Olav Magne Voll.
Olav Magne Voll. Foto: Ingeborg Eliassen

Det er juni, det er Pride, og mygla folk manar til krig mot markeringa. Som vanleg.

Og si andletet mitt, for mine synder, er under kvart innlegg som Jærbladet trykker om emnet, så slepp eg ikkje unna.

Så her kjem nokre meir eller mindre korte svar på dei såkalla anti-Pride «argumenta»:

1. «Regnbogeflagget er FRI sitt flagg!»

Det er like idiotisk som å seie at det norske flagget kun tilhøyrer statskyrkja av di det er ein kross i det.

Regnbogeflagget vert nytta av ei mengd organisasjonar og er langt, langt eldre enn FRI - eller LHBTQI+ rørsla.

  • Nokon har aldri har fått vita det, andre har ikkje kome på å sjekka.
  • Og så har du dei som bevisst lyg om det for å gjera livet surt for skeive.

For Jesu skuld, må vite.

2 «Det er Pride-tvang!»

Ro deg ned. Det er ingen som kjem til å sende politiet etter deg for å trekke deg og ungane med i paraden.

3 «Nei, ikkje sånn! Det er Pride-tvang i skulen!»

Det er og kristendomstvang i skulen. Og fascisme-, kommunisme-, og likestillingstvang. Ei heil mengd med tvang.

At nokon krev at ein lærer om ting ein ikkje visste frå før kallast å få ei 'utdanning', gjennom noko som heiter 'undervising'.

4 «Det er ikkje det same! Dei lærar ungane at [Y]»

(der Y ofte er ei skikkeleg klam utlegging om alle sex-tinga som ungane visstnok lærar om, som den som snakkar har tenkt alt, alt for mykje på. I urovekkande detalj. Desse folka tenker meir på våre innbilte sexliv enn me gjer på dei faktiske liva me har!)

  • Nei. Frå Utdanningsforbundet:
  • «Elevene skal i skolen lære om temaene seksualitet, kropp og grensesetting. De skal reflektere over etiske spørsmål og problemstillinger som gjelder identitet, kjønn, seksualitet og psykisk helse. Undervisningen skal gi elevene språk og begreper som gjør dem i stand til å sette egne grenser og forstå andres, og samtidig skape rom for refleksjon rundt følelser, relasjoner og respekt i møte med andre.»

Undervisinga om dette byrjar på nivået ‘skeive finst’. Litt sånn som at fyrste-klasse matte ikkje byrjar med Ax+By=C.

Merk den med å setje eigne grenser og forstå andre sine. Noko som anti-Pride gjengen har store, store problem med. Eg treng ikkje at alle andre skal vera som meg. Anti-Pride folket, derimot, vil ikkje vera nøgde før alle tenkjer nett som dei gjer. Om alt.

5 «Pride er ein ideologi! Sånt høyrer ikkje heime i skulen!»

Sjå svaret om tvang i skulen. Sjølv om dette skulle vera rett (nei), så er skulen absolutt den beste plassen for ideologiar. Igjen, det kallast å få ei utdanning.

Det er og ganske fornøyeleg at dei som remjar høgast om dette oftast er dei som vil ha meir kristendom inn i skulen.

6 «Du tek ikkje dette seriøst! Du tek ikkje oss seriøst!»

Eg tek dykk og argumenta dykkar nett så seriøst som eg tykkjer er fortent.

Då eg vaks opp vart eg lært 'gjer mot andre som du vil at andre skal gjera mot deg'.

Kom ikkje no, etter at de har gjort mot andre, og klag på resultatet.

7 «Du er skikkeleg uhøfleg! Eg er fornærma av tonen din!»

  • Eg ler like godt kvar gong dei som snakkar høgt om kor viktig det er å 'vera frimodig' og at ein må 'seie sanninga same kva' får dånepimpen berre dei møter den aller minste motstand.
  • Som at dei må sjå eit flagg i ei lita tid.

8 «Jamen, de freistar å pressa alle saman til å vera einige med dykk!»

Langt ifrå.

Det eigentlege problemet er at de ikkje lenger kan kalle oss for avskum og avvikarar og vente at alle automatisk nikkar med.

Det er sikkert ubehageleg å vita at de ikkje lenger kan forventa einstemmig einigheit, men nett som at eg må leva med at det finst folk kring meg og i kommunestyret som absolutt ikkje vil ha meg her, så må de leva med at eg faktisk finst og har like mykje rett til å leve som det de har.

Eg forstår at det er vondt og vanskeleg for dykk å høyra, og at det er traumatisk at flagget minnar dykk om at me finst. At nokon av oss faktisk er aksepterte av andre heterofile, eller at me til og med lukkelege.

Eg skulle gjerne tilbydd ein klem. Men de ville ikkje teke mot. Me veit begge kvifor.