VITSKAPLEG PROSESS: Etter grundig research hamna Deniz og Fatma Bardakci på Bryne. Fatma ville by meir urbant, og fortel at ho har vore på Ikea mange gongar sidan dei kom 1. juni.
RESEARCH: Etter grundig research hamna Deniz og Fatma Bardakci på Bryne. Fatma ville by meir urbant, og fortel at ho har vore på Ikea mange gongar sidan dei kom 1. juni. Foto: Snorre Standish Norheim

– Du kan ikkje basera ny kjærleik på gamle forhold, seier Deniz Bardakci om merittane sine.

Lidenskapen for mat ligg i familien, både faren og broren er kokk, og har inspirert tallause kulinariske oppdagingsreiser over heile Europa.

I Stockholm jobba han i ti år på restaurantar, serverte ABBA og kongefamilien, studerte kulturgeografi og fann den store kjærleiken.

For ti år sidan overtalte han Fatma til å vera med han tilbake til Norge, for å opna restaurant in the middle of nowhere. Han gjekk barneskulen, ungdomsskulen og vidaregåande i Bergen, slår lett over til bergensk om nokon set han på tanken, men har som Fatma, opphavleg kurdisk bakgrunn.

Han kjende seg som ein gjest i Sverige, det er Norge som er heimlandet. Og aller mest heime kjenner han seg i Finnmark.

Kåra til best i landet

Heilt inst i Varangerfjorden overtok han ei nedlagt vegkro. Dit flytta han og Fatma i 2012, skapte seg eit liv og eit renommé.

To år på rad, i Norges Automobilforbund sitt svar på Michelin-guiden, kåra ein jury av fagekspertar staden til landets beste i sitt slag.

Blide versjonar av Deniz er avbilda i Aftenposten, NRK og ikkje minst lokalavisene i Finnmark, der han fekk status som kjendis og restaurantbaronen i Indre Finnmark.

Gjennomgangsmelodien i sakene er det NRK ganske presist omtalte som «vertens hjertelige tilstedeværelse».

Ein skribent skriv i Nettavisen at han tilfeldigvis stoppa bilen der E6 møter E75, aust i Finnmark, og vart mottatt som ein heimkomen son. Han fekk bakoversveis av verten, som møtte han med energi, sjarm og røvarhistorier.

Kultursjokk på Guddy's

Sidan august er det ikkje lenger i vegkroa i Varangerbotn, men i eit tradisjonsrikt gatekjøkken på Bryne, at Deniz tar imot gjester.

Il Tempo trattoria og pizzeria er det usannsynlege namnet på serveringsstaden i Guddy's-bua, som aldri har vore kjent for gastronomiske opplevingar, men som nå byr på italienskinspirerte rettar laga av dei beste råvarene frå inn- og utland.

– Å, hummar på Guddy's, seier Deniz og hermar etter ein overraska kunde.

På veggane i lokalet heng det titals bilde av jærbuar som ikkje berre har slått seg ned og ete maten med eit smil om munnen, men også har late seg avbilda. Dei same jærbuane, og endå fleire til, er avbilda på Facebook-sida til Il tempo.

Jærbuar som frivillig og utan å mukka lèt seg fotografera! Det er resultatet av eit kultursjokk.

– Il Tempo tyder «litt fart»‚ svarer Deniz med overbevisning, på spørsmål om kvifor han valde akkurat dette namnet.

Det er ikkje italienske ordbøker samde i, men poenget står seg like fullt: Her står Deniz i kokkehabitt, eit halvt år etter opninga på Bryne, som ein framgangsrik representant for den finnmarkske veremåten, som er imøtekomande, lidenskapleg og full av liv.

Først og fremst familiemann

Deniz er éin av ei handfull menneske på Jæren som sette pris på at månaden april starta med full snøstorm. Éin av dei få som likte den rekordlange kuldeperioden som innleidde 2020 med å teppeleggja jærlandskapet under snø og is.

Hadde han vore ungkar, hadde han flytta nordover på dagen, men ungkar er han ikkje. Rett nok er han blitt naturalisert finnmarking, og har til og med lært seg samisk, men det er først og fremst familiemann han er.

Foreldra ønskte å gje ungane eit variert aktivitetstilbod, og at ungane kan bu heime til dei er ferdige med vidaregåande skule.

Eldstejenta Meyra er 11 år og nærmar seg ungdomsskulealder. Ho har tre sysken, Lara (6), Aslan (4) og Lavin (8 månader).

