Femåringane Millie Myrstad og Ivar Harbo er vane med å stella dyra på garden, og med å klappa kaninar. Men  lette å få tak i, er kaninar ikkje.
Femåringane Millie Myrstad og Ivar Harbo er vane med å stella dyra på garden, og med å klappa kaninar. Men lette å få tak i, er kaninar ikkje. Foto: Ingeborg Eliassen

Det er framleis formiddag, og dei har vore på tur. Sola skin frå blå himmel og har rokke å tina fleire av morgonens sjeldant mange minusgrader.

Nå varmar små skrottar seg på tomatsuppe ved bålet i grillhytta før dei skal ut igjen på Tunet, og kanskje til fjoset der mange av dyra held til nå når det er så kaldt.

Millie Myrstad er fem år. Heime har ho ingen dyr. Men i barnehagen har ho mange.
Millie Myrstad er fem år. Heime har ho ingen dyr. Men i barnehagen har ho mange. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Millie og Ivar visar fram nokre av dei:

Grisane Gjertrud og Gislaug, som kjem vaggande med forventningsfulle grynt når femåringane stiller seg opp ved gjerdet.

Og endå kjekkare:

Kaninane i fjoset.

Dei er digre og svært raske, så her trengst slagplan, samarbeid og handlekraft. Det har Millie og Ivar, og der står dei plutseleg med ein av dei kvite, mjuke og sparkande dyra i armane.

Dei likar seg i barnehagen, ute og inne, seier dei.

Full pott

Det gjer foreldra i barnehagen òg, viser den ferske foreldreundersøkinga.

Mellom barnehageforeldre, på spørsmål om kor tilfredse dei er generelt, får Vasshus gardsbarnehage på Voll karakteren 5, som er den høgaste.

45 av Jærens 47 barnehagar har hatt mange nok foreldresvar til å koma med i oversikta. Fire andre scorar 4,9, og den lågaste karakteren i målinga på dette punktet er 4.

Styrar Kari-Synnøve Aasland Sundal er glad over tilbakemeldinga.

– Dette var kjekt å høyra! Nå må me ha kake eller noko, seier ho som har styrt den private gardsbarnehagen sidan 2012.

Kari-Synnøve Aasland Sundal har vore styrar i Vasshus gardsbarnehage sidan 2012. – Personalet og eigarane, Helga og Bjarte Bore, er å takka for at det er så bra å vera her, seier ho.
Kari-Synnøve Aasland Sundal har vore styrar i Vasshus gardsbarnehage sidan 2012. – Personalet og eigarane, Helga og Bjarte Bore, er å takka for at det er så bra å vera her, seier ho. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Æra for resultatet er det i hovudsak personalet og eigarane som skal ha, seier ho.

I år har barnehagen 20-årsjubileum, og i staben er enno fleire som har vore med sidan starten, ifølge Aasland Sundal.

– Og eigarane, Helga og Bjarte Bore, som dreiv med mjølkeproduksjon før dei bygde garden om til barnehage, er svært engasjert og tenker heile tida på korleis dei kan gjera ting endå betre.

Utvida kristen formålsparagraf

Vasshus skil seg klart ut på to måtar:

  • Den er gardsbarnehage, med geiter, kaninar, marsvin, grisar og sauer – pluss store uteområde.
  • Den har utvida kristen formålsparagraf. Det betyr at eigarane vil at «bibelens verdier skal prege hverdagen». I praksis betyr det kristne bordvers, kristne samlingar og bibelforteljingar.

– Me markerer jul og påske litt ekstra, fortel Aasland Sundal.

I desember har dei daglege adventssamlingar, og før jul framfører dei eldste ungane juleevangeliet for foreldra.

– Me har påskevandring ute, der me går gjennom påskebodskapen. Me har hatt ein hest som esel å ri på.

– Kva med Jesus på korset?

– Det viser me ikkje, berre at det blir natt og han står opp igjen, seier styraren.

Ungane har store uteområde å boltra seg på og å gå på tur i. Der er mellom anna Tunet, 77-metersskogen, Småland for dei yngste og Berget med gapahuk og bunkerar.
Ungane har store uteområde å boltra seg på og å gå på tur i. Der er mellom anna Tunet, 77-metersskogen, Småland for dei yngste og Berget med gapahuk og bunkerar. Foto: Foto: Arna Risa Thu

Hesten var gammal og måtte dessverre døy i fjor. Det er eigarane som har ansvaret for dyra.

– Men me er alltid på jakt etter nye dyr, seier Aasland Sundal.

Ut over dei to særtrekka er Vasshus gardsbarnehage mykje som andre barnehagar: Den har kommunen sine prisar og gjer mykje det same som kommunale barnehagar pedagogisk, seier styraren.

– Me skal ikkje vera ei boble for oss sjølve. Me skal vera i eit samfunn, seier ho.

Ungane kjem frå heile kommunen, og til og med frå andre kommunar, men flest bur i Verdalen.

Alltid plass te ein te, er mottoet i gardsbarnehagen. Foreldra medvirka til å laga desse reglane.
Alltid plass te ein te, er mottoet i gardsbarnehagen. Foreldra medvirka til å laga desse reglane. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Vil ha meir informasjon

Foreldreundersøkinga refererer svar på fleire spørsmål, nemleg om kor fornøgde foreldra er med barnet si utvikling, barnet sin trivsel, ute- og innemiljøet. Og informasjon.

Vasshus sin lågaste score er på informasjon: 4,7, den same karakteren som seks andre barnehagar på Jæren har fått, bak Haugland gardsbarnehage i Time, som har fått den høgaste poengsummen, 4,8.

Dette punktet er alltid det lågaste, ifølge styraren.

– Me har spurt foreldra korleis dei ønsker å få informasjon og kva dei ønsker informasjon om. Me er einige om munnleg informasjon til dagleg, e-post på litt større ting og fellesmeldingar på sms.

– Men kanskje trengst meir informasjon om tilfelle der personale byter avdeling eller sluttar.

Avklarer forventningar

– Har foreldra sine forventningar til barnehagen endra seg sidan du begynte i yrket?

– Ja, dei er litt tydelegare nå enn før. Det er ikkje negativt. Me har godt samarbeid, og foreldra kjem med gode innspel. Ein ting som har hjelpt, er at me er tydelege før oppstart. Me har eit forventnings-avklaringsskriv som foreldra skriv under på, og som mellom anna handlar om mat og sjukdom.

Femåringane Millie Myrstad og Ivar Harbo er vane med å stella dyr - og ikkje redde for å halda ein sparkande kanin.
Femåringane Millie Myrstad og Ivar Harbo er vane med å stella dyr - og ikkje redde for å halda ein sparkande kanin. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Lang innkøyringsfase

Eit anna vellukka grep har dei lært av ein annan barnehage, seier Aasland Sundal: Lang tilvenning for nye barn.

Då ho var nyutdanna, var foreldra med to-tre timar i tre dagar.

– Det gjekk seg til, men det var mykje grining, for ungane var ikkje klare. Nå køyrer me kortare dagar over ei til to veker. Foreldra styrer, dei er der, dei skifter bleie og legg ungen i vogna. Me står ved sidan av. Etter kvart kan me overta og dei trekka seg ut – med ungar som er mykje tryggare enn før, seier Kari-Synnøve Aasland Sundal i Vasshus gardsbarnehage.