Takk for svaret, ordførar Andreas Vollsund.
Eg set pris på at du tek debatten. Men etter å ha lese innlegget ditt, sit eg igjen med ei kjensle av at dei viktigaste spørsmåla blir skyvde i skuggen.
Du viser til at 25 av 27 representantar stemte for reguleringa på Undheim.
Det er eit faktum, men ikkje eit kvalitetsstempel.
Eit stort politisk fleirtal kan framleis ta dårlege avgjerder. Elles kunne me like gjerne avskaffa den offentlege debatten i det sekundet klubba fell i kommunestyresalen.
Du trekkjer også fram arbeidsplassane. Du viser til at Menon Economics anslår «minst 135 årsverk». Men her manglar noko viktig: Analysen er gjort på oppdrag frå Green Mountain sjølv, og dei 135 årsverka er eit estimat for den samla effekten i heile Noreg. Selskapet anslår rundt 100 direkte arbeidsplassar på Undheim.
Men så skriv du noko eg beit meg merke i: «Det er ikkje nok kraft til alle»
Nettopp.
Då kjøper eg heller ikkje argumentet om at krafta kan hamna på Austlandet eller i utlandet om me seier nei.
Når det ikkje er nok kraft til alle, kan det ikkje berre handla om kven som klarer å grabba leidningen først. Me må også diskutera kva krafta skal brukast på.
Du listar opp tre ting du vil kjempa for: Ein nasjonal plan, krav om utnytting av restvarme og eit kraftbidrag på 30 øre kWh
Du leverer jo sjølv tre gode argument for kvifor desse rammene burde vore på plass før me gav grønt lys.
På Undheim legg de til rette for 100 MW før den nasjonale planen du sjølv etterlyser er på plass. For å setja det litt i perspektiv: 100 MW er nok straum til rundt 40 til 50 000 hus. Dykk gjer det utan kraftbidraget som du sjølv ønskjer å innføra.
Og overskotsvarmen? Green Mountain seier dei ikkje har funne nokon som kan nytta han. Finn dei ingen, ja, då blir han rett og slett fyrt til kråkene.
Så medan du jobbar for framtidige krav om å utnytta restvarmen, kan kråkene på Undheim i det minste gleda seg over at nokon tenkjer på oppvarminga deira.
Og dei 263 millionane du viser til?
263 mill. høyrest sjølvsagt flott ut. Men det er eit reknestykke basert på eit kraftbidrag på 30 øre kWh som du ønskjer å innføra. Du skriv sjølv at eit datasenter på 100 MW ville generert 263 millionar kroner årleg med ei slik ordning. Av desse ville rundt 7,9 millionar gått til lokalsamfunnet.
Ordninga finst ikkje i dag. Kommunekassa i Time tek trass alt ikkje imot framtidige excel-ark.
Så er det talande kva du ikkje svarar på.
Eg stilte spørsmål ved det etiske og moralske rundt å leggja til rette for eit selskap eigd av israelske Azrieli Group, midt i dei enorme sivile lidingane me er vitne til.
Det svarar du ikkje på.
Eg veit at kontroll med utanlandsk eigarskap og nasjonal tryggleik i stor grad ligg hos staten. Men spørsmålet mitt var kva våre eigne lokalpolitikarar meiner.
Betyr etikk, moral og eigarskap noko når Time kommune legg til rette for store næringsetableringar, eller er dette ikkje kommunen sitt bord?
Framlegget mitt om ei rådgjevande folkeavstemming klarer du også å sturta stærta elegant forbi.
Viss politikken verkeleg skal vera for dei som bur her, kvifor ikkje spørja innbyggjarane kva dei meiner før me eventuelt går vidare på Kalberg?
Og til slutt står det same spørsmålet igjen: Kor går grensa?
Er 100 MW på Undheim nok? Er fleire hundre MW på Kalberg i tillegg greitt?
Kor mykje av krafta vår, matjorda vår og naturen vår skal me leggja på bordet før Time seier stopp?
Du slår sjølv fast at det ikkje er nok kraft til alle. Då fortener innbyggjarane å få vita kvar de meiner grensa går.
Eg forventar ikkje at me skal bli einige. Men når me snakkar om hundrevis av megawatt, matjord og avgjerder som kan prega Time i fleire tiår, fortener innbyggjarane å få vita kvar grensa går.
Om me nokon gong får vita det, står igjen å sjå.
Eg har sagt mitt. No får innbyggjarane avgjera om dei er like trygge på denne utviklinga som du er.
Arne Garborg skreiv ein gong:
«Skalet av alle ting kann ein få for pengar. Men ikkje kjernen»
Takk for debatten.