Eit straumforbruk på inntil 100 megawatt (MW) levert på éin gong, er ikkje småtteri.
Det representerer eit «svært stort og konsentrert forbruk» samanlikna med dagens kundar i Undheim-området og er meir enn det regionale nettet kan tola utan tilpassingar, ifølge Lnett.
Utan store investeringar kan ikkje datasenteret til Green Mountain koplast til nettet. Det alternativet er ikkje akseptabelt for eit nettselskap med lovpålagt plikt til å kopla til nye kundar.
Lnett har vurdert tre alternative energiløysingar og landa på at det beste vil vera å etablera ein ny koplingsstasjon nær Kartavoll.
Investeringa vil kosta , ifølge Lnett.
Utelukka negative konsekvensar
– Forverrar etablering av kraftkrevjande industri på Undheim forsyningstryggleiken til eksisterande restkundar?
Spørsmålet om samfunnseffektar vart stilt av konsulenten som hjelpte til med å greia ut energiløysinga til næringsområdet på Undheim.
Aabø PowerConsulting svarte nei på spørsmålet i ein rapport som låg ved planen lokalpolitikarane i Time vedtok i 2021.
Konsulenten peika på kapasiteten ved dei nye transformatorstasjonane i Bjerkreim (2019) og på Opstad i Hå (2020).
Dei vart bygde på grunn av auka straumbehov på Jæren og fleire vindparkar i området som kravde nettilknyting, skreiv konsulenten.
«Strømnettet rundt Undheim er dermed et nytt og robust nett og er i stand til sikre forsyningen av både eksisterende og nye kunder.»
Legg til rette for meir industri
Lnett konkluderer med at ein ny koplingsstasjon er nødvendig for å sikra stabil straumforsyning både til nye og eksisterande kundar.
Plasseringa på Kartavoll gjer at stasjonen kan koplast til Bjerkreim transformatorstasjon via kraftlinjene til Opstad og Måkaknuten vindpark.
Frå koplingsstasjonen til datasenteret skal det byggast to parallelle forbindelsar, éin for kvar forsyningsveg.
Fordelen er at datasenteret då får to uavhengige straumforsyningar og kan driva vidare uforstyrra dersom éin sviktar.
Lnett har valt bort eit noko rimelegare alternativ om å legga koplingsstasjonen på forbindelsen mellom Bjerkreim–Opstad.
Det kostar 50 millionar kroner mindre, men sløyfar berre inn den eine kraftlinja.
Alternativet kjem òg dårlegare ut fordi det i liten grad legg til rette for auka forbruk rundt datasenteret og elles i Time, Klepp og Hå.
Lnett forklarer i utgreiinga at den nye koplingsstasjonen trengst for «å møte behovet for industriutviklingen i området».
I etterkant av publiseringa av denne artikkelen, ønsker Lnett å presisera:
«Ny koblingsstasjon gir lavere nettap, bedre fleksibilitet i drift og vedlikehold av nettet og bedre muligheter for å knytte til nytt forbruk i området. Det er altså ikke en løsning som kun er valgt for å møte behovet for industriutvikling i området. De andre forholdene er vel så viktige.»
Utviding skulle løysa restvarme
Etter at datasenteret på Undheim vart ein realitet har initiativtakarane bak næringsområdet spelt inn forslag til kommunen om å utvida det.
Politikarane i formannskapet leier arbeidet med å revidera kommuneplanen i Time, og eit fleirtal vil gå vidare med forslaga.
Dei vil utvida datasentertomta med 237 dekar og legga til rette ei tomt på 151 dekar i nærleiken, for biogassanlegg.
Forslaga vil mangedobla næringsarealet og er grunngjevne med eit ønske om å utnytta overskotsvarmen frå datasenteret.
Bruken av overskotsvarme fekk lite merksemd før næringsområdet langs Undheimsvegen vart vedtatt i 2021.
Per nå ikkje finst det ingen som kan bruka restvarmen i området, viser ein analyse utbyggaren måtte levera før datasenteret fekk byggeløyve i 2025.
Lnett forkastar energiløysing
Detaljplanen for næringsområdet er vag om kva type aktørar som kan vera aktuelle kundar – på kort og på lengre sikt.
I reguleringsarbeidet skisserte konsulenten derfor to heilt ulike energiløysingar, som kunne byggast ut kvar for seg.
Dersom det dukka opp ein kraftkrevjande kunde som raskt trong tilgang til mykje effekt, kunne ein hoppa over steg éin.
