I kommunestyret 21. mars fortalde Reidar Håland frå Hå-lista at han har fått mange førespurnader frå innbyggarar på Nærbø om at det snart må gjerast noko med den gamle Underhaug-fabrikken.
– Ungar kikka ut knuste ruter
Fabrikken vart bygd i 1886, og vart blant anna brukt til å laga plogar, steinbukkar og potetsettemaskinar.
Men det er lenge sidan. I over tjue år har bygget forfalle.
– Eg køyrde ein tur i Nærbøgata, og vart veldig overraska då eg såg ungar som kikka ut av dei knuste vindauga, fortalde Håland.
I ein interpellasjon spurde han om det må skje ei ulukke før noko vert gjort.
– Det ligg mange straumleidningar som ikkje er sikra i bygget. Det er trist for dei som bur i nærområdet å sjå på dette, sa Håland.
Han slo fast at noko må gjerast, og spurde ordføraren om han kan ta kontakt med huseigaren for å få noko gjort og om det går an å sikra bygget.
Lite kommunen kan gjera
I svaret sitt, viste ordførar Andreas Bjorland (KrF) til eit møte i Utval for samfunn før jul. Der slo Merethe Elin Kvia (Hå-lista) fast at enkelte huseigarar, både på Nærbø og Varhaug, ikkje held ved like eigedommane sine og at dette går ut over kvaliteten på sentruma.
Kvia stilte eit generelt spørsmål om det går an å stilla krav til huseigarane. Kommunalsjef Jan Gunnar Mattingsdal svarte at det er lite handlingsrom til å tvinga eigarar til vedlikehald.
I januar-møtet i utvalet utdjupa forvaltningssjef Kenneth Hagen litt, og sa blant anna at kommunen har høve til å pålegga tiltak for å avverja skade eller vesentleg ulempe. Kommunen kan ikkje pålegga generelt vedlikehald.
Ifølge Hagen er dette ein relativt ny regel.
– Før var det høve til å gje pålegg der eit bygg i seg sjølv er skjemmande, sa han.
Ikkje verna
Det er Terje Haugseng som eig dette og fleire andre hus i same nabolag. Han kjøpte det gamle fabrikkbygget i 2019.
Bygget er ikkje verna. Kommunen har vurdert det, men til slutt sa fleirtalet i kommuneplanutvalet nei.
I 2018 vedtok Hå kommune ein sentrumsplan for Nærbø. Her vert området rundt Nærbøgata, der fabrikkbygget ligg, trekt fram som representativt for utviklinga av Nærbø frå 1800-talet og fram til i dag.
Planen legg fleire føringar for utviklinga av nabolaget, blant anna gjennom ein «estetisk rettleiar», som skal sikra den kulturhistoriske verdien.
I 2020 gjekk Haugseng ut i Stavanger Aftenblad og fortalde at han hadde planar om å setta i stand heile nabolaget, inkludert den gamle fabrikken, men berre dersom politikarane ville stilla seg heilt bak ei kravliste han hadde utarbeida.
– Det er alt eller ingenting, sa Haugseng til avisa for fire år sidan.
Førebels har det vorte mest av det siste for Underhaug-fabrikken, med mogleg unntak for fleire knuste ruter.
Helsa frå huseigaren
I kommunestyret sa ordførar Bjorland at kommunen ved tidlegare høve har vore på tilsyn ved den gamle fabrikken.
– På det tidspunktet såg me ikkje ein openberr fare for skade på personar, eigedom eller miljø, sa han.
Bjorland sa òg at han ville kontakta grunneigaren for å drøfta planane for området, og eventuelt be kommunedirektøren om å gjera ei ny synfaring.
I diskusjonen som følgde, oppmoda Gunn Dalen Håland (H) kommunestyret til å vera varsame med å ta opp saker direkte knytt til konkrete verksemder eller personar.
Ifølge Dalen Håland ordna huseigaren problemet så fort han fekk høyra at det skulle opp som tema i kommunestyre.
– Alt er på stell. Eg skal helsa kommunestyret og sei at det ikkje er grunn til uro, sa Dalen Håland.
Reidar Håland takka for informasjonen.
– Det var flott å høyra. Det var ei lukke. Då skjer det i alle fall noko. Det var ei lukke at eg tok det opp, sa han og smilte.
Sende e-post til politikarane
Eit par timar før møtet begynte, sende huseigar Haugseng ein e-post til gruppeleiarane i kommunestyret. I den fortalde han at han akkurat hadde fått høyra at bygget hans sto på sakslista.
«For at dere ikke skal ha noen bekymringer, slik sak fremstilles, har eg ordnet dette med det samme eg ble opplyst. Eg snakket med flere og forsto problemet og har ordnet dette umiddelbart», skreiv Haugseng.
I e-posten skriv han at straumleidningane er gamle leidningar nytta av den tidlegare transformatorstasjonen til Jæren Everk, og at ingen av dei er kopla på straum.
Haugseng skreiv òg at han har sikra bygget mot inntrengjarar: «Den ene dør hadde noen løsnet sperring og det har vært mulig å komme inn hvis du er ca. 40 kg og 1 meter høy. Nå er det stengt».
Huseigaren la til at etter det han veit, er det ingen som har komme til skade i bygget hans etter at han tok over som eigar.
Haugseng avslutta e-posten med eit par setningar om framtida til den gamle fabrikken: «Når det gjelder tidspunkt for å gjøre noe med bygning, snakk med dem som har vedtatt kommuneplan. Eg har sendt inn ønske om rehabilitering tidligere».
Jærbladet kontakta Haugseng for ein kommentar til denne saka, men han ville ikkje snakka med avisa.