– Kvifor blir det ikkje flagga på rådhuset på Bryne no i kveld? Flagget skulle jo ha vore heist etter gravferda til kongen i dag. Dette synest eg var eit trist syn, skriv ein lesar til Jærbladet tidleg onsdag kveld.
Det har vore flagga på halv stong i dag, men etter at gravferda til kong Harald var over ved 16-tida, blei flagga tradisjonen tru heiste til topps over heile landet.
Kommunedirektør Trygve Apeland fortel at det var tilfellet også ved Time rådhus, der folk sto klare til rett tid.
– Me har hatt gode folk som har lagt ned ein stor jobb for å passa på flagginga i tida etter at kong Harald døydde. Men så rauk altså flagglina ved rådhuset nett då dei skulle heisa flagget til topps i ettermiddag. Det er altså årsaka til at flagget ikkje er oppe der i kveld, seier Apeland til Jærbladet ved 19:30-tida, cirka tre kvarter før solnedgang.
– Me er veldig lei oss for at dette skjedde på nett denne dagen. Samstundes er det slikt som kan skje, og det er ein jobb å få på plass ei ny flaggline, seier Apeland.
Ved offentlege bygningar har det vore flagga på halv stang kvar dag frå kongen døydde fredag 28. august og fram til onsdag 9. september, då kongen blei gravlagd.
Foten av flaggstonga ved rådhuset er ein av stadene der folk på Bryne har gitt uttrykk for si sorg over kongens bortgang, ved å leggja ned blomar og tenna lys.