Eirik Storesletten og Katarina Nyholm har selt huset på Kleppe og er klare for livet på småbruk. Først må dei berre finna eit.
Eirik Storesletten og Katarina Nyholm har selt huset på Kleppe og er klare for livet på småbruk. Først må dei berre finna eit. Foto: Snorre Standish Norheim

– Utruleg nok kjenner eg ikkje på noko frykt. Me har snakka litt om det, og det kjennest ikkje skremmande ut. Dette skal me finna ut av.

Katarina fortel om datoen 1. oktober, då nye folk overtar i Slettevegen 6B. Foreldra til Lava (7), Henry (3) og minstejenta Eira (1) har august og september på seg til å finna draumeplassen.

Førebels tar dei det med stor ro, og konsentrerer seg om barnehagestarten for Henry. Han skal gå i den gamle barnehagen til storesystera, som begynner i andre klasse på Montessoriskulen på Forus.

Småbarnsfamilien veit at dei skal halda seg i distriktet, men ikkje nøyaktig kor dei endar opp.

Mange om beinet

I mange år har finn.no sendt ut pressemeldingar om at «småbruk» er det hyppigaste fritekstsøket deira. I fjor hamna ordet utanfor topp ti, men det toppa i 2024, med 293.000 søk.

Det gjer at konkurransen er tøff, og at Katharina og Eirik ikkje har dratt på nokon fellesvisningar. I skrivande stund er det heller ingen aktuelle annonsar i dei fire kommunane dei ser på.

I staden har paret gått breitt ut i sosiale medium og etterlyst tips om småbruk på stripa mellom Bryne og Stavanger, med minst fire mål og helst fleire driftsbygningar.

Ofte går desse objekta i arv, og hamnar derfor aldri på marknaden. Paret vurderte å hiva flygeblad i postkassa til interessante eigedommar, men har fått tilstrekkeleg med meldingar til at det ikkje har vore nødvendig.

Mellom anna er dei i dialog med ein privatperson som eig fire mål og eit tun på Øksnevad, som er aktuelt å kjøpa. Dei er framleis interesserte i å bli tipsa om småbruk.

Eirik og Katarina har selt huset på Kleppe og er i flyttemodus. Det skjer nokre år tidlegare enn dei hadde planlagt. – Me er litt sånn at ting ordnar seg, uansett om det blir sånn eller sånn, seier ho.
Eirik og Katarina har selt huset på Kleppe og er i flyttemodus. Det skjer nokre år tidlegare enn dei hadde planlagt. – Me er litt sånn at ting ordnar seg, uansett om det blir sånn eller sånn, seier ho. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Kjøpte oppussingsobjekt

Familien flytta til Jæren våren 2024, etter at Henry vart fødd. Då budde dei i leilegheit på Ålgård og trong fleire soverom.

Dei søkte landlege omgjevnader og fann det i bustadfeltet sør på Kleppe, som dei kjende etter mange besøk på Jærhagen.

Planen har alltid vore at huset berre var ein mellomstasjon. For kvar flytting sidan dei vart eit par, har dei bygt opp eigenkapital til å finna det som skal vera endestasjonen.

– Me har alltid tenkt på å gå over til småbruk, men hadde nok tenkt å bu her lengre, seier Eirik.
– Me har alltid tenkt på å gå over til småbruk, men hadde nok tenkt å bu her lengre, seier Eirik. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Huset vart kjøpt for 3,3 millionar krone, og nyleg selt etter knappe tre veker på marknaden med ei prisantyding på 5,1 millionar. Kor mykje det rekk til er avhengig av utleigemoglegheitene på småbruket.

Paret estimerer å ha brukt maks femti-seksti tusen kroner på oppussing, slik at verdiauken i hovudsak kan forklarast med generell prisstiging og eigeninnsats.

– Me har pussa opp og modernisert ein god del ting sjølv her. Me trivest godt med det og er absolutt ikkje redde for å ta i eit tak, seier Eirik.

Tar eit verdival

For han stikk draumen om eit småbruk ekstra djupt. Han voks opp på Karmøy og fortel om ein oppvekst prega av paternalisme, der andre ofte tok avgjerdene for han.

Først då han flytta for seg sjølv, fekk han oppleva gleda, sjølvtilliten og meistringskjensla som kjem av å få lov til å prøva, feila og ta eigne val.

Småbruksdraumen handlar derfor om meir enn berre ein stad å bu. Det handlar om å gje ungane ein oppvekst der dei kjem tett på naturen, og får ta ansvar og oppleva ekte meistring, forklarer han.

Dyr har alltid gjeve Katarina glede, ro og ei spesiell tilknyting til naturen. Ho voks opp med alt frå gnagarar til fuglar, sauer, kattar, hundar og ikkje minst hest, og brenn for at ungane skal få oppleva det same.

