Frøyland og Orstad kyrkje opnar dørene etter den tragiske dødsulukka på Frøyland onsdag.
Frøyland og Orstad kyrkje opnar dørene etter den tragiske dødsulukka på Frøyland onsdag. Foto: Trine Selvikvåg (arkiv)

Onsdag døydde ein seks år gammal gutt etter å ha blitt påkøyrt på Frøyland.

I samband med dette opnar Frøyland og Orstad kyrkje dørene mellom 18:00 og 20:00 torsdag kveld.

– Det blir mogleg å tenna lys, vera saman og snakka med nokon, seier sokneprest Morgan Fjelde.

Kyrkja kjem til å legga fram leiker og teiknesaker til barn.

Representantar frå kyrkja og kommunen sitt kriseteam vil vera til stades.