11 av dei 13 tilsette ved Norgesdekk avdeling Jæren var inne då Jærbladet var på besøk. Frå venstre: Husni Rashid Mustafa Hussain (Voll), Jone Stangeland (Tu), Stein Arild Sørdal (Sandved), Lars Skår (Bryne), Pål Joar Hole (Verdalen), Leif Rune Ølberg (Orre), Hilde Stangeland (Kleppe), Sveinung Ueland (Varhaug), Håvard Hansen (Kleppe), Tom Erik Lye (Lye) og  Kestutis Kublinskas (Tjøtta).
11 av dei 13 tilsette ved Norgesdekk avdeling Jæren var inne då Jærbladet var på besøk. Frå venstre: Husni Rashid Mustafa Hussain (Voll), Jone Stangeland (Tu), Stein Arild Sørdal (Sandved), Lars Skår (Bryne), Pål Joar Hole (Verdalen), Leif Rune Ølberg (Orre), Hilde Stangeland (Kleppe), Sveinung Ueland (Varhaug), Håvard Hansen (Kleppe), Tom Erik Lye (Lye) og Kestutis Kublinskas (Tjøtta). Foto: Åge Bjørnevik

– Dei aller fleste av dei har vore med sidan tida då me dreiv verksemda vår frå Voll. Det er gøy – og viktig – at folk trivst og blir verande, seier Jone Stangeland i Norgesdekk AS.

46-åringen har hatt dekkverksemda tett på seg heilt sidan han var liten.

– Men i oppveksten jobba eg meir på garden enn på dekkverkstaden, sjølv om eg var med litt de også, fortel Stangeland.

Mange var med på flyttinga

Jone var berre seks år då faren, Arne J. Stangeland, starta i det små med traktordekk heime på garden på Voll i 1984. Som kjent balla det godt på seg.

I dag er Jone medeigar og med i leiinga for Norgesdekk AS, som i fjor rykka opp to plassar og blei landets nest største dekkgrossist, med ein omsetnad på over 1,1 milliardar kroner.

På landsbasis er dei 105 tilsette, fordelt på sju avdelingar frå Kristiansand i sør til Narvik i nord.

Jone Stangeland er del av toppleiinga i Norgesdekk AS, som ansvarleg for økonomi og innkjøp. Han er også stor eigar i dekkgrossisten.
Jone Stangeland er del av toppleiinga i Norgesdekk AS, som ansvarleg for økonomi og innkjøp. Han er også stor eigar i dekkgrossisten. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

På avdeling Jæren, som ligg like ved godsterminalen på Ganddal, er dei 13 tilsette.

12 av dei bur i Jærbladet sitt dekningsområde, og heile ti av dei var med på flyttelasset då Norgesdekk for 14 år sidan flytta frå Voll til Ganddal.

Jone Stangeland har sjølv budd i Klepp heile livet – først på Voll, så på Kleppe og no på Tu – og synest det er gildt å ha så mange jærbuar med seg.

– Ein god arbeidsplass

Ein av dei tilsette som har vore med lenge, er Tom Erik Lye (snart 40) frå Lye, som er nestkommanderande på lageret.

Han har jobba i bedrifta i 18 år, og har vore i dekkbransjen sidan han begynte i lære hos Ford på Bryne som 16-åring.

– Norgesdekk er ein god arbeidsplass. Me er ein god gjeng som har jobba saman lenge, og det set eg pris på, slår Lye fast.

Tom Erik Lye frå Lye har jobba i det som no er Norgesdekk AS i 18 år. Her borar hol til piggar i eit stort traktordekk. Bak han skyt kollega  Kestutis Kublinskas frå Tjøtta, som har jobba der i 14 år, inn piggar i eit anna dekk.
Tom Erik Lye frå Lye har jobba i det som no er Norgesdekk AS i 18 år. Her borar hol til piggar i eit stort traktordekk. Bak han skyt kollega Kestutis Kublinskas frå Tjøtta, som har jobba der i 14 år, inn piggar i eit anna dekk. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

Når Jærbladet er innom onsdag morgon, er han i full sving med ei oppgåve han synest er blant dei mest kjedelege og rutineprega på jobben, men som likevel er viktig: å setja piggar i eit traktordekk.