I steg to var den tilrådde løysinga å knyta seg til Høg-Jæren vindkraftverk sin eksisterande jordkabel:
«Dette vurderes som den mest kostnadseffektive måten å realisere større kraftuttak på Undheim på da denne kabelen har stor kapasitet, også når vindparken ikke produserer. Denne løsningen krever kun en ny koblingsstasjon ved vindparkens kabel, en ny jordkabelforbindelse til Undheim på ca. 2 km og en ny 132/22 kV transformatorstasjon på industriområdet.»
Nettopp på grunn av jordkabelen konkluderte konsulenten at kraftuttaket ikkje ville gå på kostnad av eksisterande nettkundar.
Lnett har i år forkasta ideen om å knyta seg til vindkraftverket sitt anlegg.
Avgjerande nærleik til vindkraft
Rundt datasentertomta i Undheimsvegen er det lite anna enn Høg-Jæren vindkraftverk.
Nærleiken til kraftverket var avgjerande for at tomta i det heile tatt kunne regulerast om frå landbruk til næring.
Etter mekling med kommunen trekte Statsforvaltaren motsegna til kommuneplanen mot at denne føresegna vart skriven inn:
«Innanfor området NU1 tillatast det berre verksemder som har eit særskilt behov for å vera lokalisert nær vindparken eller nær kraftlinja som skal etablerast.»
Stilte spørsmål ved kopling
Statsforvaltaren kritiserte energiløysinga i detaljplanen og peika på at steg éin eigentleg ikkje legg til rette for kraftkrevjande industri.
Det gjekk ut på å legga ein sju kilometer lang jordkabel med lågt spenningsnivå frå transformatorstasjonen på Opstad.
«Slik sett skiller ikke dette næringsområdet seg strømforsyningsmessig fra andre næringsområder slik vi leser dette. Det er naturlig å stille spørsmål ved hvorvidt samlokalisering av vindmølleparken og dette næringsarealet i det hele tatt har noen kobling?»
Når Lnett forkastar løysinga konsulenten skisserte for steg to – og etablerer eit nytt anlegg – er spørsmålet frå 2021 igjen aktuelt:
Kva er eigentleg grunnen til at datasenteret skal byggast akkurat på Undheim?
Fjernar permanent tilknyting
Nettselskapet vil berre godta jordkabel som ei mellombels energiløysing.
Denne skal ikkje koplast til Høg-Jæren vindkraftverk til anlegg, men til kraftlinja som passerer på veg frå Bjerkreim til Opstad.
Når Kartavoll koplingsstasjon står ferdig, skal jordkabelen mellom datasenteret og vindparken sitt område gravast opp igjen.
Lnett har vurdert og forkasta tilknyting til vindparken sitt anlegg – også som ei mellombels løysing.
Det er fordi anlegget er laga for straumproduksjon, ikkje for forbrukskundar, og heller ikkje oppfyller relevante forskriftskrav.
Dessutan har datasenteret behov for to uavhengige forsyningsvegar, og enklare løysingar er derfor forkasta.
Eksisterande løysingar kan ikkje brukast, konkluderer dei:
«Midlertidige løsninger kan bidra til tidligere oppstart av datasenteret, men kan ikke erstatte behovet for en permanent og robust nettstruktur. For å sikre langsiktig forsyningssikkerhet og legge til rette for framtidig utvikling er det derfor nødvendig med investeringer i regionalnettet.»
Ikkje sett av plass
Alle energiløysingane føreset at Green Mountain bygger sin eigen trafostasjon, som det er sett av plass til på datasentertomta.
Transformatorstasjonen tar straumen frå leidningsnettet og omdannar han til rett spenningsnivå til bruk i datasenteret.
Som eit tredje alternativ har Lnett vurdert om også koplingsstasjonen kan byggast ved datasentertomta, med to forsyningsvegar.
Alternativet inneber å kopla seg på kraftlinjene mellom trafostasjonen i Bjerkreim og vindparkane på Måkaknuten og Høg-Jæren.
Det har minst ikkje-økonomiske konsekvensar, men med ein pris på 756 millionar kroner, er dette det dyraste alternativet.
Sidan koplingsstasjonen ikkje låg i nokon planar før datasenteret kom, er det ikkje sett av plass nokon av stadene Lnett har vurdert.
Ambisjon om 2031
Lnett har konkludert at Kartavoll koplingsstasjon skal byggast.
Avgjerda er starten på ein saksgang med utarbeiding av søknad med konsekvensutgreiing, og så utarbeiding av ein detaljplan.
Detaljplanen skal visa dei fysiske konsekvensane for natur og miljø, og eventuelle tiltak som skal gjerast for å redusera konsekvensane.
Lnett har som ambisjon at koplingsstasjonen står ferdig i 2031, cirka tre år etter at serverane i datasenteret begynner å sviva.