I ein artikkelserie på fire deler har Jærbladet snakka med personar som kjende Gunn Merete Lode og som jobba med saka som skaka Bryne for 25 år sidan.
Inntrykket ein sit igjen med 25 år etter, er at Bryne var sterkt prega av drapet den fyrste tida.
At gjerningsmannen var ukjent fram til april 2004, gjorde nok at det framleis hang eit stort spørsmål over Bryne i nesten tre år.
Då gjerningsmannen vart tatt, og seinare dømt, fekk ein på mange måtar avslutta saka.
Det har kanskje vore medverkande til at den til ein viss grad ikkje lengre er noko samtaleemne.
For familien som sat igjen er det annleis.
For dei har sidan måtte leve med tapet av ei dotter og søster.
Gunn Merete Lode fekk berre 32 år på jorda. Biletet som folk teiknar av ho syner at ho var eit menneske som berre var på feil stad til feil tid.
Og no 25 år seinare, er det kanskje på tide å visa kven ho var og på den måten heidra minne.
På kyrkjegarden på Nærbø står det ein fin gravstein som skil seg litt ut frå resten.
Gunn Merete Lode sitt bilete, det bilete som alle kjenner frå avisene, heng på gravsteinen.
Det er ei ung dame med framtida føre seg som er på grava. Og der stogga livet hennar.
Det finst truleg inga endeleg trøyst for slikt. Det er berre meiningslaust. Om ein skal klamra seg til noko, er det at saka vart oppklart.
I dag går livet på Bryne vidare.
Veksten har halde fram, nye folk kjem til, og nye generasjonar veks opp.
Men frå havet i vest kjem hausteveret snart sigande inn.
Det er den evige rytmen i det jærske landskapet. Og snart kjem haustregnet igjen dettande ned over dei levande og dei døde.