Cato Horpestad gler seg til å flytta til ny butikk på Håland.
Cato Horpestad gler seg til å flytta til ny butikk på Håland. Foto: Snorre Standish Norheim

Cato Horpestad er butikksjef på åttande året. Sidan før han starta i jobben, har han høyrt snakk om flytteplanane frå Nedremarka.

Nå nærmar det seg.

– Det skal bli fantastisk! Då får me ein meir lettdriven butikk. Ikkje uoversiktleg og tungvint, sånn som denne, som har all slags krinkelkrokar, søyler som er i vegen, og smålager som er spreidde rundt overalt.

– Langt frå optimalt, stadfestar kjedesjef i BondeKompaniet, Thomas Eriksen Nilsson.

Svaret gjeld standarden på butikken. Men det er like passande for plasseringa, rett ved det travle kjøpesenteret M44.

– Me har selt eigedommen me er i, ved sida av M44, for lenge sidan. Me håper å koma opp til Håland før sommaren neste år, fortel kjedesjefen i BondeKompaniet.
– Me har selt eigedommen me er i, ved sida av M44, for lenge sidan. Me håper å koma opp til Håland før sommaren neste år, fortel kjedesjefen i BondeKompaniet. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Håper på fleire bønder

BondeKompaniet er namnet på butikkane til Felleskjøpet Rogaland og Agder SA. Kjeda voks med 4,8 prosent i 2025, og passerte for første gong 900 millionar kroner i omsetting.

Kjeda finst 21 stader i Rogaland, Agder og sørlege Vestland. I løpet av 2026 vil 70 prosent av butikkane vera moderniserte i tråd med det nye konseptet.

– Bryne er éin av butikkane som ikkje er bygde om. På Håland vil han få ny drakt og eit nytt uttrykk. Infrastrukturen for bøndene vil òg bli mykje betre. For det har jo vore ei utfordring for dei, når me ligg der me ligg, seier Nilsson.

Omsettinga bikka akkurat 40 millionar kroner i fjor. Butikksjef Horpestad håper særleg å dra fleire landbrukskundar.

– Dei har lenge spurt kva tid me skal flytta. Dei vil ha oss vekk, fordi det er tungvint å koma til med traktor og hengar. Risikobildet på den nye plassen blir òg mykje betre enn her, der me har ungar som spring på parkeringsplassen.

Kjedesjef Thomas Eriksen Nilsson seier at den nye plasseringa er prima for bøndene. Dei utgjer ikkje berre halve kundegrunnlaget, det er 7000 bønder i Rogaland, Agder og sørlege Vestland som eig BondeKompaniet.
Kjedesjef Thomas Eriksen Nilsson seier at den nye plasseringa er prima for bøndene. Dei utgjer ikkje berre halve kundegrunnlaget, det er 7000 bønder i Rogaland, Agder og sørlege Vestland som eig BondeKompaniet. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Har tomta klar

Bønder utgjer halvparten av kundemassen, og kjem gjerne med traktor for å handla store kvanta. Plasseringa inst på parkeringsplassen er ikkje ideell.

Felleskjøpet Rogaland og Agder SA var éin av utbyggarane bak M44, men selde seg ut, og har lenge vore innstilt på at framtida ligg ein annan stad.

Så tidleg som i 2010 kjøpte samvirkeføretaket ei nesten fem mål tomt ved sida av Bohus på Håland. Prislappen den gongen var 5,5 millionar kroner.

16 år seinare har eigedomsselskapet GBT AS engasjert Grude Bygg for å setta opp eit nybygg.

I reguleringsplanen er tomta sett av til forretning, kontor og lagerverksemd. Detaljhandel i form av mindre arealkrevjande forretningsverksemd er ikkje tillate. Her skal det berre vera verksemder som fører plasskrevjande varer.

«Det kan tillatast etablert forretningsverksemd som er avlastande for sentrum. Forretningar som vert etablerte her skal vera bilbasert og tuftast på lager/transportbehov som ikkje er tilpassa sentrum», står det i føresegnene.

Førebelse teikningar sende til kommunen viser eit salsareal på cirka 650 kvadratmeter, og to etasjar med  365 kvadratmeter lager. Bygget blir uansett ikkje som på illustrasjonen. Butikkane til Felleskjøpet Rogaland og Agder SA blir profilerte som BondeKompaniet.
Førebelse teikningar sende til kommunen viser eit salsareal på cirka 650 kvadratmeter, og to etasjar med 365 kvadratmeter lager. Bygget blir uansett ikkje som på illustrasjonen. Butikkane til Felleskjøpet Rogaland og Agder SA blir profilerte som BondeKompaniet. Foto: Foto: Grude Bygg

Optimistisk flyttemål

Kjedesjefen opplyser at dei har tolv månaders oppseiingstid med utleigaren, Nedremarka Eiendom.

– Men me har ikkje dårleg tid, og må først få godkjenning på byggesøknad frå Time kommune. Me er ennå heilt i startfasen.

Utleigaren er Nedremarka Eiendom, eigedomsselskapet til Coop Sør-Vest og Coop Norge Eiendom. I september i fjor fekk dei vedtatt eit omfattande planforslag som legg til rette for vidare utvikling av området, med næring, bustader og parkering.

Det uttalte flyttemålet er sommaren 2027. Butikksjef Cato Horpestad og hans fem faste medarbeidarar, kryssar fingrane.

– Me er optimistar og trur at det skal gå, men då skal alt gå knirkefritt, seier han.

– Butikken er ikkje blitt gjort noko med på mange år, fordi me veit me skal flytta. Derfor har me gamle reolar og gammal innreiing. Men nå nærmar det seg flytting, seier butikksjef Horpestad.
– Butikken er ikkje blitt gjort noko med på mange år, fordi me veit me skal flytta. Derfor har me gamle reolar og gammal innreiing. Men nå nærmar det seg flytting, seier butikksjef Horpestad. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim