5. klasse ved Undheim skule jublar over den nasjonale sigeren i Sjakk5ern.
5. klasse ved Undheim skule jublar over den nasjonale sigeren i Sjakk5ern. Foto: Lars Tjelle

– Dei er blitt ganske gode, alle saman, slår kontaktlærar Lars Tjelle fast.

Det var han som introduserte 5. klasse ved Undheim skule for sjakk i starten av skuleåret.

Gjennom året har dei jobba jamt og trutt med spelet, fortrinnsvis som eit supplement i matematikkundervisninga.

Dei har også delteke i Sjakk5ern – ein konkurranse Noregs Sjakkforbund arrangerer gjennom det pedagogiske programmet Skolesjakken. Der spelar dei turnering mot andre 5.-klassingar.

Elevar frå 5. klasse ved Undheim skule er i gang med kvart sitt parti sjakk i Sjakk5ern.
Elevar frå 5. klasse ved Undheim skule er i gang med kvart sitt parti sjakk i Sjakk5ern. Foto: Foto: Lars Tjelle

I forkant av den lokale finalen i Sjakk5ern, som fann stad på Rosseland skule, la Undheim seg litt ekstra i selen – og dei gjekk til topps der.

Sist veke fekk dei vita at dei også hadde kvalifisert seg til landsfinalen i Sjakk5ern, og dermed gjekk dei opp mot 15 andre skular frå heile landet i den store skulesjakkfinalen. Og jammen gjekk dei ikkje heilt til topps, der også – og dei 18 i klassen kunne sleppa jubelen laus.

– Det var veldig god stemning, fortel kontaktlæraren.

Alle dei 18 i klassen spela fire kampar kvar i finalen, og resultata blei rekna ut etter ein brøk som gjer at klassar av ulik storleik kan konkurrera mot kvarandre.

Og då viste det seg at Undheim skule hadde gått heilt til topps i årets Sjakk5ern.

Men kva så med læraren som har teke i bruk sjakk i undervisninga: Kva er hans forhold til spelet?

– Eg begynte å spela sjakk i 2014, og har det som ein hobby. Eg spelar litt kvar dag på nett fordi eg synest det er gøy, men eg har aldri vore med i ein klubb eller delteke i ei turnering. Eg er ein heilt middels spelar, fortel Tjelle.