Det bekreftar påtaleansvarleg i saka, Ann-Bjørg Ingebrigtsen, overfor Jærbladet.
Familien er informert om at namnet blir frigitt.
– Me jobbar med å kartleggja aktivitet og bevegelsar i området rundt brannåstedet og ønskjer informasjon frå dei som har hatt uvedkomande inne på eigedommen eller sett personar med åtferd som dei har reagert på i tidsrommet mellom kl. 19:00 og 22:00 måndag, seier Ingebrgitsen.
– Berre tragisk
Politiet fortset arbeidet med avhøyr av vitne og kriminaltekniske undersøkingar på staden.
– Me ønskjer å gi kommunen si djupaste medkjensle for dei som er råka av dette. Det er berre tragisk, sa ordførar i Klepp, Kjetil Maudal, til Jærbladet dagen etter brannen.
Det var måndag kveld at det brann i ein einebustad ved Jærvegen i Klepp.
Ei kvinne i 80-åra kom seg fysisk uskadd frå brannen. Natt til tysdag blei det klart at ein mann var sakna.
Tysdag ettermiddag melde politiet om at ein person blei funnen død på åstaden. Dei jobba heile tida ut frå at det var Kenneth Braut det var snakk om, og nå er det altså bekrefta.
Ein mann i 40-åra blei pågripen natt til tysdag, og er sikta for å ha forårsaka brann som har ført til tap av menneskeliv.
Onsdag blei det klart at han blir varetektsfengsla i fire veker. Han erkjenner ikkje straffskuld.