– Nå er det valkamp. Eg er eigentleg litt skuffa over at dette temaet ikkje har vore høgt oppe, sa Andreas Bjorland under eit møte i formannskapet i Hå tysdag.
Hå-ordføraren sikta til at dobbeltsporet på Jærbanen, ein av Noregs mest trafikkerte jernbanestrekningar med heile 5,8 millionar reisande i fjor, stadig vert skyvd lenger ut i tid.
14 milliardar kroner
Planane om eit dobbeltspor på Jærbanen mellom Sandnes og Nærbø, på sikt vidare ned til Egersund, har eigentleg versert heilt sidan dobbeltsporet mellom Stavanger og Sandnes stod klart i 2009.
Dobbeltsporet skal sørga for avgangar kvart kvarter, på sikt kanskje kvart tiande minutt. Det skal òg korta ned reisetida og gjera det lettare å halda ruta.
Vidare vil dobbeltsporet utvida kapasiteten til å frakta gods på bane mellom Oslo og godsterminalen på Ganddal. I dag er kapasiteten sprengt.
Planleggingsarbeidet har tidvis gått trått, og hadde nok stagnert heilt om det ikkje hadde vore for eit lokalt initiativ, der kommunane langs linja, saman med fylkeskommunen, tok på seg delar av rekninga for å laga ein områdeplan.
Planen, som legg opp til ei utbygging av dobbeltsporet i dagens trasé, er venta å komma opp til siste gongs behandling i dei ulike kommunane i løpet av hausten.
Problemet er berre at det ikkje finst pengar til å bygga dobbeltsporet.
Det 22 kilometer lange dobbeltsporet er venta å kosta rundt 14 milliardar kroner.
Ikkje på prioriteringslista
Stortingspolitikarane har ikkje lagt det inn i Nasjonal Transportplan (NTP), som er den langsiktige planen for offentleg pengebruk på infrastrukturprosjekt i Noreg.
Dagens transportplan gjeld i utgangspunktet fram til 2036, men arbeidet med å laga ein ny, som skal tre i kraft frå 2029 er allereie i ferd med å starta opp.
Næringsforeningen i Stavanger-området har, saman med fylkeskommunen og dei ulike kommunane langs sporet, sett i gang eit samarbeid for å sørga for at dobbeltsporet, eller i det minste detaljreguleringa som skal ligga til grunn for det, inn på den statlege prioriteringslista.
Modellen som ligg til grunn, er påverknadsarbeidet som vart nytta for å få fart på utbygginga av ny E39 sørover frå Sandnes.
Tysdag diskuterte formannskapet i Hå vegen framover for dobbeltsporet.
– Hadde Jærbanen vore på Austlandet, hadde det vore dobbeltspor på han nå, slo ordførar Andreas Bjorland fast.
Ifølge ordføraren er Jærbanen den enkeltspora linja som har mest trafikk i heile Europa.
– Det er nesten like mange som reiser med Jærbanen som reiser med Flytoget. Det seier litt om mengdene, sa han.
Jærbanen er i dag ein av dei fem mest trafikkerte jernbanestrekningane i landet. I fjor var det 5,8 millionar passasjer som tok toget her. Dette talet er venta å veksa ytterlegare.
Bjorland spådde at på eitt tidspunkt vil det verta så trongt om plassen på Jærbanen at mange vil kvi seg for å velja toget.
– Skal me få fleire til å velja tog heller enn bil, er Jærbanen viktig, sa Bjorland.
Lagar rapportar til lobbyistar
For at dei sentrale styresmaktene skal få auga opp for Jærbanen, meinte ordføraren, må dei få klar beskjed om samfunnsnytta av prosjektet. Utfordringa er at slike reknestykke ofte kjem fram til at samfunnsnytta er lågare ved bygging av jernbane enn veg.
Dermed må arbeidsgruppa driva ein del lobbyverksemd opp mot styresmaktene i Oslo. Då treng dei argument å slå i bordet med.
Eit lokalt døme som ordføraren brukte, er områda i stasjonsbyane som i dag er bandlagde medan ein ventar på ei realisering av dobbeltsporet.
– Desse vert frigjort, sa han.
Næringsforeningen vil hyra inn eit firma til å rekna på samfunnsnytta og skriva rapportar, slik at det vert lett å visa dei som bestemmer kor stor nytta av dobbeltsporet vil vera i Rogaland.
Tysdag vedtok eit samrøystes formannskap i Hå at dei er villige til å bidra med ressursar til dette arbeidet.
Før han stemte, bad varaordførar Svein Arve Nygård (Frp) om ei viktig avklaring.
– Ressursar betyr oftast pengar. Er dette noko som skal inn i budsjettet? lurte han.
Ordføraren svarte at det totalt vil vera snakk om seks-sju hundre tusen kroner, fordelt på kommunane langs banen.
– Det er ikkje dei store beløpa, sa Bjorland.
Ordføraren viste til at kommunane og fylkeskommunen gjekk inn med pengar til å laga områdeplanen som snart er klar for endeleg vedtak.
– I samband med dette har me fått lovnader. Nå skal me driva lobby, og så er det staten som må inn med dei store pengane, sa Bjorland.
– Har ein jobb å gjera
Gunn Dalen Håland (H) slo fast at det ikkje går an å berre lena seg tilbake og tru at dobbeltsporet kjem av seg sjølv.
– Eg er usikker på om dette har vore nemnt i valkampen i det heile, så her har me ein jobb å gjera nokon kvar, sa ho.
Høgre-politikaren var ikkje i tvil om at utbygginga vil løysa mange flokar på Jæren, anten det er snakk om overfylte tog, press på eit allereie overbelasta vegnett eller klimautslepp.
– Skal me ha vekst, anten det er bustadar eller næring, er det kjempeviktig at me har eit kollektivtilbod der folk kan komma til og frå, sa Håland.
Same sak skal opp i alle kommunane langs banen, i tillegg til fylkeskommunen.
I Klepp har dei allereie gått for same innstilling som dei gjorde i Hå tysdag; at dei, saman med andre aktørar på Jæren, skal vera ein aktiv pådrivar for at investeringar i dobbeltspor på Jærbanen vert prioritert.
Næringsforeningen
Jonas Skrettingland er kommunestyrepolitikar og tidlegare ordførar for KrF i Hå. I denne saka uttalar han seg som tilsett i Næringsforeningen i Stavanger-regionen.
Heller ikkje Skrettingland synest han har høyrt nok om dobbeltspor på Jærbanen i løpet av valkampen.
– Me har prøvd å trekka det litt fram, og har blant anna utfordra alle listekandidatane på dette i magasinet vårt, Rosenkilden, seier Skrettingland.
Torsdag kveld arrangerer Næringsforeningen i Stavanger-regionen, saman med dei ulike næringsforeiningane på Jæren, gratis valmøte i Hvelvet på Bryne. Temaet er næringspolitikk på Jæren. Her vert dobbeltsporet eitt av fire hovudtema.
– Eg trur dette er eit emne som engasjerer listetoppane våre når dei vert utfordra på det, seier Skrettingland.
Han trur litt av forklaringa på at temaet ikkje har vore høgare oppe i debatten, er at prosessen er så langt.
– Dette er ikkje noko det går an å fiksa i løpet av ein stortingsperiode, seier han.
Mål nummer ein nå, er å få detaljplanlegginga inn i neste NTP.
– Me veit at det arbeidet antakeleg startar opp så fort me passerer nyttår. Me vil vera ute i god tid, seier Skrettingland.
– Samfunnsnyttig
I samband med utbygginga av ny, firefelts E39 mellom Stavanger og Kristiansand, utarbeida Næringsforeningen i Stavanger-regionen ein samfunnsanalyse som viste samfunnsnytten av prosjektet. Tanken er å gjera noko tilsvarande for dobbeltsporet.
– Bane Nor har allereie gjort noko, men me tenker perspektivet deira er litt smalt. Me vil gjerne utvida det litt for å visa kor nyttig dobbeltsporet er for heile samfunnsutviklinga, seier Skrettingland.
– Kvifor er dobbeltsporet så viktig?
– Skal me oppnå nullvekstmålet for Nord-Jæren, treng me dobbeltsporet på Jærbanen. Me klarar ikkje løysa det på andre måtar.
Skrettingland legg til at utbygging av dobbeltsporet vil vera viktig for jordvernet.
– Det er klart det vil gå litt jord med til dobbeltsporet, men det vil vera mykje mindre enn det som elles vil måtta gå til vegar om me ikkje bygg dobbeltsporet, seier han.
Regionalplan for Jæren og Søre Ryfylke, som peikar retning for den lokale samfunnsutviklinga, seier at befolkninga skal bu langs kollektivaksane og bu tett.
– Då er Jærbanen heilt nødvendig, seier Skrettingland.
Han legg til at jærbuen bur og jobbar ulike plassar på Jæren.
– Då er det fantastisk å ha ein velfungerande jernbane som bind oss saman. Det langsiktige målet er å bruka Jærbanen til å binda i hop Dalane og Jæren med Stavanger og Egersund i kvar sin ende, seier Skrettingland.