Kenneth Lia i Bryne Næringsforening svingar innom for ei oppdatering. – Førsteklasses arbeid, seier han til Svein Egil Haugstad frå Bjørns hage og anlegg.
Kenneth Lia i Bryne Næringsforening svingar innom for ei oppdatering. – Førsteklasses arbeid, seier han til Svein Egil Haugstad frå Bjørns hage og anlegg. Foto: Snorre Standish Norheim

I starten av Storgata er det skjedd fleire endringar den siste tida. Rogaland fylkeskommune har lagt granitt langs Jernbanebanegata, og kommunen held på å gjera det same i den komande gågata.

Granittsteinen til stubben mellom Jernbanegata og torget, er det næringslivet som har finansiert, og det er den same gjengen som vinteren 2024 sette opp ein portal ved inngangen til sentrum.

Spleiselaget Jæren Sparebank, Jærdagen/Jærnåttå og Brynes vel samarbeidde med kommunen om å setta han opp. Kommunen støypte store fundament i betong.

Dette synet møtte besøkande i Storgata vinteren 2024.
Dette synet møtte besøkande i Storgata vinteren 2024. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Kjem tilbake med farge

Forsøk med å skjera til granitten, for å tilpassa han til betongfundamenta, vart ikkje vellukka.

Løysinga vart derfor å saga vekk den øvste delen av fundamentet, slik at heile gata dekt med granitt.

– Me festar han gjennom steinane. Det blir meir finare og meir heilskapleg, seier Kenneth Lia i Bryne Næringsforening.

Portalen skal spraylakkerast svart for å passa betre inn i omgjevnadene.

Det er same farge som på rekkverket i smijern, som kjem opp på begge sider av det breie fotgjengarfeltet i Jernbanegata, og går att i eksteriøret til fleire forretningsbygg.

Det er ikkje berre fargen som blir ny, fortel Lia.

– Me skal ha innvendig heilårsbelysning i portalen. Me jobbar med å få på plass belysning som blir tilpassa årstidene og aktivitetane me skal ha. Det trur eg blir kjempebra.