– Han var eit førebilete for ganske mange landsmenn, vil eg tru, og han var eit ganske godt symbol for kva dette landet står for.
Det seier Kevin Siqveland Evenhus.
Fredag klokka 06.35 sovna kong Harald stille inn på Rikshospitalet.
Eit par timar etterpå blei den triste nyheita kjend for heile landet.
– Trist
Når Jærbladet møter Evenhus i 09-tida, har han ikkje fått med seg dødsbodskapen. Han har vore opptatt med arbeidsoppgåvene sine på Obs Bryne frå morgonkvisten av.
Meldinga går tydeleg inn på han.
– Det blir tungt, trur eg, for mange.
Heller ikkje Kjell Slettebø har rokke å få med seg meldinga frå Slottet.
– Det kom ikkje som ei overrasking. Det er trist uansett, seier han.
Også Wanwisa Khatkar blir prega når Jærbladet fortel at kongen har gått bort.
– Døydde han i dag? Det er så leit å høyre.
Heile Noregs bestefar
Slettebø viser til ei oppfatning som mange har hatt av den folkekjære kongen.
– Det blei jo sagt i går at det var heile Noregs bestefar, og på mange måtar er eg einig i det.
Marianne Størksen synest det var trist å motta bodskapen. Samtidig var det ikkje uforventa, med tanke på at kongen hadde vore innlagt på sjukehuset sidan måndag 17. august.
– Han har vore ei nokså samlande kraft for Noreg, seier ho.
Også Marianne Osmundsen meiner han har vore samlande for alle i landet.
– Han har vore ein veldig folkeleg konge, synest eg.