– Det er delte meiningar om det me gjer her. Nokon synest det er flott, andre synest ikkje om det i det heile tatt, slår handverkar Håvard Obrestad Wøien frå Jærmuseet fast.
– Har du rett og slett fått skjenn mens du har jobba her på Garborgheimen?
– Skjenn er vel å ta i, men ein som var innom, var ganske trekt. Han meinte vel i utgangspunktet at det var meiningslaust å bruka pengar på kultur og gamle hus, men i alle fall at «villmarkspanel» på dette gamle huset blir heilt feil: «Det er ikkje slik Garborgheimen skal sjå ut!»
– Men så er det andre som synest det er kjekt å sjå at huset blir halde ved like, og nokre få hugsar også korleis det ein gong såg ut. At det faktisk var ståande kledning her på denne sida av huset før i tida, legg handverkaren til.
[brick-component="brick-teaser-player"]:not(:defined) article.brick-teaser-player-overlay { display: none; } Vil du sjå neste video?Total krise i Time1:26
– Me må vita sikkert
Handverkarane og dei andre fagfolka ved Jærmuseet og huseigar Time kommune har gjort eit stort detektivarbeid for å finna dokumentasjon på korleis baksida på Garborgheimen såg ut då huset blei bygd, og kva endringar som er gjort opp gjennom åra.
– Me må vita sikkert før me gjer endringar som dette. Det er gildt å kunna føra noko tilbake til slik det var originalt, seier handverkar Odd-Geir Rosland frå Jærmuseet.
Det finst mange bilde av folk som står på framsida av Garborgheimen, men få bilde frå baksida. Konklusjonen ut frå dei bilda som finst frå den vinkelen, er at det har vore ståande bordkledning på baksida – sannsynlegvis heilt frå byggjeåret 1848 til kledninga blei skifta i 1978.
– Dette er i tråd med byggjeskikken på Jæren på midten av 1800-talet. På framsida skulle det sjå fint ut. Der hadde jærhusa liggjande bordkledning. På baksida brukte dei «dårlegare» material som blei sett opp ståande, forklarar Inger Undheim, leiar ved Garborgsenteret.
Det handla om å nytta ressursane og bruka heile treet. Når du skjer tømmer av eit rundt tre, vil det ytste bordet – hunen – vera avrunda på den eine sida. Hunen er også breiare og tjukkare i den eine enden enn i den andre. I dag blir noko av dette ytste trevirket selt som villmarkspanel, men det aller meste blir til ved eller flis.
Alt er gjort på gamlemåten
Bordkledninga som no blir sett opp på Garborgheimen, er skoren hos Riska sag. Dei har fått spesialbestilling frå Jærmuseet og har lagt til sides fine furubord som passa i lengda. For å oppfylla krava til bordkledning, har trea måtta fellast på gamlemåten med sag/motorsag – og ikkje med moderne hogstmaskinar, som set stygge merke i hunen. Folka på saga har også skore av borken på borda for hand.
– Me vil at det skal sjå mest mogeleg originalt ut. Derfor må alt gjerast for hand, og me brukar også berre tradisjonelle verktøy som handsag, øks og hammar til jobben med bordkledninga, seier Odd-Geir Rosland.
– Spikaren er også spesiell. Me brukar klippspiker, som er den første industrielt framstilte spikartypen. Produksjonen starta på 1800-talet, så det kan ha vore brukt klippspiker originalt. Alternativet er at det blei brukt handsmidde spiker, supplerer handverkarkollega Håvard Obrestad Wøien.
Sidan Garborheimen er eit freda bygg, er det ikkje berre å setja i gang med eit slikt prosjekt. Det har vore påtenkt i mange år, og alt er godkjend på førehand av Riksantikvaren. Pengane det kostar er sett av på Time kommune sine budsjett til investeringar i kulturbygg. Kultursjef Trond Lie fortel at det var på høg tid å få gjort noko med denne sida av huset, og han er glad for at jobben blir gjort av erfarne, engasjerte og kunnskapsrike fagfolk frå samarbeidspartnar Jærmuseet – og at huset blir sjåande ut meir slik det gjorde opprinneleg.
Det er gjort ein god del arbeid med Garborgheimen dei siste åra. Undertaket er skifta ut og det gamle sprinklaranlegget er bytta ut med eit nytt vanntåkeanlegg.
Vindtett
Sjølv om det er viktig å gjera ting rett, blir ikkje alt som i 1848 på Garborgheimen. Handverkarane har gjort veggen vindtett med moderne asfaltpapp for å ta betre vare på huset. Utpå der igjen er det sett på nye lekter og spikarslag, slik at det blir god lufting mellom bordkledninga og dei to indre, lafta kassane i det store jærhuset.
Fram til jobben starta for godt tre veker sidan, var veggen isolert med glasull, som sannsynlegvis kom på plass samtidig med den liggjande bordkledninga i 1978.
– Sannsynlegvis var det den originale bordkledninga frå 1848 som blei bytta ut då, fortel Håvard Obrestad Wøien. Han slår fast at 130 år slett ikkje er ei dårleg levetid for bordkledning.
– Kjem dette de set opp no til å halda i 130 år også?
– Det skal eg nok vera forsiktig med å garantera. Klimaet no er for eksempel eit anna enn det var for 150 år sidan. Men me håpar jo at den nye bordkledninga skal vara lenge, slår handverkaren fast.
Fagfolka har ikkje hundre prosent sikker dokumentasjon, men etter alle solemerke har bordkledinga på 1800-talet vore sett inn med tjøre.
– Me har ikkje avklart kva behandling den nye bordkledninga skal få enno. Det må me ta ein runde med huseigar Time kommune og fylket/Riksantikvaren om, seier avdelingsdirektør Per Inge Bøe ved Jærmuseet.
– Tjøre vil i alle fall vera til god hjelp viss målet er at bordkledninga skal stå i 130 år, supplerer Håvard Obrestad Wøien med eit smil.
Lagar undervisningsopplegg
Pedagog Stian Ravndal hos Garborgsenteret er i full gang med å laga eit heilt nytt undervisingsopplegg rundt byggjeskikk, berekraft og materialutnytting, med utgangspunkt både i Garborgheimen og i fleire av dei andre gamle bygga som Jærmuseet eig eller passar på.
– Gjenbruk er populært no, men var også heilt vanleg før i tida. I den indre, lafta delen av Garborgheimen er det material som er brukt om att frå tidlegare bygg. Det var heilt vanleg. Og sjølv om dette var ein velståande heim, valte dei likevel å bordkle på den tradisjonelle måten, slik at heile treet kunne utnyttast, seier Inger Undheim ved Garborgsenteret.