Eirik og Henry prøver å lokka ein nymfeparakitt ut av buret. Familien har nyss tatt over to stykk.
Eirik og Henry prøver å lokka ein nymfeparakitt ut av buret. Familien har nyss tatt over to stykk. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Kurerte faren

– Eg ser at dei er veldig glade i dyr og at dei roar seg ned. Dei er nyfikne og blir ikkje redde, og har lyst å kosa med alle slags dyr, både hestar og slangar, seier Katarina.

Eldstejenta Lava har arva interessa for hest. Ho er kanskje ikkje heilt sikker på kva eit småbruk er for noko, men ho har éin klar tanke i hovudet når faren forklarer at dei skal kjøpa ein liten bondegard.

– Eg tenker berre på at eg vil ri på ein hest!

Eirik, som brukte å vera livredd hestar, fortel at Lava har kurert han.

– Etter at ho begynte på riding, måtte eg berre trø til og vera med, og etter kvart forsvann hesteskrekken min heilt.

Plass å møta dyr

Etter at Katarina og Eirik begynte å ta ungane med til Ørnhaug, ein liten dyreplass i Ryfylke, har dei tenkt at småbruket deira kan vera meir enn berre ein heim for familien.

Dei drøymer om å skapa ein open og inkluderande møteplass, der foreldre og barn kan koma tett på dyr dei vanlegvis ikkje får møta.

I vinterferien var trebarnsfamilien på besøk i Ørnhaug Besøk- og Aktivitetstun på Åmøy. Her har dei vore jamleg sidan 2021–22, forklarte dei til Bygdebladet.
I vinterferien var trebarnsfamilien på besøk i Ørnhaug Besøk- og Aktivitetstun på Åmøy. Her har dei vore jamleg sidan 2021–22, forklarte dei til Bygdebladet. Foto: Foto: Håvard Hammarstrøm

I trappa ned til kjellaren heng eit avisutklipp der Eirik er sitert på at slangar er like søte som hundekvalpar. Det var ei spissformulering til ære for avisa, innrømmer han, som veit godt at ikkje alle er like begeistra for krypdyr.

Han har i mange år vore aktiv i Rogaland Reptilklubb, og han jobbar òg som reptilkonsulent på hobbybasis der han held kurs og utfører reptilkontrollar.

Slik Lava «kurerte» Eirik for hesteskrekken, håper han eit besøk til småbruket kan gjera det same for dei som skyr reptil.

– Nokre av dyra våre er utradisjonelle dyr som mange er redde for. Me ønsker å gje folk ei god erfaring, spesielt med slangar. Viss folk kjem hit og kjenner at «dette var ikkje så skummelt likevel», då føler eg at oppdraget mitt er fullført.

Reptilrom i kjellaren

– Her har me gekkoen, Prinsesse Gekkonella, seier Lava og fiskar opp ei flekkete øgle frå eit terrarium.

Heile familien er med ned i kjellaren, der Eirik har innreia eit reptilrom som konstant held 25 grader.

Her bur gekkoen, fire skogskjelpadder og åtte slangar.

Eirik løftar fram kongesnoken Katana og kongeboaane Bronzo, Kuro, Lilith. Dei har namn etter fargen på skinnet, slik skjelpaddene har namn etter fargen på skalet.

Akkurat som papegøyane familien fekk sist veke, er Bronzo overtatt frå tidlegare eigarar som sleit med å ta vare på han.

Regnbogeboaen Lucifer får me ikkje helsa på. Kvelarslangen ligg ikkje i glasburet sitt, utan at det uroar nokon i familien.

Eirik forsikrar at ingen av slangane er giftige. Sidan døra inn til rommet er lukka, kan ikkje Lucifer vera langt unna.

Smakebit i hagen

Den ultimate draumen er eit stort drivhus som minner om ein innandørs regnskog. Der kan skjelpaddene gå fritt på bakken, koifiskar symja i ein dam, og fuglane flyga fritt over hovudet deira.

Ute vil Eirik ha ein alpakka, eller kanskje ein emu? Alt kjem an på kor mykje plass dei endar opp med å få på den framtidige eigedommen.

I hagen på Kleppe har han og Katarina fått ein smakebit på det dei vil ha meir av. Eirik er i ferd med å kle eit gammalt drivhus med netting slik at skjelpaddene og papegøyane kan vera der når det er varmt.

I hønsegarden tuppar sju høner, som Henry og Lava er raske med presentera for besøket. Dette er eit syn som gler foreldra – ungar som er ute og leikar med dyr, heller enn å sitta inne og sjå på skjerm.

– Ja, me ønsker meir av dette. Det er for eksempel Lava som har tatt på seg oppgåva med å henta egg. Eg synest det er kjekt å sjå at dei sjølve vel å ta ansvar for ting, seier faren.

Eirik og Katarina vil at ungane deira, og gjerne andre sine òg, skal få bløma gjennom kontakt med dyr.
Eirik og Katarina vil at ungane deira, og gjerne andre sine òg, skal få bløma gjennom kontakt med dyr. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim