Kalenderen viser 16. juli 2026.
Noreg har nett roke ut av sitt første fotball-VM på 28 år, i ein kamp mot England som har blitt mykje diskutert i etterkant.
Jonas Gahr Støre er statsminister.
Erling Braut Haaland frå Bryne er meir populær enn nokon gong.
Men kva og kven rørte seg på Jæren for 20 år sidan?
Kvinner på jobb i fengselet
I papiravisa frå 3. juli 2006 kan ein lese om at alle dei innsette ved Åna fengsel er menn, men at over halvparten av dei som har sommarjobb der er kvinner.
Blant dei er Irene Siqveland (23) frå Vigrestad og Maren Hognestad (23) frå Hognestad.
Førstnemnde er vernepleiarstudent ved Rogaland Høgskule på Nærland, og sistnemnde studerer økonomi og administrasjon ved Universitet i Stavanger.
– Eg har alltid hatt sommarjobbar der eg har arbeidd inne. No stortrivest eg med å få vere ute. Dei innsette eg har med meg, er greie, fortel Hognestad.
På biletet oppe til venstre står også Ståle Olsen, underdirektør ved Åna fengsel.
Draum om dataspel i Brasil
Tormod Hetland (17) dukkar opp i avisa 5. juli 2006.
Saman med eit datalag på totalt fem stykke frå heile landet, speler han Counterstrike (CS) på datarommet heime på Lyefjell. Til vanleg trenar han saman med laget tre eller fire kveldar i veka, gjerne fire eller fem timar kvar kveld.
Får dei nok sponsorinntekter, er målet å reise til Brasil første veka i august for å spele i ei dataturnering med nokre av verdas beste lag.
– Det var kameratar her på Lye som først viste meg spelet CS. Eg likte det ikkje noko særleg i starten, men etter kvart vart eg skikkeleg biten av basillen, seier han.
Jæren på Roskilde
5. juli 2006 publiserer avisa også eit stykke om korleis Jæren er godt representert både framfor og på scenen under Roskilde-festivalen.
– Det var eit fantastisk publikum, seier ein svært entusiastisk Terje Vinterstø, i etterkant av at Kaizers Orchestra akkurat hadde spelt på festivalens største scene.
Blant dei Jærbladet snakkar med, er også festivaldeltakar Jørn Hafver (23) frå Varhaug. Saman med ein stor jærgjeng, som for anledninga har valt å kalle seg for «Jæren Spraytan», ladar han opp til kveldens konsertar utanfor telta.
– Alle telt her nede må jo ha eit namn, og det blir berre tilfeldigvis akkurat det mest meiningslause den personen som skriv det kjem på akkurat der og da. I fjor kalla me det for M44, fortel han.
Gammaldagse syrekaker på Kvia
I papiravisa 14. juli 2006 skriv Jærbladet ei sak om at mange besøkande ved Jærmuseet kjem innom for å sjå når Bjørg Sandve bakar og lagar mat.
Ho er kledd opp som ei god, gammaldags gardskone, og sit framfor takka på bordet.
Journalisten skildrar ei god duft av syrekaker, som er klare til å delast ut med smør på til dei besøkande. Når baksten er ferdig klokka 12, blir det fort kø utanfor det gamle gardshuset på Kvia, heiter det.
– Det er mange som hugsar vasskringle og syrekaker frå barndomen, og mange spør etter oppskrifta. Om det er nokon som faktisk lager dette sjølv etterpå er eg usikker på, seier ho.
Mykje støy i barnehagane
17. juli skriv Jærbladet om at dei tilsette i barnehagar i Klepp har tatt initiativ til å få målt støynivået gjennom ein barnehagedag. Resultatet skal ha vist desibelverdi over den anbefalte grensa – men samanlikna med forholda i barnehagar på Austlandet og i Danmark er dei likevel ikkje unormalt høge.
Storhaug barnehage har det høgast målte lydnivået av dei fire i Klepp som er målt, heiter det.
– Det er periodar av dagen då me nesten skulle hatt høyrselsvern, seier pedagogisk leiar Brit Grude Reiestad.
Jærbladets journalist har for anledninga tatt turen innom barnehagen i ein musikktime.
På bildet er Lene Førland Hidle (5), assistent Ingeborg Tønset Ungar, Alexander H. Puntervold (4), Anne Katrine Kleppe (4), assistent Linn Stokke, Cornelius Andersen (4) og Sofie Gabrielsen Erga (5).
Utilstrekkeleg overvakingsskilting
I papiravisa 21. juli 2006 kan ein lese om at Datatilsynet meiner informasjonen om kameraovervaking på Bryne er for dårleg. Eitt av kamera dekker torget, og det andre tar føre seg Fritz Røed skulpturpark, heiter det.
Overvakinga i sentrum er merka ved den nedre inngangen til parken, og der Storgata begynner ved Jernbanegata.
– Det held ikkje å merke hovudåra inn til eit overvaka område når det også finst andre vegar inn, seier informasjonssjef Ove Skåra i Datatilsynet.
I sentrum er det eit fåtal av dei Jærbladet snakkar med som har sett skilta som fortel om kameraovervaking – men mange har fått det med seg gjennom media. Også Nils Mellemstrand.
– Eg synest det er heilt greitt. Eg har ikkje noko å skjule. Men ifølge lova skal det vel merkast betre, slik at folk veit det, seier han.
Kommunalsjef i Time kommune, Bjørn Meling, fortel til avisa at skiltinga blei vurdert som tilstrekkeleg då kameraa blei montert.
Visesong på bar
21. juli 2006 skriv Jærbladet også om mellom anna Calle Fjogstad og Georg Pollestad som seinare i juli skal framføre sommarviser for det jærske publikummet på Thime Station.
– Det skal vere ein hyggeleg visekveld kor folk kan ta seg eit glas og synge med, seier Karl «Calle» Fjogstad.
Dei skildrar festivalen som heilt uhøgtideleg, med ei blanding av lyrikk, litteratur og viser frå mange land. Det er også lagt inn allsong i programmet.
«Calles culturcircus» består av Karl «Calle» Fjogstad, Georg Pollestad, Gunn Baustad, Bjørg Line Furland og Kirsten M. Bjerga.
Undheim godt representert på Gladmat
Onsdag 26. juli 2006 får Undheim-bygda positiv omtale rundt sitt frivillige engasjement under Gladmatfestivalen i Stavanger.
Dei siste åra har Undheim Idrettslag stilt med folk til ryddevakt, servering, nattevakt og parkeringsvakt. I tillegg er både teknisk sjef, Hans Dahl Ørstavik og prosjektleiar Per Alfred Undheim frå Undheim.
I 2006 stiller idrettslaget med 240 personar.
– Dugnaden er heilt glimrande for idrettslaget. Me får gjort unna alt dugnadsarbeid på fire-fem dagar. Pengane som kjem inn held liv i idrettslaget, og det er bra for bygda, seier Ole Fossfjell, som sjølv skal bidra som parkeringsvakt og ryddevakt.
– Eg trur folk på Undheim er ekstra flinke til å stille opp. Dei ser at pengane kjem idrettslaget og bygda til gode, seier teknisk sjef Ørstavik, og understrekar samtidig at det sosiale er vel så viktig som det økonomiske.