I staden for å kalla opp gatene etter vilkårlege fugleartar, føreslo lokalpolitikarane Kjetil Eide og Frode Hagerup jr. å nytta høvet til å heidra markante personar frå heimbygda.
I januar fekk forslaget deira støtte frå sju av ni representantar i utval for lokal utvikling, der Kjetil Eide er varamedlem.
På Facebook-sida til Kvernaland har vedtaket fått fleire positive kommentarar og nesten 50 likes.
– Slik burde me gjera meir av, sa Høgre-representantane til Jærbladet i etterkant av utvalsmøtet.
Ikkje alle på Kvernaland er samde i det. Ein brevsendar skriv til kultursjefen at dei er mange i bygda som reagerer kraftig.
Inn frå sidelinja
I forkant av møtet i lokal utvikling delte Høgre-medlemmane grunngjevinga for forslaget sitt med alle partigruppene.
Anders Undheim (KrF) var éin av dei som stemte mot forslaget, og stemte for framlegget som hadde vore ute på høyring.
– Me fekk dei nye forslaget seint kvelden før møtet. Det var gode forslag, og eg har ingen ting imot namna som vart vedtekne. Men når saka hadde vore ute på høyring, og me hadde gode framlegg frå administrasjonen etter den runden, syntest eg det var meir rett å stemma for dei enn for eit forslag som kom inn politisk frå sidelinja rett før saka skulle avgjerast, sa han den gongen.
Undheim sa vidare at det er fint med engasjement rundt nye gatenamn. Kvar gong ei gate skal ha namn, blir saka sendt ut på høyring for å få innspel frå lokalmiljøet før eit vedtak skal fattast.
– Det er der dei gode innspela bør koma, og det er fritt fram for alle å engasjera seg. Å ha gater kalla opp etter personar, samstundes som skilta seier litt om kven personen er, bidreg til viktig historiekunnskap og til at me hugsar, minte han om.
Reagerer på «kupp»
Jærbladet har snakka med brevsendaren, som er kjent med at avisa omtaler hans «hjartesukk».
Han skriv:
Korleis er det mogleg å banka gjennom eit benkeforslag på nye gatenamn når dei namna som var tenkt å brukast, måtte ut på høyring. Me er mange her i bygda som reagerer kraftig på dette. Når personar som folk i bygda knapt nok veit kven er, «kuppar» avstemminga med å kasta fram nye namn, og får sjølvsagt med sine partifellar, så burde namna vore ute til høyring dei òg.
Kultursjefen ønsker annan prosess
Brevskrivaren er samd i at det er ein god ting å kalla opp gater etter lokale personar.
Han håper kommunen kan ta tak i namnesaka, slik at folk i bygda framover kan få vera med og bestemma kven dei vil heidra med gatenamn.
Kultursjef Trond Lie har skrive tilbake, og takka for både hjartesukk og innspel til namn som kan vera aktuelle.
– Når det gjeld hjartesukket, er dette retta mot politikarane i utval for lokal utvikling, så eg skal avstå frå å meina noko om dette. Men generelt ønsker me å gjera aktuelle namnealternativ kjent gjennom høyringar og saksdokumenta, slik at alle kan sjå dei og få meina noko om dei før vedtak blir fatta.
– Likevel er det til slutt det politiske utvalet som skal gjera vedtak, og då kan det somme tider i saker som dette så vel som i andre saker, vera slik at politikarane til slutt landar på eit noko annleis vedtak enn det som har vore til høyring og/eller er spelt inn i høyringsprosessen.