Andre, tredje og fjerde etasje har 19 leilegheiter. Ti av desse har fått ny eigar, som kan flytta inn om to veker.
For eigarane av næringsseksjonane i første etasje, som ligg på gateplan, går det litt lengre tid. Dei har overtaking i juli.
Fordi næringslokala har vore vanskelege å selja, bestemte utbyggar Activum Bryne å dela etasjen inn i mindre seksjonar.
To seksjonar er delt i fem, og Ark Vest søker om å endra byggeløyvet, slik at dei nye eigarane kan bruka seksjonen sin lovleg.
«Vi planlegger å søke om midlertidig brukstillatelse i løpet av uke 24 og befaring med kommunen den 18. juni. Vi håper derfor på rask behandling av denne søknaden», skriv arkitekt Thorbjørn Fuglestad til kommunen.
I eit svar sendt 3. juni har kommunen etterlyst planteikningar som viser innreiing av seksjonane, og samtykke frå Arbeidstilsynet.
Yoga med utsikt mot åna
Svein S. Varhaug og Rune Varhaug, som er far og son, har kjøpt ein av seksjonane i første etasje.
Ifølge søknaden skal seksjonen på 138 kvadratmeter nyttast til yoga mot Mølledammen og sal av relaterte varer mot Storgata.
Rune Varhaug opplyser til Jærbladet at dei overtar i juli, og at dei vil starta jobben med å innreia rålokala etter ferien.
Den andre seksjonen som er selt i første etasje, er berre på 45 kvadratmeter og er einsidig retta mot Mølledammen.
Kjøparen er Faber Bygg, som sjølv er med og bygger næring- og leilegheitsbygget. Dei skal nytta seksjonen til visningsrom.
At totalentreprenøren kjøpte seg inn i Activum Bryne var avgjerande for at Jær:bu-prosjektet kom i gang.
Selskapet med hovudkontor i Hillevåg har 120 tilsette og ei årleg omsetting på 850 millionar, ifølge eigne nettsider.
Dialog med restaurant og klinikk
Dei tre største seksjonane i første etasje – som blir viktigast for livet i Storgata – er ikkje selde eller leigde ut.
– På dei to seksjonane på hjørnet er me framleis i prosess med to aktørar. Ingenting er i boks før det er signert så det er framleis plass til fleire gode aktørar på anten kjøp eller leige, om nokon skulle vera interesserte, seier utbyggar Kjetil André Haver.
I vår opplyste han at det har vore dialog med dei fleste bransjar, frå bank, servering og kjøkken, til meir tradisjonelle butikkar.
Nå opplyser Haver at det er dialog med ein restaurant i eitt av lokala og behandling/klinikk i det andre.
Seksjonen i vest, nærmast trappa til Mølledammen, har eit bruksareal på 176 kvadratmeter og ein pris på 4,6 millionar kroner.
Seksjonen nærmast torget har eit bruksareal på 179 kvadratmeter og kostar 4,1 millionar kroner, ifølge annonsen på Finn.no.
På grunn av trapperom og visningsrommet til Faber bygg har ikkje denne seksjonen utsikt mot Bryneåna.
Det har den femte og siste seksjonen i første etasje, som er på 101 kvadratmeter og kostar 2,5 millionar kroner.
Underetasjen er selt ut
Underetasjen vender einsidig mot Mølledammen. Her er det ytterlegare to næringsseksjonar, med inngang frå Lauritz Bellesens gate.
Seksjonane er på 57 og 59 kvadratmeter. Begge er selde til Kåre Vatland frå Nærbø, gjennom selskapet hans Uno Takst.
Takseringsfirmaet skal nytta den eine seksjonen sjølv, den andre skal nyttast som visningsrom av ei anna bedrift.
I dag har Duo Takst kontor i Vesthagen på Håland. Vatland, som har éin tilsett, seier at han har tenkt ei stund på å flytta.
– Det var ei tilfeldigheit at eg hoppa på dette, men eg tenker det blir greitt å koma til sentrum og visa litt meir igjen. Eg har ikkje vore der sidan før dei tok ned stillasa, og då såg det veldig bra ut. Det blir fint å koma ned dit, seier han.