Stavanger 20230907. 
Politinspektør Unni Byberg Malmin under rettssaken mot mannen som er tiltalt for å ha drept 17 år gamle Birgitte Tengs i mai 1995.
Foto: Annika Byrde / NTB
Politiadvokat Unni Byberg Malmin i Sør-Vest politidistrikt seier politiet vil hindra Comanches i å etablera seg på Jæren. Foto: Annika Byrde, NTB (arkiv)

Politiet har ransaka eit næringslokale på Bryne etter mistanke om at det skulle brukast som tilhaldsstad for MC-klubben Comanches – ein klubb politiet meiner er ei vidareføring av den forbodne MC-klubben Satudarah.

I ei pressemelding send ut torsdag, opplyser politiet at tre menn er sikta for å vera med i eller rekruttera til ei forboden, kriminell samanslutning. Ein av dei er i 20-åra, dei to andre i 30-åra.

Lokal tilknyting

Politiadvokat Unni Byberg Malmin seier til Jærbladet at det verkar som om lokalet førebels ikkje har blitt tatt i bruk.

– Det framstår som om det har vore litt måling og tilpassing til å bli eit samlingslokal, men då me føretok ransakinga, var det ikkje noko som tyda på at lokalet var tatt i bruk, seier ho.

I samband med ransakinga beslagla politiet ei elektronisk eining. Politiet skal òg ha nytta høvet til å dokumentera lokala.

Det påståtte forsamlingslokalet ligg litt utanfor sentrumskjernen, men i eit tettbygd strok.

Ein eller fleire av dei tre sikta mennene skal vera frå Jæren. Alle tre skal ha lokal tilknyting.

Malmin ønsker ikkje å seia meir om dei sikta mennene og vil heller ikkje svara på om dei er kjende frå andre MC-klubbar.

Dei sikta er ikkje pågripne. Så langt har dei heller ikkje vore i avhøyr.

– Kriminell samanslutning

MC-klubben Satudarah blei kjend ulovleg hausten 2024. På spørsmål om kvifor politiet meiner Comanches er ei vidareføring av den nå forbodne klubben, svarar Malmin at politiet ser veldig mange likskapar mellom dei to klubbane.

– Både i symbol, medlemsmasse og andre ting, seier ho.

Malmin legg til at den påståtte forbindinga mellom dei to klubbane vil bli prøvd i ei sak som skal opp i Oslo tingrett i begynnelsen av juni.

Helga før 17. mai gjekk Oslo politidistrikt til aksjon under eit arrangement i Oslo. Her blei 27 personar pågripne og sikta for deltaking i ei kriminell samanslutning. Blant dei var ein tidlegare Satudarah-president.

Sju av dei sikta høyrer heime i Sør-Vest politidistrikt.

Ifølge Malmin kan ein eller fleire av desse sju knytast til saka på Jæren.

Ho seier den lokale etableringa allereie var under etterforsking då politiet gjekk til aksjon i Oslo førre helg.

– Nå hjelper me dei i deira sak, samtidig som det påverkar etterforskinga me har sett i gang her. I kjølvatnet av saka i Oslo ønsker me å gå ut og informera om at me etterforskar ei lokal avdeling. Bakgrunnen er at me ønsker å hindra at denne klubben etablerer seg, seier Malmin.

Her, på denne kroa i Oslo, blei 27 personar pågripne i samband med eit arrangement for Comanches MC. Ein eller fleire av dei pågripne kan, ifølge Sør-Vest politidistrikt, knytast til Jæren.
Her, på denne kroa i Oslo, blei 27 personar pågripne i samband med eit arrangement for Comanches MC. Ein eller fleire av dei pågripne kan, ifølge Sør-Vest politidistrikt, knytast til Jæren. Foto: Foto: Thomas Fure, NTB

Politiet vil hindra at MC-klubben skal få eit lokalt fotfeste.

Malmin seier det er ein grunn til at Høgsterett kjende Satudarah ulovleg.

– Me meiner Comanches er Satudarah i ny innpakking, seier Malmin.

Politiadvokaten seier Satudarah har vekka frykt i lokalmiljøet og drive med kriminalitet.

– Me ønsker ikkje at det skal bli vidareført her, seier Malmin.

Fryktar ikkje MC-krig

– Tre personar er sikta, men kor mange medlemmar trur politiet det er i denne lokale avdelinga?

– Det kan eg ikkje uttala meg om. Me er tidleg i etterforskinga og jobben med å avdekka og kartlegga kven som har tilknyting til klubben er ein del av den vidare etterforskinga.

I slutten av april blei ein mann skada i ein skyteepisode ved ein fotballbane på Økern i Oslo. Mannen viste seg å sjølv vera sikta etter ein skyteepisode i fjor sommar. Denne skyteepisoden skal ifølge NRK vera knyta til Comanches.

– Kan nokon av dei tre personane sikta i samband med den påståtte etableringa på Jæren knytast til andre saker som er under etterforsking?

– Eg ønsker ikkje å kommentera meir rundt dei personane som er sikta.

Malmin gjentar at siktinga handlar om etablering av eller rekruttering til ein MC-klubb.

– Er det nokon fare for offentlegheita her?

– Det er det ikkje grunnlag for å seia.

Malmin seier dei heller ikkje har grunn for å tru at det brygger opp til MC-krig, etter mønster frå konflikten mellom Hells Angels og Bandidos på 1990-talet.