Hetlandsgården på andre sida av vegen gjev eit inntrykk av høgdene som kjem i Kristoffers hage.
Hetlandsgården på andre sida av vegen gjev eit inntrykk av høgdene som kjem i Kristoffers hage. Foto: Snorre Standish Norheim

Under Bykonferansen i Bryne kino heldt Kjetil André Haver ein presentasjon om Jær:bu-prosjektet som er under bygging i Storgata.

Utbyggaren fortalde om ei strabasiøs reise fram mot byggestart, med vanskelege tomteforhold, tidkrevjande reguleringsarbeid og inflasjon i kjølvatnet av pandemien og den russiske invasjonen av Ukraina.

Prosjektet måtte i 2022 trekkast frå marknaden og alle kjøpskontraktane måtte kansellerast. Nå som det er lagt ut på nytt, er 10 av 18 leilegheiter selde.

Dei tre minste leilegheitene i prosjektet er selde, det same er to på 84 kvadratmeter og fem som er over 100 kvadratmeter, inkludert éi på 136 kvadratmeter til nærmare 10 millionar kroner.

– Eg må berre spørja: Er det realistisk at jærbuen bur med familie i sentrum. Det ser ikkje sånn ut. Mi oppfordring er at me ikkje bør vera slaviske, men heller sjå kvart prosjekt for seg, sa Haver.

Veka før Bykonferansen hadde Jær:bu-utbyggaren hadde gått gjennom dei største nybyggprosjekta på Bryne, for å visa at det er avgrensa interesse for dei største leilegheitene. – Eg trur det er mogleg å få til noko bra, sjølv med mindre leilegheiter.
Veka før Bykonferansen hadde Jær:bu-utbyggaren hadde gått gjennom dei største nybyggprosjekta på Bryne, for å visa at det er avgrensa interesse for dei største leilegheitene. – Eg trur det er mogleg å få til noko bra, sjølv med mindre leilegheiter. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Opptil 120 leilegheiter

For å få fortgang på salet søkte Haver om å få endra planen for Jær:bu, slik at éi av leilegheitene vart delt i to. Dette ville han gjera i tre etasjar, men fekk berre lov til å gjera det i éin.

Utval for lokal utvikling har behandla eit ønske frå Trallfaveien 7 AS, eit selskap eigd av Backe Prosjekt, om å få gjera det same i prosjektet Kristoffers hage – i eit mykje større omfang.

Utbyggaren har søkt om å få bygga mellom 95 og 120 leilegheiter, i staden for 80–110 slik den gjeldande planen seier.

«Hovedgrunnen for planendringen er å øke antallet små og mellomstore leiligheter, og redusere antallet store leiligheter over 100m2 i forhold til gjeldende plan», har arkitekten forklart.

Gamle teikningar for Kristoffers hage. I den nye planen er det berre tegl i nedste etasje.
Gamle teikningar for Kristoffers hage. I den nye planen er det berre tegl i nedste etasje. Foto: Foto: Backe Prosjekt

Kan skapa presedens

Kommunedirektøren, som rår politikarane til å godkjenna planendringa, peikar i saksframlegget på at vedtaket vil kunna skapa «ein viss presedensverknad for andre bustadprosjekt».

Han har merka seg at fleire utbyggarar ønsker å gjera som Haver og Backe Prosjekt, og bygga mindre leilegheiter enn kommuneplanen og sentrumsplanen for Bryne legg opp til.

Her seier retningslinjene at det skal planleggast fleire større og familievenlege bustader i sentrum. Det er òg store og mellomstore leilegheiter som best dekker behova til eldre og vaksne som flyttar ut av einebustader, peikar kommunedirektøren på.

Den positive innstillinga til planendringa kjem av at han har gjort si eiga oppteljing av leilegheitsmarknaden på Bryne.

