År etter år har skilta stått der, på høgre side av vegen på Tunheim og Fosse, mellom Undheim og Bryne.
Skilta har blå plate og kvit tekst, på norsk og engelsk, og ber bilistane følga ein «ny vegforbindelse» via fylkesveg 505 til fylkesveg 44.
Statens vegvesen har dessverre gløymt å fylla ut feltet for oppsettingsdato i den nasjonale vegdatabasen, men historiske foto hjå Vegvesenet viser at skilta har stått her sidan seinast 2016.
For å få veta akkurat kor lenge skilta har stått der – og kor lenge vegforbindelsen har vore «ny» – kontakta Jærbladet eigaren av vegen.
Brua over godsterminalen
Spørsmåla vart stila til Aksel Grunnreis, som er seksjonssjef for vegforvaltning i Rogaland fylkeskommune.
Etter nesten ei veke utan svar kopla Jærbladet på kommunikasjonsavdelinga, som stadfesta at Grunnreis var rett adressat.
Han må ha delegert oppgåva vidare, for dagen etterpå kjem svaret frå Eivind Stangeland, seksjonssjef veg – drift og vedlikehald sør.
Han opplyser at skilta vart sette opp i samband med opninga av Brunnholen bru, som leier trafikken til fylkesveg 44 og riksveg 444.
– Kva seier skilta eigentleg – kva er den nye vegforbindelsen?
– Dei fortel berre at det er ein ny veg på fv. 505 til fv. 44, frå Vagle til Skjæveland, svarer Stangeland.
Vidare vil Jærbladet veta kven skilta på Fosse og Tunheim eigentleg er meint for.
Dei som køyrer strekninga Undheim–Bryne ofte, veit godt at den skilta forbindelsen slett ikkje er ny – og dei som ikkje har vore her før, veit korkje kva som er gammal eller ny forbindelse.
– Det er nok meint for alle trafikantar ei tid etter opning av vegen, skriv Stangeland i ein e-post.
Fylket hallusinerte
På få år er bruken av kunstig intelligens blitt daglegdags. Hallusinasjon er uttrykket me bruker når språkmodellane konstruerer skråsikre svar som kan høyrast fornuftige ut, men som faktisk er feil.
Svaret frå fylkeskommunen minner oss om at hallusinasjon ikkje er eit nytt fenomen.
Fotoa i vegdatabasen viser at skilta vart sette opp før Brunnholen bru i det heile tatt vart begynt på, og lenge før den nye vegen offisielt opna i 2020.
Seksjon for forvaltning, drift og vedlikehald i fylkeskommunen anar med andre ord ikkje kva vegforbindelse skilta viser til.
Ukjent alder
– Det kan verka som du har betre svar enn meg, seier Stangeland då han ringer opp dagen etter.
Jærbladet har sendt han eit knippe utsnitt frå Vegkart, som viser at skilta stod der i fleire år før 2020, då fylkeskommunane tok over frå Vegvesenet.
Den nye informasjonen frå avisa gjer at gårsdagens teori må forkastast:
– Ut frå det teksten seier, så heng informasjonsskilta saman med vegane i Sandnes-området, og skal rettleia folk til fylkesveg 44. Sånn som me tolka det, er det ei hjelp til å ta i bruk den nye brua over Brunnholen, men den opna jo ikkje før i 2019.
Altså:
– Kvifor dei vart sette opp før den tida, det veit me rett og slett ikkje.
Skilta skal ned
Stangeland fortel at det alltid blir laga ein skiltplan som må godkjennast før eit skilt blir sette opp.
Han reknar med at Vegvesenet sit på meir dokumentasjon, men har sjølv ikkje tilgang til annan informasjon enn den Jærbladet har funne.
Framtida til skilta er det dagens vegeigar som må svara på, og det har dei gjort:
– Me har diskutert med erfarne skiltfolk og ser at det ikkje har noko hensikt at skilta står der lenger. Dei vil me ta ned, og så kan me heller bruka materiellet ein annan plass, seier Stangeland i fylkeskommunen.
Overvurderte forgjengaren
Stangeland har høge tankar om kollegaane i Vegvesenet, men det er det ingen grunn til.
– Det finst truleg ingen skiltplan for dette. Når det var snakk om enkeltskilt som dette så var det ikkje vanleg å lage ein skiltplan for det, svarer pressevakt Øystein Skotte måndag føremiddag.
Utover dette, opplyser han, har ikkje Statens vegvesen noko å legga til svara avisa har fått frå fylkeskommunen.
Det er mindre enn kollegaen lova på fredag. Då skulle spørsmåla om når skilta vart sette opp, og ikkje minst kvifor, sendast vidare.
Derfor ringer Jærbladet opp, etter å ha fått e-posten frå Vegvesenet:
– Av og til får de beskjed om godt forsøk, men at de må prøva litt betre.
– Kvifor det? Du treng ikkje spørja opp att, når me ikkje har andre svar å gje. Me har ikkje noko å legga til utover det fylkeskommunen har svart, seier Skotte.
Offisielt uavklart
Så blir det ståande usvart – i alle fall offisielt – dette spørsmålet:
– Kva ny vegforbindelse er det eigentleg som er skilta, og kven er skilta meint for?
Etter publiseringa av denne artikkelen på nett har både lesarar og kollegaar peika på det som ganske sikkert er forklaringa: Opninga av siste delen av Brøytvegen, sør for Bryne, i 2011.
Ein hjelpsam lesar skriv:
– Det er jo for å leia trailersjåfører via Oma og nesten bort til 1900-krysset, i plassen for via Hognestad. Vart sett opp når Brøytvegen vart forlenga heilt til Garborgvegen ...