På traktor- og lastebildekk blir dette gjort manuelt.

Først må det borast hol til kvar pigg, og så må piggane skytast i. Berre så langt denne månaden anslår Tom Erik Lye at han har sett i 5000 piggar. Dekka må vera klare til vintersesongen.

– Logistikk-delen av jobben er meir spennande, fortel Lye.

Det kjem stadig nye containerar med dekk som skal registrerast inn og leggjast på lageret, og deretter hentast ut når kunden treng dei.

Spennande marknad

Den siste månaden har Norgesdekk feira 40-årsjubileum med brask og bram, først på høghuset på Bryne og deretter med tur for alle tilsette med følge til Krakow i Polen.

På det store lageret til Norgesdekk AS like ved godsterminalen på Ganddal er der hyller med dekk til langt oppunder taket. Då er det godt å ha truck som kan koma til oppe i høgda.
På det store lageret til Norgesdekk AS like ved godsterminalen på Ganddal er der hyller med dekk til langt oppunder taket. Då er det godt å ha truck som kan koma til oppe i høgda. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

– Det har vore mykje feiring, men no nærmar vintersesongen seg, så no må me jobba på. Resultata kjem ikkje av seg sjølv, seier Jone Stangeland med eit stort smil.

Sonen til gründeren gjekk rett inn i familiebedrifta etter fullført utdanning i 2002, og har jobba i ulike roller der etterpå, no som ansvarleg for økonomi og innkjøp.

– Det er spennande. Marknaden er i endring, mellom anna er det blitt mange fleire storleikar på personbildekk etter at elbilane kom for fullt.

– Vårt største konkurransefortrinn er at me har avdelingar og lager på sju ulike stader, og at me dermed kan levera raskt til forhandlarar over heile landet, slik at kundane våre kan frigjera plass på sine eigne lager, seier Stangeland.

På landsbasis leverer Norgesdekk alle typar dekk, felgar og tilbehør til rundt 3000 dekkforhandlarar. Dei er ein rein grossist, og sel ikkje direkte til forbrukarane.

Den store nedgangen i nybilsalet er godt merkbart for dekkbransjen, men Norgesdekk har ein mindre andel av nett denne marknaden enn andre.

– Me hadde ei utflating i fjor, med ein omsetnad på godt og vel 1,1 milliardar, der me også låg året før. Fleire av dei andre i bransjen hadde ein nedgang.

– Dermed klatra me opp til andreplassen på lista over dei største norske dekkgrossistane. Målet i år er å nå ein omsetnad på 1,2 milliardar, fortel Stangeland.

Satsar stort i Sverige

Morselskapet Nd Holdco AS, som eig heile Norgesdekk, satsar også friskt i Sverige. Denne veka blei det offentleggjort at dei har kjøpt opp den svenske dekkgrossisten Dexen AB, som held til i Göteborg. Frå før eig dei også Valla Däck i Sverige, og til saman reknar dei med ein omsetnad på rundt 600 millionar kroner i den svenske marknaden.

Jone Stangeland jobbar tett opp mot den svenske delen av satsinga, saman med Ansgar Alm Raastad, som overtok som dagleg leiar i Norgesdekk AS etter Arne J. Stangeland i 2021.

– Han har kontoret sitt i Oslo. Framleis sit halve leiinga her på Jæren, men me har fått ein betre geografisk spreiing av nøkkelpersonell, forklarar Jone Stangeland.

I Sverige har Norgesdekk-eigarane 71 prosent av aksjane i det svenske holdingselskapet. Inntil vidare skal grossistane i Sverige driva vidare under dei etablerte namna sine, men etter kvart er planen å finna eit felles kjedenamn også der.

Nd Holdco har også begynt å sjå på Finland som ein mogeleg marknad, sidan finnane brukar same type dekk som det nordmenn og svenskar gjer.

Far Arne J. Stangeland og son Jone Stangeland eig til saman framleis 51 prosent av morselskapet til Norgesdekk. Ertvaag-familien i Stavanger eig 33,4 prosent. Resten av Nd Holdco AS er eigd av tilsette i Norgesdekk-systemet.