Planen er å begynna på første trinn langs Hetlandsgata. Her kjem to fem-etasjers blokker med 40 leilegheiter og eitt mindre næringslokale på hjørnet. Byggetrinn to inneheld ei stor blokk langs Trallfavegen. Her blir grøntområdet i bakkant fullført og det kjem Kiwi-butikk i første etasje. Siste byggetrinn er blokkene nærmaste Rosseland skule.
Planen er å begynna på første trinn langs Hetlandsgata. Her kjem to fem-etasjers blokker med 40 leilegheiter og eitt mindre næringslokale på hjørnet. Byggetrinn to inneheld ei stor blokk langs Trallfavegen. Her blir grøntområdet i bakkant fullført og det kjem Kiwi-butikk i første etasje. Siste byggetrinn er blokkene nærmaste Rosseland skule. Foto: Foto: ArkVest

Kritiske naboar

Oppteljinga viser at dei siste 20 åra er selt cirka 620 leilegheiter over 100 kvadratmeter, og cirka 130 under 55 kvadratmeter.

– Statistikken tilseier at leilegheitene som nå blir bygde er mindre enn før, men at det allereie er mange mellomstore og store leilegheiter på Bryne, resonnerer kommunedirektøren.

I søknaden har ArkVest og MaPlan, som søker på vegner av Backe Prosjekt, peika på at nærområdet i stor grad er prega av einebustader og rekkjehus. Poenget deira er å visa at fleire mindre leilegheiter vil supplera bustadmiksen.

Prosjektnamnet Kristoffers hage er misvisande marknadsføring, meiner naboane. – Dette opplevast ikke lenger som ein hage, men meir som ein omkransande barriere. Ein barriere som stenger oss inne og skuggar for både utsikt og lys.
Prosjektnamnet Kristoffers hage er misvisande marknadsføring, meiner naboane. – Dette opplevast ikke lenger som ein hage, men meir som ein omkransande barriere. Ein barriere som stenger oss inne og skuggar for både utsikt og lys. Foto: Foto: Bilde frå høyringssvar

Det er slett ikkje slik tre av dei nærmaste naboane ser det. Dei har sendt uvanleg detaljerte og omfattande svar i høyringsrunden.

Eit nabopar skriv:

«For oss er dette ikkje bare et planforslag – det er noe som vil påvirke vår hverdag, vår trivsel og vår tilknytning til stedet og nærområdet vi bor. Vi ber dere som skal godkjenne dette om å tenke dere inn i vår situasjon: Hvordan ville dere selv opplevddet dersom ein massiv boligblokk ble plassert rett foran stuen deres, og dere mistet utsikten, lyset og følelsen av privatliv?»

Droppar nedtrapping

Det var dette naboparet som hadde invitert politikarane med på synfaring, i forkant av utvalsmøtet.

Forutan å gjera endringar i leilegheitsmiksen, har utbyggaren søkt om endringar som – ifølge kommunedirektøren – totalt sett vil auka høgdene, sjølv om hovudtrekka i volum og høgder blir vidareført.

Naboane peikar derimot på at dei nærmaste blokkene ikkje lenger skal trappast ned mot bustadene i Myrbrotet.

Dei har òg merkt seg at tegl er erstatta av tre som hovudmateriale, og meiner det vil redusera deiarkitektoniske kvalitetane.

Dei meiner blokkene bør tilpassast kringliggjande busetnad betre, og bekymra for tap av sol/skugge og utsikt, forverra vindforhold, innsyn med meir.

Blokkene skal byggast i hestesko rundt eit stort felles grøntområde.
Blokkene skal byggast i hestesko rundt eit stort felles grøntområde. Foto: Foto: ArkVest

På synfaring

Politikarane i utval for lokal utvikling møtte ingen naboar på Bavaria-tomta, berre to representantar frå Backe Prosjekt.

Distriktsleiaren meinte at det ikkje er gjort dramatiske endringar i forhold til den godkjende planen, men at endringane gjer prosjektet betre tilpassa bustadmarknaden og nabolaget rundt.

På tomta stilte Kjell Olav Stangeland (Ap) spørsmål om faren for gjennomtrekk dersom dei tillèt fleire mindre leilegheiter.

