Anne-Lise Frøland (32) les frå debutromanen «Tynne rivner av lys».
Anne-Lise Frøland (32) les frå debutromanen «Tynne rivner av lys». Foto: Snorre Standish Norheim

Jorddøgn er den årlege jærske litteraturfestivalen som feirar bonden og jorda. Men korleis er det eigentleg å vera bonde – og kva gjer det med helsa?

«Eg ser du slide» var tittelen på forfattarsamtalen på Mellombels fredag kveld. Torvald Hadland, jorddøgnar og økobonde frå Time, meinte Anne-Lise Frøland nærmast hadde skrive eit bestillingsverk, utan at festivalen trong tinga det først.

På ein måte var det ganske tilfeldig at Frøland enda med å skriva om eit par ferske gardsdrivarar. 32-åringen frå Ålesund visste at hennar første roman skulle handla om korleis det er å vera nærmaste pårørande til nokon som slit.

Men studenten ved Forfatterstudiet i Bø brukte mykje tid å pønska ut ei realistisk, ytre ramme å setta karakterane sine inn i. Til slutt valde ho å henta inspirasjon frå landlege omgjevnader i Telemark.

Der fann ho eit univers som utset karakterarane Solveig og Vegard for harde påkjenningar, og endar med å dytta han utfor stupet.

– Når du skal skriva ei bok, må det vera realistisk. Ein gammal gard, med båsfjos og få kyr, er ei god og realistisk scene for at nokon får det tøft, meinte forfattaren.

Effektiv avromantisering

Ordstyrar Hadland kommenterte at Frøland skriv detaljert om mjølking, utan å arrestera henne for flaue og opplagde faktafeil. Dermed hadde ho greidd å skapa ein perfekt kulisse for dramaet sitt.

Forfattaren er ikkje frå gard sjølv, men er oppvaksen med ein far som var distriktsdyrlege i Møre og Romsdal. Av frykt for å bli avslørt av røynde og lesande bønder, drog ho til gards og arbeidde i fjóset før ho gjorde ferdig boka.

Førland innrømte at ho sjølv er blant dei som har sett opp automatisk Finn-søk på «småbruk», og forsøker aktivt å overtyda sambuaren. Men i arbeidet med romanen var det uttalte målet hennar ei fullstendig avromantisering av landbruket.

Frykta hennar var at historia om Vegard og Solveig berre vart noko romantisk kliss; ho ville skriva ein mørk roman, og røper tidleg at mannen i forholdet endar med å ta livet sitt.

Ordstyraren spurte korleis det kan ha seg at garden både blir brukt som ein stad der personar med psykiske lidingar drar for å koma til hektene, og der kommunane melder opp demente til Ut på tunet, samstundes som han kan driva bonden til grunne.

Frøland understreka at ho ikkje er psykolog, og kunne ikkje forklara kva som utløyser dei mentale vanskane til Vegard. Han verkar som ein person som lett får tankekøyr, og vart utsett for mykje stress og press då dei overtok garden.

– Eg trur det er så enkelt som å bli heilt overvelda, seier ho til slutt.

Fredag var det forfattarsamtalar med Anne-Lise Frøland og Kim Leine.
Fredag var det forfattarsamtalar med Anne-Lise Frøland og Kim Leine. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Gardens viktigaste ressurs

Ei anna på scena på Mellombels var Sunniva Veen frå Norsk Landbruksrådgiving og Bondens nettverk. Som HMS-rådgjevar jobbar ho ut frå forståinga bonden er gardens viktigaste ressurs.

– Viss bonden er sjuk, fungerer ikkje drifta, slik det kjem fram i boka.

Veen fekk spørsmålet om ho kjenner att historia frå romanen i sitt virke, og om det går an å hjelpa bønder som Vegard.

– Me kan hjelpa, men når nokon er i den tilstanden som Vegard er i, er det ikkje nok med ein HMS-rådgjevar. Då treng me tyngre fagfolk. Derfor treng me eit nettverk der me kan senda folk til rette plassen, svarte ho.

Hadland spurte om bønder vil ha hjelp, slik Vegard i romanen ikkje hadde opna for. Både ja og nei, svarte Veen, som var opptatt av bønder må søka hjelp før det verkeleg går gale, i staden for å skjula korleis stoda er.

Då Hadland spurte om ho kunne visa til statistikk om bøndene si psykiske helse i forhold til resten av befolkninga, svarte ho nei, men at det kjem i norsk og internasjonal forsking.

Fredagens kulturarrangement var, trass i det dystre temaet, av det lettare slaget. Det var meint for eit pubpublikum med noko i glaset, ikkje for ein førelesingssal full av akademikarar.

Oppmøtet var stort nok til at innleiaren måtte be publikum trekka framover for folk skulle få plass. Inger Størseth Haarr i arrangørkomiteen seier at Jorddøgn er blitt så etablert at folk kjem sjølv utan at dei må bruka mykje tid og krefter på å reklamera for festivalen.
Oppmøtet var stort nok til at innleiaren måtte be publikum trekka framover for folk skulle få plass. Inger Størseth Haarr i arrangørkomiteen seier at Jorddøgn er blitt så etablert at folk kjem sjølv utan at dei må bruka mykje tid og krefter på å reklamera for festivalen. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Risikofaktorar i fleng

– Økonomi, det er flaut, og då ventar du veldig lenge med å ta kontakt. Viss du har brann eller sjukdom på besetninga, er ikkje plent din eigen feil. Men med økonomi er det meir di eiga skuld, erfarte Veen.

Hadland supplerte risikofaktorane som vart identifiserte i samtalen – økonomi, framfor alt, men også ansvaret for dyra, og det at bønder kan få lite tid til å vera med dei rundt seg – med ei liste som kan få kven som helst til å mista nattesøvnen.

– Klimaendringar, til dømes: at det er meir tørke, nedbør og frost. Det er sjukdomar: skrapesjuke, blåtunge, pæresopp. Det er statlege direktiv, svingingar i produksjonstilskot og stadige dyrare innsatsfaktorar i forhold til innteninga, så du må ha meir og meir volum. Du må ha større einingar, leiga jord, slå saman gardar og driva samdrift. I tillegg vil kona til Syden, oppi alt dette.

– Det er ikkje så lett, avslutta han.

Ingen i publikum kunne merka det på framføringa, men lista stod i eit manus. Hadland hadde planlagt å vera personleg og fortalde om då han sjølv «gjekk på ein smell» under lemminga tidlegare i år.

– Då hadde eg ein samtale med deg, og det kan anbefalast. Sunniva er god å snakka med. Eg hugsar det første du sa då eg kom til deg: «Du ser betre ut enn Stoltenberg. Han forfell mykje raskare enn deg!» Hugsar du at du sa det?

Hadland var ein aktiv lyttar og stilte gode spørsmål, med nokre lengre refleksjonar undervegs. Han hadde fortalt om hasterhjul og jærske bønder som produserer meir og meir, før han etter kvart delte ei historie frå lemminga i vår. På bildet set han opp garden frå romanen «Tynne rivner av lys».
Hadland var ein aktiv lyttar og stilte gode spørsmål, med nokre lengre refleksjonar undervegs. Han hadde fortalt om hasterhjul og jærske bønder som produserer meir og meir, før han etter kvart delte ei historie frå lemminga i vår. På bildet set han opp garden frå romanen «Tynne rivner av lys». Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Bondens nettverk

Hadland fann fram ein koffert full av plastleiker, med bygningar og folk, for å illustrera kor mange som er innom den fiktive garden i Telemark.

Ifølge forfattaren hjelper Solveig mannen med å skjula korleis det står til på garden. Det er «Solli» som tar seg av dyra, og gjer at korkje dyrlegen, meieriet, slakteriet, Mattilsynet, eller helsevesenet, familie, eller det eine veneparet deira, oppdagar noko.

Mot slutten av arrangementet spør Hadland dei andre på scena, om ikkje det burde skipast eit Bondetilsyn, som ser etter bøndene.

Sunniva Veen svarte at ho trur ressursane allereie finst. Ho er éin av aktørane som er organiserte gjennom Bondens nettverk, som bonden eller andre kan kontakta dersom dei er bekymra for bondens situasjon eller helse.

Nettverket har som mål: «Ingen skal kontakte noen i nettverket med et problem uten å få hjelp.»

Veen vil bøndene skal seia i frå, og at dei som er innom garden, spør etter korleis det går.

Og så er ho opptatt av å gjera Bondens nettverk kjent for dei som kan få bruk for det. Mot slutten av arrangementet fortalde ho om éin av taktikkane for å nå fram til dei som treng det.

– Me veit at når bonden skal til doktoren for eigentleg å snakka om si psykiske helse, har han berre vondt i kneet når han har kome seg inn døra. Men viss denne plakaten heng på døra på legekontoret, så håper me at han ser det, og ringer oss seinare.