SKISSE: Slik såg Norconsult i fjor føre seg at bygget kan sjå ut på kveldstid. Dette er ei skisse, og det vert justeringar gjennom deltaljplanlegginga.
SKISSE: Slik såg Norconsult i fjor føre seg at bygget kan sjå ut på kveldstid. Dette er ei skisse, og det vert justeringar gjennom deltaljplanlegginga. Foto: Norconsult

– Me er i full gang med prosjekteringa, opplyser Frode Heigre, fagleiar for park og landskap i Klepp kommune.

Målet er å ha eit ferdig prosjekt klart til utlysing innan 1. september, slik at bygginga kan starta seint i 2020. Første byggjetrinn av den nye aktivitetsparken på Kleppe skal då vera ferdig i mai neste år.

Det runde huset som skal husa både isbane og mange andre aktivitetar, er ein viktig del av første byggjetrinn – som også inneber grunnarbeid for dei to neste byggjetrinna og planting av tre på den sentrale tomta mellom rådhuset og Jærhagen.

Klepp kommune skal betala det meste av dei 35 millionar kronene, som er kalkylen for første byggjetrinn. Måndag kveld godkjende kommunestyret ein avtale med Coop Klepp, som gjev fire millionar kroner i kontantar og utstyr for rundt ein million til den nye ishallen. Tidlegare har staten sagt at dei går inn med fire millionar kroner, fordi dei ser på prosjektet på Kleppe som ein «nyskapande aktivitetsarena».

Etterlengta

Då den gamle isbanen blei stengt våren 2018, var alle klar over at det ikkje ville bli noko av neste is-sesong. Men målet til Klepp kommune var opning av eit nytt aktivitetshus med isflate til sesongstart i november 2019. Det gjekk ikkje.

Så har målet vore hausten 2020.

No er det klart at det blir nok ein sesong utan is på Kleppe.

Frode Heigre forklarar at utfordringar med den interne kapasiteten hos Klepp kommune gjorde at anbodet på prosjekteringa måtte utsetjast. No er firmaet som fekk jobben i full gang, men kommunen ser at det ikkje er realistisk å få byggjejobben ut på anbod før sommaren, som opphavleg tenkt. Dermed blir det ikkje oppstart før neste is-sesong nærmar seg.

Aktivitetsparken skulle opphavleg byggjast i eitt, men då det blei kjend at totalprisen kom til å bli 80 millionar kroner – og kommunen berre hadde sett av 20 millionar – vedtok Klepp-politikarane å dela opp satsinga i fleire byggjetrinn.

INNE: Ein illustrasjon av korleis den nye isbanen kan sjå ut inni på dagtid, med dagslys som slepp gjennom halvopne veggar.
INNE: Ein illustrasjon av korleis den nye isbanen kan sjå ut inni på dagtid, med dagslys som slepp gjennom halvopne veggar. Foto: Foto: Norconsult

Mange aktivitetar

Den gamle isbanen ved Jærhagen stengde i slutten av mars 2018. Banen, som i over 12 år var eit populært og mykje brukt fritidstilbod på Kleppe, blei riven for å gje plass til utvidinga av kjøpesenteret. Samtidig forplikta Coop Klepp seg til å bidra til ein ny isbane.

Den nye aktivitetshuset skal liggja like ved innkøyrsla til McDonald's/Jærhagen. Bygget blir rundt, og overbygd med tak og vera halvope med skjerming mot dei verste vindretningane.

Huset skal vera langt meir enn berre ein isbane. Om våren, sommaren og hausten skal det store betonggolvet blant anna romma utstyr for skating, basketballkorger og scene-fasilitetar. Det skal også gå an å opna bygget meir ut mot parken, til dømes under store arrangement som Klepp 24.

I den eine enden av bygget skal det vera bord og stolar for dei som vil setja seg ned for å prata eller spela spel. Eigne toalett skal også på plass.