Distriktsleiar Helge Pollestad svarte at prosjektet er planlagt med løysingar som gjev bebuarane tilbod om ekstra plass når dei treng det.

I første byggetrinn kjem ei utleigeleilegheit til bruk for gjestar. I det neste kjem eit lokale som kan brukast av fellesskapet eller ved private arrangement.

– Gode løysingar, kommenterte Gunnar Bjorland Stone (KrF), som var kjent med liknande prosjekt i Stavanger Øst.

– Viss ting går som me håper i dag, ser me føre oss ein salsstart i månadsskiftet januar–februar neste år, fortalde Helge Pollestad (med raud hue).
– Viss ting går som me håper i dag, ser me føre oss ein salsstart i månadsskiftet januar–februar neste år, fortalde Helge Pollestad (med raud hue). Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Frykta for fellesløysingar

I møtet etterpå mintest Endre Vollsund (V) presentasjonen Kjetil André Haver heldt på Bykonferansen.

– Eg trur det dei har gjort her, med å ha mindre leilegheiter, er bra med tanke på marknaden.

Men han såg bekymringane til naboane, og ville føreslå ei nedtrapping med éin etasje, for dei to blokkene nærmast Myrbrotet. Hensikta var å skapa ein meir harmonisk overgang mellom gammal og ny busetnad.

Han var lenge i tvil om han skulle fremja forslaget, fordi han var redd det kunne stoppa utbygginga på ei tomt som har lege brakk lenge. Derfor ville han høyra diskusjonen i utvalet før han bestemte seg.

Gunnar Bjorland Stone (KrF) og Øystein Nereng (SV) såg dilemmaet, men frykta at ein reduksjon i høgda ville gjera at dei innovative fellesløysingane forsvann ut av prosjektet.

Heller ikkje Jone Fosse (Sp), Pål Undheim (H) eller Thor Inge Kalberg (Frp) ønskte å kutta i høgda. Dei frykta at prosjektet ikkje vart rekningssvarande i det heile tatt dersom så mange som 10–12 leilegheiter vart tatt ut.

Hjørnet mellom Hetlandsgata og Trallfavegen kan bli sjåande svært annleis ut. På andre sida av vegen for Kristoffers hage har kommunen planlagt høg utnytting, men symjehall og kontorbygg. Planen er godkjent, men det er ikkje sett av pengar.
Hjørnet mellom Hetlandsgata og Trallfavegen kan bli sjåande svært annleis ut. På andre sida av vegen for Kristoffers hage har kommunen planlagt høg utnytting, men symjehall og kontorbygg. Planen er godkjent, men det er ikkje sett av pengar. Foto: Foto: Asplan Viak

Sa ned til Kiwi i fjor

Administrasjonen kom med ei opplysing undervegs som overtydde Kjell Olav Stangeland (Ap) om ikkje å gå for Venstre sitt forslag.

Ein reduksjon i etasjar og leilegheiter vil dra ned utnyttingsgraden og risikerte å utløysa behov for ein ekstra høyringsrunde, orienterte kommunalsjef samfunn, Reid Ivar Bjorland.

– Med dei siste opplysingane er eg ikkje i tvil, sa Stangeland og gjekk for innstillinga.

I møtet var han heller ikkje i tvil om at utvalet har litt av æra for at det omsider skjer ting igjen på Bavaria-tomta.

I fjor haust bad utbyggaren om å få bruka den gamle verkstaden og bilforretninga til å husa ein mellombels Kiwi-butikk.

– Me kan slå fast at viss ikkje me hadde vendt tommelen ned til bruksendring på bygget som står der, hadde me stått på staden kvil når det gjeld utvikling av denne eigedommen, sa han.

Den tomme verkstaden og bilforretninga var aktuell som plassering for ein mellombels Kiwi-butikk.
Den tomme verkstaden og bilforretninga var aktuell som plassering for ein mellombels Kiwi-butikk. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim