TOMT FOR JULEGRØNT: Innehavar Ingeborg Kvitno Vestvik har perler i mange fargar, men dei mørkegrøne som er så populære i tida før jul, er det no heilt tomt for.
TOMT FOR JULEGRØNT: Innehavar Ingeborg Kvitno Vestvik har perler i mange fargar, men dei mørkegrøne som er så populære i tida før jul, er det no heilt tomt for. Foto: Åge Bjørnevik

"Lag ett hjerta for Undheim" heiter arrangementet som Undheim-kvinnene Sigrid Risa og Julia C Bernssen står bak. I ei tøff tid for den grøna bygdå vil dei visa sin kjærleik.

Derfor samla dei tysdag folk i samfunnshuset for å laga grøne hjarte – blant anna av slaget som er laga av perler.

– Litt synd for dei andre

Allereie tidleg måndag kunne Sigrid Risa rapportera om at Bryne er tømt for grøne perler, og så gjekk det slag i slag med meldingar om butikkar på Bryne og Nærbø som er tømte for dei grøne perlene.

– Det er kjempegildt å selja mykje på grunn av engasjementet på Undheim, seier Ingeborg Kvitno Vestvik, innehavar av leiketøybutikken Ringo på M44.

Ho såg at det gjekk unna på dei mørkegrøne perlene, og fekk bestilt inn ein dobbel porsjon til. Men også den forsvann med ein gong ho hadde fått dei inn i butikken i starten av veka.

– Det er jo vanlegvis stor etterspurnad etter dei mørkegrøne – eller julegrøne – perlene på denne tida. Mange skal bruka dei i julepynt dei lagar. Så det er jo litt synd for dei andre kundane at det er tomt, eg har hatt folk innom som måtte gå skuffa heim att, seier butikkinnehavaren.

– Men det er kjekt at arrangementet på Undheim har slått så godt til, legg ho til.

TOMROM: Lysegrønt er ikkje noko problem, men mørkegrøne perler er det tomt for.
TOMROM: Lysegrønt er ikkje noko problem, men mørkegrøne perler er det tomt for. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

– Får du inn fleire julegrøne perler no før jul?

– Det vågar eg ikkje å lova. Det spørst på tilgangen hos leverandøren, seier Ingeborg Kvitno Vestvik til Jærbladet ved lunsjtider onsdag.

– Vil visa at me er glade i bygda vår

Forslaget om å leggja ned ungdomstrinnet på Lye, og flytta elevane til Lye ungdomsskule, er bakgrunnen for "Lag ett hjerta for Undheim".

Dei to initiativtakarane er begge foreldre på ungdomstrinnet på Undheim, og sterke motstandarar av Time-rådmannen og det politiske fleirtalet i Time si innstilling om å leggja det ned.

ETTERTRAKTA VARE: Her er eitt av perlebretta i ferd med å fyllast under tysdagens hjarte-dugnad i Undheim samfunnshus.
ETTERTRAKTA VARE: Her er eitt av perlebretta i ferd med å fyllast under tysdagens hjarte-dugnad i Undheim samfunnshus. Foto: Foto: Privat

– I staden for å bli sinte, vil me heller visa at me er glade i bygda vår. Grøne hjarte er jo blitt eit fint symbol for det, seier Sigrid Risa til Jærbladet.

Tysdag ettermiddag og kveld var folk samla på Undheim samfunnshus for å laga hjarta – i perler, i tre, i papir, av kvist og så vidare

– Me fylte fleire store langbord, så me er kjempenøgde med responsen, seier Risa.

Planen var eigentleg å hengja opp kjærleikserklæringane til bygda same kvelden, men stormen og regnet gjorde at planane blei endra. Dermed blir dei grøne hjarta hengde opp torsdag.

Skjebnen til ungdomstrinnet på Undheim blir avgjort av politikarane i Time kommunestyre tysdag 17. desember. Då behandlar dei budsjettet.