom AS.
– Han er ein profesjonell aktør, som vil leiga ut til nokon han trur kan driva butikk på adressa hans. Men det skadar i alle fall ikkje å kjenna folk frå før, seier Hauge.
Greier målet
Den neste månaden skal det gamle Joker-lokalet delast av, slik at visningsrommet får omtrent same storleik som avdelinga på Håland.
– Me meiner framleis at det er eit rett habitat for oss. Dét er det, med varemiksen som er rundt oss. Men når me skal hit, er me veldig positive og trur at det skal bli ei vel så god reise, seier Hauge.
Kvik-systemet har eigne ambulerande team som fartar Europa rundt og monterer butikkar. Teamet treng ikkje meir enn fjorten dagar på å gjera eit tomt lokale klart for kake og opning, som skjer 10. september.
Dermed greier Hauge det som var målet – ein flytande overgang frå nedstenginga på Håland. Det sikrar også jobben til butikksjefen og hennar to faste medarbeidarar.
– Me har veldig tru på denne plassen, seier Maria Bjorland.