Det skjer i lokala som tradisjonsrike Kjøkkenet forlét i fjor haust, og som i eit halvt års tid husa Jakobs Brød.
I juni kunngjorde Jakob Philipsen at han måtte legga ned, fordi «fanklubben» for den økologiske baksten hans er i Stavanger. Samstundes spådde han at den nye restauranten blir ein betre match enn kafeen hans.
Forklaringa på det er at publikummet kjenner smakane frå tidlegare, forklarer innehavar Adem Kar.
– Me ønsker å ta med oss det beste frå rammene til både Kjøkkenet og Il Tempo, og smelta dette saman til ein koselig og familiær etestad – derfor har me døypt restauranten La Famiglia.
Snuste på Nærbø
Kar er einaste eigar, styreleiar og dagleg leiar i Pompeii AS, som fekk innvilga serveringsløyve av Time kommune 24. juni.
Selskapet vart oppretta 8. april i år i Jadarvegen på Nærbø. Planane fall gjennom på grunn av usemje med huseigaren om kven som skulle utbetra manglar på bygget.
Då Kjøkkenet og Il Tempo vart avvikla nesten samstundes, såg innehavaren det han kallar ei «unik moglegheit» i Storgata.
– Me har lenge hatt dette lokalet på radaren, og er blitt samde med utleigaren om drift av ein italiensk etestad. Me ser eit stort potensial her, og lokalet er jo ein stad folk på Bryne har eit naturleg forhold til.
Mange tusen følgarar
Kar opnar i juli, midt i fellesferien. Tanken er å koma trygt og kontrollert i gang, for å bygga opp kundegrunnlaget i eit stabilt tempo saman med personalet.
Samstundes har restauranten fått ein pangstart i sosiale medium.
Restauranten har berre lagt ut éin post, men hadde allereie 14 timar 2189 følgarar på Instagram.
La Famiglia Trattoria har òg tatt over facebooksida til Il Tempo, som dreiv på M44 fram til konkursen i april.
Den nye restauranten har derfor 5200 følgarar på Facebook, og 633 vurderingar på Google. Dei eldste stammar frå tida Il Tempo dreiv i Guddy's-bua i Meierigata.
Eigaren ser framover
La Famiglia Trattoria har også «gjort krav» på Tripadvisor-sida til Il Tempo. Den nyaste av 39 vurderingar er frå juli 2026, ho viser til lokalavisa og opplyser at restauranten er lagt ned.
Kar opplyser at han har fått ta over SOME-kontoane av den tidlegare Il Tempo-eigaren. Nå ser Kar framover og ønsker generelt ikkje å bli assosiert med andre restaurantar.
Advokat Harald Øglænd er bustyrar i konkursen i Lavinia AS, som dreiv restauranten på M44.
I ein e-post til Jærbladet fredag skriv Øglænd at han kjenner til nyetableringa i Storgata. Han opplyser kort at ho skal undersøkast nærmare for å sjå om ho har nokon samanheng med konkursen.
Per 26. mai var det kome inn 91 fordringar i Lavinia AS, inkludert lønskrav, med ein total verdi på fem millionar kroner.
Fleire av krava har forfall langt tilbake i tid. Ifølge bustyraren var selskapet ute av stand til å gjera opp for seg ved inngangen til 2025.
Gjensyn med favorittar
Adem Kar har sjølv bakgrunn frå Il Tempo. Han får med seg fleire tidlegare kollegaer, både frå kjøkkenet og serveringa.
Éin av dei, Erkan Ozdenir, har fått jobben som kjøkkensjef.
Mange av pasta- og pizzarettane som tidlegare var å få på Il Tempo, skal serverast på La Famiglia Trattoria.
– Me har sett saman menyen basert på Bryne-folk sine favorittrettar gjennom dei siste ti åra, for å treffa det folk har sakna, seier Kar.
I tillegg skal han selja brød. Jakob Philipsen har lagt ned kafeen, men bakeriet forsvinn ikkje frå Bryne med det første.
– Han fokuserer på bakeridrifta, mens me fungerer som utsalsstad for dei økologiske brøda han i opningstidene våre. Slik hjelper to lokale bedrifter hverandre mot samme mål, seier Kar.