Kleppevarden ligg i inn- og utflygingstraseen til Stavanger lufthamn Sola, i ei forbodssone mot bruk av dronar.
Her møtte politiet ein mann i 40-åra, som innrømte at han hadde floge drone i strid med forbodet.
Politiet har inndratt dronen og oppretta sak.
Dronen skal ha vore registrert i ei høgd på 477 meter. Særlege reglar gjeld når dronen flyg høgare enn 120 meter.
– Eit rutefly måtta endra planlagt retning for avgang. Gunstige vindforhold gjorde dette mogleg denne gongen, opplyser operasjonsleiar Steinar Knudsen.