– Eg kom køyrande heim frå arbeid, og såg ein del bilar som stod på rasteplassen på Hårr, seier Widar Fuglestad.
Nysgjerrige skal der ha stoppa for å betrakte skipet, som torsdag passerer hamnene på Jæren.
– Det var ein fin båt, og såg ut som eit vikingskip. Det var litt kult å sjå det segle forbi, seier Fuglestad, som også tok opp mobiltelefonen for å sikre seg både bilde og video av det spesielle synet.
Draken Harald Hårfagre
På tidspunktet visste ikkje Fuglestad kva skip det var.
Etter ein sjekk på Marine Traffic, er det likevel liten tvil om kva båt det er snakk om:
Det er Draken Harald Hårfagre som er ute på segltur.
Tysdag rapporterte NRK at skipet skulle legge til kai i Arendal. No ser det ut til å segle i retning heimehamna i Skudeneshavn på Karmøy.
Onsdag går det fram av ei pressemelding at Draken Harald Hårfagre har vendt heim til Rogaland etter eit besøk i Oslo.
Skipet kjem til Sandnes rundt kl. 17.00 fredag. Søndag 23. august blir publikum inviterte om bord.
Ein brasiliansk influensar, Carolina Rizotto, er med om bord. Ho skal òg til Bryne og få omvising på Bryne stadion.
Rizotto, som har hundretusenvis av følgjarar på Instagram, utfordra Haaland til å kommentere ein av videoane hennar – og Haaland svarte.
Dermed bestemte ho seg for å reise til Noreg for å besøkje heimbyen til Haaland.
The Odyssey
34 meter lange Draken Harald Hårfagre blei bygga i Haugesund og sjøsett i 2012, på initiativ frå entreprenøren Sigurd Aase.
Skipet skal ha blitt bygga for å representere fortida, inspirert av vikingtida, sjøfart og handverket. Like fullt var også målet å forstå kva slike fartøy var i stand til å gjere, kva dei kravde av folk og kva dei kan lære oss i dag.
Ifølge NRK blir det rekna som verdas største vikingskip i moderne drift.
I 2016 kryssa skipet Nord-Atlanteren, noko som skal ha vore ein milepæl for skipet.
I år er skipet aktuelt gjennom si rolle i Christopher Nolans storfilm The Odyssey, som er basert på Homers dikt Odysseen.
I filmen medverkar blant anna filmstjerner som Matt Damon, Zendaya, Tom Holland, Anne Hathaway og Robert Pattinson.