Elin Valle bur i Fuglestadvegen på Brusand. Vanlegvis ligg huset godt inn på tørt land. Men måndag gjekk Bjårvatnet over sine breidder. Huset er nesten omringa av vatn, og ekteparet som bur der har fått beskjed om at det er kome vatn i kjellaren.
Elin Valle bur i Fuglestadvegen på Brusand. Vanlegvis ligg huset godt inn på tørt land. Men måndag gjekk Bjårvatnet over sine breidder. Huset er nesten omringa av vatn, og ekteparet som bur der har fått beskjed om at det er kome vatn i kjellaren. Foto: Åge Bjørnevik

– Eg har berre budd her i sju år, men eg har aldri opplevd noko slik som dette, fortel ho.

Huset ligg i Fugelstadvegen, rett aust for brua som går over jernbanen på Brusand. Bjårvatnet er i nabolaget, men vanlegvis er det rundt 100 meter med land mellom huset og vatnet.

Bjårvatnet på Brusand stoppar vanleg like bak huset, men måndag gjekk det over sine breidder, og også over Fuglestadvegen.
Bjårvatnet på Brusand stoppar vanleg like bak huset, men måndag gjekk det over sine breidder, og også over Fuglestadvegen. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

Elin Valle og mannen har fått beskjed om oversvømminga, og om at dei har fått vatn i kjellaren. Derfor tok Elin eit tidlegare tog enn vanleg heim frå jobb, og då Jærbladet treff på henne litt over klokka 12 – ventande i starten av innkøyrsla – er mannen på veg for å køyra henne den siste biten inn til huset. Det er heilt umogeleg å koma seg tørrskodd dit.

– Det var heilt greitt i dag morges, då eg reiste på jobb. Dette hadde eg ikkje venta, fortel Elin.

Bjårvatnet renn ut til havet under fylkesveg 44, og deretter gjennom Rennå, som går på langs nordover bak sanddynene. Også den delen av Brusand som ligg på sjøsida av fylkesvegen, er sterkt prega av flaumen. Heile området ser mest ut som ein stor, samanhengande innsjø tidleg måndag ettermiddag. Vegen inn til Ogna Camping, som ligg lengst sør på Brusanden, er sperra av store vannmasser som går over vegen.

Også på sjøsida av fylkesveg 44 er Brusand sterkt prega av oversvømminga måndag. Innkøyrsla til Ogna Camping er full av vatn, og heile området mellom fylkesvegen og sanddynene ser ut som ein einaste stor innsjø.
Også på sjøsida av fylkesveg 44 er Brusand sterkt prega av oversvømminga måndag. Innkøyrsla til Ogna Camping er full av vatn, og heile området mellom fylkesvegen og sanddynene ser ut som ein einaste stor innsjø. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

Hå har varsla Bane Nor

Leiar for teknisk drift i Hå kommune, Hermund Haugland, fortel måndag føremiddag til Jærbladet at dei har ein travel dag, med mange innspel – utan at det er all verda dei får gjort.

– Den største saka er kanskje at vasstanden i Bjårvatnet på Brusand er svært høg, og at det er vatn i det området som begynner å nærma seg toglinja. Me har varsla Bane Nor om dette, og dei må ta vurderingane som gjeld togtrafikken, men det er ikkje noko meir me får gjort per no enn å varsla, seier Haugland.

Bjårvatnet har krope tett på jernbanelinja på Brusand. Hå kommune har varsla Bane Nor, men elles er det ikkje så mykje dei kan gjera.
Bjårvatnet har krope tett på jernbanelinja på Brusand. Hå kommune har varsla Bane Nor, men elles er det ikkje så mykje dei kan gjera. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

Då Jærbladet ringde han ved 11-tida, hadde kommunen begynt å få varsel om oversvømte vegar fleire stader, mellom anna på Hølland ved Ogna og Møllevegen på Nærbø. Ved Haugstadvegen på Vigrestad var gang- og sykkelvegen oversvømt.

Slik såg det ut på sjøsida av fylkesveg 44 på Brusand tidleg måndag ettermiddag. Rennå klarer ikkje å ta unna alt vatnet som kjem frå eit overfylt Bjårvatn.
Slik såg det ut på sjøsida av fylkesveg 44 på Brusand tidleg måndag ettermiddag. Rennå klarer ikkje å ta unna alt vatnet som kjem frå eit overfylt Bjårvatn. Foto: Foto: Åge Bjørnevik