– Planen var å studera husdyrfag ved NMBU på Ås eller ved Nord universitet i Steinkjer. Men så trong dei meg på garden. Så eg tok over før tida, seier Åse Breivik Eikeland.
Ho smiler breitt.
– Det er ein fordel å ha utdanning den dagen ein gir ifrå seg garden. Men det vil ordna seg. Eg er glad eg blei bonde.
Heilt utan utdanning er 23-åringen ikkje. Ho har vinterlandbruksskulen på Jæren på toppen av vidaregåande på Øksnevad.
– Vinterlandbruksskulen var veldig lærerik. Den er det lurt for alle bønder å ha, meiner ho.
Farfar trør til
Formelt tok ho over garden på Eikeland ved nyttår, då ho kjøpte han frå faren.
– Fordi far har slite med helsa, dreiv eg garden i fire år før det, seier ho.
Nå er det ho som styrer det heile, for både faren, mora og hennar eigen mann, Ingvar, har anna arbeid på dagtid.
Men så er det farfar.
– Farfar kjem syklande frå Bryne tre-fire gongar i veka. Han fiksar gjerde, sprøyter ugras og hjelper meg å flytta dyr, fortel barnebarnet om Åmund Eikeland, som saman med farmor flytta ut av kårhuset der ho og Ingvar nå bur, for eit par år sidan.
Store beiteområde
Garden er på 1.100 mål. 280 av dei er dyrka gras, resten er beite. Det betyr at ho ikkje har gras til stort fleire dyr enn dei ho har. Men det betyr òg at molkekyra går ute frå mai til september.
– Dei går ganske langt, fortel ho.
– Det er veldig godt for dyrevelferd, og det er billegare at dei et ute. Dei går inn og ut av fjoset som dei sjølv vil. Utfordringa er at dei kjem og molkar seg for lite.
Men om natta kjem alle heim til gards. Sjølv står ho tidleg opp for å jaga dei inn i mjølkeroboten før dei går ut.
– Dei må molka minst to gongar i døgnet, helst tre, seier bonden.
Ho er glad i å gå tur og prøver å få seg ein runde kvar morgon. Området der dyra går på beite, har fleire flotte turløyper som er i bruk. Dyra er generelt fredelege, og ei sint ku vil visa det med kroppsspråk, seier ho: Den vil hiva på hovudet og skrapa med beina.
Gløymer ikkje hormonell ku
Men turgåarar bør tenka litt på korleis dei går når ein møter beitande kyr.
– Ein bør gå litt rundt dei, og hundar må vera i band. Ein bør ikkje komma mellom ku og kalv, tilrår Åse Breivik Eikeland.
I fjor hadde ho sjølv ei oppleving som var skummel, etter at ei ku hadde kalva på beite. Ho gjekk dit for å ta dei inn. Det skulle ho ikkje gjort, i alle fall ikkje akkurat då.
– Kua var full av hormon. Ho fekk panikk og sprang på meg, sette hovudet rett i brystet på meg så eg datt bakover og fekk hjerneristing. Etter forholda gjekk det bra. Ho ville ikkje ta meg, i så fall kunne ho trødd på meg. Ho ville berre vekk.
Men av denne erfaringa veit ho at kyr som kalvar ute, ikkje skal bli henta inn nokre timar etter.
– Heller dagen etter, seier bonden.
Unge folk, stor risiko
Ho leverer 350 tonn mjølk i året. Mjølkerobot har dei hatt på garden sidan 2016, då faren bygde lausdriftfjos.
Det er dottera glad for.
– Det er godt å ikkje måtta først kjøpa garden og så bygga om til lausdrift. Han ville bygga for framtida, og det gjorde ganske mange på den tida. Det var òg ganske mykje billegare enn det er nå, seier Eikeland.
Dei unge som tar over gard som ikkje har bygd om, må berekna 10–15 millionar kroner for nytt fjos, trur ho.
– Og ofte nærmare 15 enn 10. Aller tyngst er det for dei som kjøper gard på den opne marknaden, dei kan fort få økonomiske problem.
Mange nullar på rekningane
Sjølv kjøpte ho garden av faren for det ho kallar «ein overkomeleg pris». Men ho trur ho har meir lån enn dei fleste på sin alder.
– Det går greitt. Men det første året er hardt. For når lånet er høgt, er det òg høge renter.
Kvitteringane frå innkjøpa kvar månad, har også fleire nullar enn det som er vanleg for ein 23-åring.
– Eg brukar vel 140.000 i månaden på kraftfor, og eg brukar kunstgjødsel for rundt 300.000 i året.
Ho trur at økonomien hadde gått rundt utan inntekta til Ingvar, som er anleggsmekanikar og ifølge kona god til å fiksa ting.
– Men det hjelper godt på å ha to inntekter, seier ho.
Sekretær i bondelaget
Åse Breivik Eikeland finn tid til å engasjera seg fagpolitisk. Dei siste snart to åra har ho vore sekretær i Time bondelag. Det er eit verv ho synest er «veldig gildt». Engasjementet for å vera med og påverka rammene for livet som bonde, ligg også rett under overflata.
– Den største bekymringa for framtida er om det vil gå an å leva av å driva gard. Dette er politisk styrt og avhengig av kven som sit på Stortinget til kvar ein tid, og det gjer alt usikkert.
For kvinnelege bønder er forholda blitt betre i det siste, vedgår ho.
– Den store ulempa for jenter i landbruket er fødselspermisjonen. Nå er den blitt litt betre, ein får dekt utgiftene til å tilsetta nokon til å vera vikar. Men denne satsen er ikkje høg nok til å dekka alle kostnadane. Derfor blir utfordringa blir å finna nokon som vil ta jobben.
Lysta kom med betre ventilasjon
I familien Eikeland er dei fire døtrer. Åse er odelsjente.
– To av dei andre er avløysarar for meg. Dei likar å stedla, men ingen av dei kunne tenkt seg å ta over, fortel storesøstera.
Likevel: Ho har ikkje alltid visst at ho skulle bli bonde. Den lysta kom først på slutten av ungdomsskulen. Ho har aldri følt på press eller forventning, seier ho. Men éin grunn til at yrket lenge ikkje kjentest så freistande, var denne:
– Eg er i grunnen allergisk mot kyr!
Men etter at faren bygde lausdriftfjos, blei alt betre. Det blei mindre nysing og ikkje så mykje som rann.
– Det nye fjoset har betre ventilasjon. Og så tar eg tablettar. Det går fint. Det finst mange bønder med pollenallergi, som eg òg har, seier Åse Breivik Eikeland.
– Sånn er det med bønder. Me berre ignorerer det!