Forslaget til ny kommuneplan for Hå er ute på høyring. Som Jærbladet har skrive tidlegare, vil fylkesdirektøren fremma fleire motsegner til planane. Totalt dreier det seg om 18 motsegner.
Ei av dei handlar om Sirevåg sentrum.
I forslaget til ny kommuneplan legg administrasjonen opp til å omregulera rundt seks dekar nede i Vågen til sentrumsformål. I dag er det same området regulert til næring.
– Sentrum finst allereie
Fylkesdirektøren meiner derimot at Sirevåg allereie har eit sentrum, og at dette ligg lenger oppe, i området mellom O.C. Roxmann og Joker Sirevåg.
I den gjeldande kommuneplanen er det området regulert til blanda bruk.
«Forslag om å etablere eit sentrumsområde innerst i Sirevåg hamn vil kunne føre til at Sirevåg i praksis vil ha to separate områder med sentrumsfunksjonar», skriv fylkesdirektøren, som meiner det kan vera i strid med fylket sin regionalplan.
Fylkesdirektøren meiner òg at det ikkje er eit dokumentert behov for å setta av meir areal til detaljhandel.
Rett før jul, til store protestar frå delar av lokalbefolkninga, vedtok kommunestyret ei ny detaljregulering for Indre Vågen i Sirevåg. I den er det same arealet som no er foreslått som sentrumsområde, regulert til torg og sjø- og forretningsrelatert verksemd, kontor, industri og detaljhandel.
Innbyggarar, som blant anna er skeptiske til tolv meter høge nybygg heilt innerst i Vågen har klaga på vedtaket. Klaga er no til handsaming.
I ein uttale til detaljreguleringa, heit det frå fylkeskommunen at omfanget av handel tilpassa turistsatsinga bør vera begrensa for å ikkje konkurrera ut etablerte verksemder.
Fylkesdirektøren meiner at når den nye kommuneplanen nå legg opp til å nytta dei indre delane av Vågen, kan det tolkastsom at kommunen ønsker seg ei auke i detaljhandelen og ei etablering av andre sentrumsfunksjonar utanfor det som er det etablerte sentrum.
– Meir enn ein butikk
I uttalen slår fylkesdirektøren fast at det er viktig at sentrum er kompakt, om det skal vera ein attraktiv sosial møtestad.
Då plansjef Ole von Erpecom Vikse tysdag orienterte kommuneplanutvalet om motsegnene, ga han likevel uttrykk for at han håpa at kommunen vil få gjennomslag for sitt syn.
Vikse sa at kommunen meiner at sentrum er «meir enn ein butikk».
– Og eg trur me klarte å få representantane frå fylket på gli under synfaringa mandag, sa Vikse til politikarane.
Siste frist for å senda inn høyringssvar til kommuneplanforslaget er søndag 12. februar.