Reint formelt sett er det ei stund sidan både fyrste «spadetak» og fyrste støyp vart gjort på Kvernaland, men byggestart skal alltid markerast skikkeleg, og både ordførar og kommunedirektør stilte velvillig opp.
– Her bygger me for framtida. Det skal vera godt å verta gammal i Time, og då treng me nok omsorgsbustadar. Målet er jo at fleire skal kunna bu heime lenger, men når det ikkje er mogleg lenger, så må det stå bustadar klare, seier ordførar Andreas Vollsund etter å ha fått prøva seg med betongrøyret.
– Det var tyngre enn eg trudde, og så vart eg redd for å øydelegga findressen heilt, innrømmer ordføraren, som tradisjonen tru stilte i finstasen og gjorde støypen med blankpussa ordførarkjede rundt halsen. Det gjekk greitt med både dress og kjede.
Kvernaland omsorgssenter har 24 leilegheiter frå før, og bygget som vert reist nå skal romma 27 nye. Prosjektet skal kosta 170 millionar kroner og stå ferdig i august neste år.
– Det er veldig godt å få samla så mykje på sjølve indrefileten i Time og på Kvernaland. Dette er allereie eit flott senter, og endå betre vert det nå, seier kommunedirektør Trygve Apeland.