– Me har prata om å flytta sørover, og ønskte å flytta til eit urbant strok. Koronaen vart ei moglegheit til å få ein ny start, og gje barna våre fleire moglegheiter. Derfor begynte me å forska på kvar me skulle flytta, fortel Deniz.

Sakna Ikea og Syden

– Folk var fortvilte. Finnmark vart lagt ned og gløymt under koronaen, seier Deniz.

Etter fleire år med rask vekst, opplevde han at businessen stoppa brått. Han køyrde pizza frå Varangerbotn til Berlevåg, som ligg heile 15 mil unna, men kundegrunnlaget som drifta var basert på, var vekk.

Asiatane kom ikkje for å laga barn under nordlyset, og så var det turistane frå Australia, New Zealand og Europa som ikkje kom. Fuglekikkarane måtte bli heime, laksefisket og jaktsesongen gjekk fløyten, mens campingturismen og grensehandelen skrumpa inn.

På same tida, på nesten vitskapleg vis, fann han og kona ut at Bryne måtte vera ein god plass for dei å busetja seg.

Familien hadde ikkje eingong besøkt staden før dei kom hit 1. juni, for å slå seg ned for godt.

– Eg hadde aldri høyrt om Bryne! Eg hadde kanskje høyrt om eit eller anna idrettslag, men visste ikkje om det var ishockey, handball eller fotball, seier Deniz.

Variablane som ligg til grunn for valet, var mange og presist definerte:

  • Barna skulle få tileigna seg gode norske verdiar på ein familievenleg stad med eit kompakt sentrum med mange aktivitetstilbod. Ikkje som i Finnmark, der «alle» funksjonane ligg milevis frå kvarandre.
  • Staden skulle liggja nær ein større by, men ikkje vera ein stor by. Det skulle ikkje lenger vera nødvendig å måtta fly for å gå på teater, restaurant eller universitetet.
  • Mildt klima og fire årstider, fordi ikkje alle i familien er like glad i snø som Deniz. Frå Finnmark var dei vande med spektakulær natur, derfor betydde det mykje at staden kunne by på naturopplevingar, slik som dei jærske strendene.
  • Internasjonal flyplass. Familien ønskjer å reisa utan å måtte planleggja månader fram i tid, og utan å måtta leggja seg inn på hotell ei natt på Gardermoen, for å koma seg til Syden.
  • IKEA. Dei ville handla utan å måtta kryssa fleire landegrenser og fortolla varene fleire gongar. Deniz fortel at ein blir importspesialist av å planleggja ei reise til IKEA.

Jærbuen er som Nato-folk

– På mange måtar kjennest dette som eit anna land, meiner Deniz, som har tatt fatt på oppgåva som kulturfortolkar med same vitskaplege framgangsmåte som då han kalkulerte seg fram til at Bryne måtte vera rett stad å bu.

Annan mentalitet, andre menneske, anna klima, andre haldningar, annan humor – alt dette gjev annan matkultur, som tar tid å fordøya. I Finnmark møtte han ein vegetarianar éin gong i kvartalet, fortel han, mens på Bryne kjem det dagleg kundar som er veganar.

Jærbuen minner han ikkje så reint lite om vadsøværingen, som er seriøse og ikkje tullar så mykje. Det er fordi «alle» i Vadsø jobbar på Nato-stasjonar og må halda på hemmelegheiter, fortel Deniz og ler.

– Folk er veldig dyktige på å halda koronadistanse her, mens finnmarkingar flest er meir opne av seg. Me treff ikkje så mange menneske, derfor er dei me treff på våre beste venar.

Sydenkjensle frå nord

– Eg trur me har ein god dialog, eg og jærbuane. Nå har eg brukt seks månader på å læra jærbuens matkultur å kjenna, og treng nok seks månader til.

Gjengen som hausta lovord i Varangerbotn, er den same som står og eltar pizzadeigen på Bryne. Målet deira er å ha ein jobb å gå til, sjølv om marknaden av serveringsstader ifølgje Deniz er både vel etablert og truleg overetablert.

Velkomsten så langt har vore god. Fleire har kommentert den gode stemninga på Il Tempo.

– Eg trur det er finnmarkshumøret. Folk seier at dei får sydenkjensle når dei kjem inn her, men i realiteten er det Finnmark, seier Deniz og gliser.