Parken skal ikkje vara evig, men er blitt liggande ei stund.
Parken skal ikkje vara evig, men er blitt liggande ei stund. Foto: Snorre Standish Norheim

Målet var å bygga leilegheiter og næring i Hetlandsgata, men sidan det kunne dra ut tid, stilte kommunen krav om annan bruk dersom utbyggaren ikkje kom i gang.

Saman med løyvet til å riva to einebustader, fekk Jærbo AS ein frist til å starta byggearbeida. Dersom ikkje den vart følgt, skulle tomta «opparbeidast/nyttast til park/grøntområde».

Heimelen finst i sentrumsplanen for Bryne, målet er å unngå at tomter blir liggande som gapande hòl i bybildet.

Fristen til Jærbo AS gjekk ut 1. juli 2018, men vart sidan forlenga fleire gonger. Saka vart både lang og uoversiktleg, men enda med eit endeleg krav om opparbeiding – innan 1. september 2023.

Stavanger har sitt berømte «hotellhòl» i Tanke Svilands gate. Namnet stammar frå planar som vart lanserte i 2010, men som gjekk i stå. Bildet er frå 2025, og er eit eksempel på noko kommunane vil unngå.
Stavanger har sitt berømte «hotellhòl» i Tanke Svilands gate. Namnet stammar frå planar som vart lanserte i 2010, men som gjekk i stå. Bildet er frå 2025, og er eit eksempel på noko kommunane vil unngå. Foto: Foto: Hilde Anette Ebbesvik

Rulla ut Aarbakkebanen

Dagen før fristen gjekk ut, opparbeidde Jærbo AS tomta med å gjenbruka den gamle treningsbanen til Bryne FK.

I førevegen hadde byggesakssjefen i Time meldt frå at vilkåret i rivingsløyvet, etter administrasjonen sitt syn, føreset at «gresset er naturlig og ikke kunstgress/plastikk».

Jærbo AS meinte løysinga med kunstgras var både brukbar og berekraftig. Fokuset deira var å realisera leilegheitsprosjektet, parken var eit mellombels tiltak fram til byggestart.

Resultatet ber preg av gjenbruk, med synleg oppmerking av speleflata. I ei sak til politikarane skreiv kommunedirektøren at kunstgras ikkje dei gjev dei same naturlege opplevingane som ekte gras, og, gjennomtrenginga av vatn er dårlegare. På gjerdet heng det framleis frå då tomta vart nytta til parkering.
Resultatet ber preg av gjenbruk, med synleg oppmerking av speleflata. I ei sak til politikarane skreiv kommunedirektøren at kunstgras ikkje dei gjev dei same naturlege opplevingane som ekte gras, og, gjennomtrenginga av vatn er dårlegare. På gjerdet heng det framleis frå då tomta vart nytta til parkering. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Vart akseptert

I februar 2024 vedtok fleirtalet i utval for lokal utvikling – under tvil – at løysinga kunne aksepterast. Utbyggaren slapp ei millionbot, men kom ikkje unna skuldingar om grønvasking og dårleg utført arbeid.

Utfallet var i tråd med innstillinga frå kommunedirektøren, som tok sjølvkritikk i saksframlegget:

«Manglende spesifisering av vilkåret i tillatelsen er til å ta lærdom av. I fremtidige tillatelser bør det gå tydeligere frem hva som konkret forventes. Konklusjonen er at begge utfall kan forsvares, men at tvilen bør komme utbyggerne til gode og at ulovligheten avsluttes.»

Torsdag 31. august 2023 var det hektisk aktivitet i Hetlandsgata. Bildet er tatt av Time kommune. Kunstgraset kom med svarte gummigranulat, som gjorde at det vart starta ei forureiningssak.
Torsdag 31. august 2023 var det hektisk aktivitet i Hetlandsgata. Bildet er tatt av Time kommune. Kunstgraset kom med svarte gummigranulat, som gjorde at det vart starta ei forureiningssak. Foto: Foto: Svein Harald Dyngen / Time kommune

Fekk klarsignal i januar 2024

Dagen før politikarane aksepterte den mellombelse parkløysinga, gav kommunen rammeløyve til Jærbo AS.

Løyvet til å bygga fire etasjar med 17 leilegheiter og eitt forretningslokale, gjeld i tre år frå 30. januar 2024.

21. april godkjende styret i Jærbo AS rekneskapen for 2025. I ein note kommenterer det status og føresetnadene for vidare drift:

«Styrets arbeid i 2025 har i hovedsak bestått av å sikre en godkjent reguleringsplan for eiendommen som en besitter. Prosessen med kommunen har gått veldig sakte, men det ble i juni 2023 endelig vedtatt reguleringsplan for utbygging av boliger.»

Endringane som utval for lokal utvikling vedtok, skulle gjera prosjektet rimelegare å bygga. Eksempel er eitt trappetårn i staden for to, utvendige svalgangar og eit mindre og enklare parkeringsanlegg.
Endringane som utval for lokal utvikling vedtok, skulle gjera prosjektet rimelegare å bygga. Eksempel er eitt trappetårn i staden for to, utvendige svalgangar og eit mindre og enklare parkeringsanlegg. Foto: Foto: ArkVest

Verdifulle tomter

Jærbo AS vart etablert i 2012 med sikte på å legga til rette for ei aktiv stadsutvikling, gjennom å kjøpa, eiga og forvalta eigedommar i Time kommune.

Naboeigedommane i Hetlandsgata vart kjøpte i 2012 og 2013. I noten til rekneskapen skriv styret at verdien på dei ferdig regulerte tomtene er langt større enn summen av innskoten kapital og lån som er tatt opp i selskapet.

Ved utgangen av 2025 hadde selskapet ein negativ eigenkapital og ei samla gjeld på 9,86 millionar kroner. Den største delen er langsiktig gjeld til kredittinstitusjonar. Jæren Sparebank har pant i eigedommane.

Selskapet har udekte tap på 3,3 millionar kroner, viser rekneskapen, og tok opp ytterlegare ein halv million i lån i 2025.

Forsøker å selja

Ifølge noten arbeider styret «nå med å prøve å selge prospektet og/eller selskapet».

Rammeløyvet som gjev selskapet rett til å bygga, går ut i januar neste år – det kan også vera ei moglegheit.

– Me vurderer begge delar, og har lagt inn ei opning for å selja. Det er det eg kan seia i dag, seier Arild Magne Lunde.

Styreleiaren fortel at det kan skje ting dei neste vekene som gjer at kan gje meir utfylland svar.

Han fortel også at dei ikkje har fått tilbakemeldingar på den mellombelse parken i Hetlandsgata.

– Eg synest me gjorde ein gong jobb. Det er ein park folk kunne bruka med éin gong. Alternativet hadde vore to år med svart jord, viss me skulle sådd i, seier styreleiaren og medeigaren i Jærbo AS.
– Eg synest me gjorde ein gong jobb. Det er ein park folk kunne bruka med éin gong. Alternativet hadde vore to år med svart jord, viss me skulle sådd i, seier styreleiaren og medeigaren i Jærbo AS. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim